Årsmøte i fotballgruppa

Postet av Førde IL - Fotball den 1. Feb 2024

Førde IL Fotball avholder årsmøte på Filhuset i Hafstadparken torsdag 29.februar.

Vanlige årsmøte saker.


Velkommen til dere alle



Akademi vinter 2023

Postet av Førde IL - Fotball den 19. Sep 2022

 Bilderesultat for logo Åsen & Øvrelid     Bilderesultat for førde il Logo     Bilderesultat for sparebanken sogn og fjordane logo

                                                                                                          Generalsponsor

Åsen & Øvrelid Fotballakademiet vinter 2023

Førde IL Fotball ønskjer velkomen til eit nytt Åsen & Øvrelid fotballakademi. Vi vonar mange spelarar meldar seg på til gode fotballøkter. Akademiet har aktivitet i tidsrommet uke 7 -16.

På akademiet får du: 1vs1, skåringstrening, pasningstrening, intensitet/tempo og masse spel.

Tilbodet er for gutar fødd i 2011 – 2014, og jenter fødd 2011 – 2014. 

Jenter kan velje å vere med gutane, eller vere i eigne jentergrupper. 

 

Tidspunkt for øktene:

Måndag og onsdag 15.30 – 1630: u11 og u12. (2011-2012).

Tysdag og torsdag 15.30 – 16.30: u9 og u10. (2013-2014).

Tysdag og torsdag 15.30 – 16.30: Jentegruppe (2011-2014)

Vi vil differensiere treningsgruppene på akademiet.

 

Pris pr deltaker er kr 2.300,- inkludert akademibekledning for alle deltakarar.

 

Påmelding til 

Bjørn Totland:  bjorn@forde-fotball.no innan 8.februar

Namn og årsmodell på utøvar, e-post og telefon til føresette samt storleik på gensar 140-152-164-xs osv.)

Det vil bli sendt ut en bekreftende e-post ved påmelding, med link til spond for treningsgruppene.

NB! Trenarar for akademiet i dette semesteret er spelarar fra våre a-lag damer og herrer.

 

Velkomen til dere alle



Bli kunde i Sparebanken Sogn og Fjordane

Postet av Førde IL - Fotball den 9. Mar 2021

Sparebanken Sogn og Fjordane er den største banken i Sogn og Fjordane med ein forvaltningskapital på 56,1 milliard kr og dei sysselset 250 årsverk. Marknadsandelen deira er på nesten femti prosent når det gjeld utlån til privatkundar, og også på bedriftsmarknaden og på eigedomsmekling har dei ein høg marknadsandel. Ein sterk regional sparebank er viktig for eit levande næringsliv. Å vere den fremste finansieringskjelda for næringslivet i Sogn og Fjordane, er eit av banken sitt viktigaste samfunnsoppdrag, og 6 av 10 aksjeselskap i deira kjerneområde er kundar i banken. Sparebanken Sogn og Fjordane er eit finanshus der du får alt på ein plass; sparing, lån, forsikring, investering og også eigedomsmekling.



Fotballåret 2020 - "Annleis sesongen"

Postet av Førde IL - Fotball den 30. Des 2020


FOTBALLÅRET 2020 – «ANNLEIS SESONGEN»

Fotballåret 2020 starta som alle andre fotballår med planlegging og oppstart av trening. Med revidert sportsplan på plass gjennomførte vi både spelarmøter og foreldremøter. 

KM Futsal Kvalifisering var som alltid første arrangement for klubben første helga i februar. I eit prikkfritt arrangement med god dugnadsinnsats var det mange lag frå klubben som kvalifiserte seg til sluttspelet på Sandane. Totalt sett etter finalehelga endte vi med 1 førsteplass, 2 andreplassar og 4 tredjeplassar. Strålande innsats av våre lag. 

Covid-19 stoppa all vidare aktivitet 12 mars, og alt vi hadde sett fram til måtte settast på vent. Vi fekk ein gradvis opning av dei forskjellige årskulla etter påske, og rundt 1 mai var alle i gang med «koronatrening».  Det vart opna for kontakttrening og treningskampar frå medio juni, og det vart klart at aldersbestemt opp til og med 19 år ville kunne gjennomføre haustsesong.  

Vi fekk og i gang trening for 6 åringane og 7-9 år med ein litt annleis kampkvardag. Mange dyktig trenare, lagleiare/foreldre har bidratt til at «annleis sesongen» vart ein god oppleving for alle. Tross restriksjonane kan vi seie at alle fekk eit godt tilbod i 2020. Mange flotte prestasjonar i løpet av hausten der fleire kjempa om KM tittel. Vi må elles også berømme alle våre dyktige klubb/rekrutt dommare som har gjort ein kjempeinnsats i 2020.

Dessverre vart det ingen sesong på våre seniorlag, men vi er imponert over korleis dei har opprettholdt motivasjon for å trene gjennom heile året. Dette fundamentet ser vi fram til at dei tar ut i ein forhåpentlegvis normalsesong i 2021.

Vi arrangerte som vanleg SSF Kongleriketurnering i september. Grunna Covid 19 blei turnering arrangert over to dager. God påmelding, og eit arrangement som hadde fokus på fotballaktivitet for dei minste ble flott gjennomført. 

Vårt «fyrtårn» når det gjeld turnering er Førde Cup Inne. Dessverre måtte vi i år avlyse denne turneringa, men vi skal komme sterkt tilbake i november 2021.

I løpet av 2020 har vi fått i gang både keeperprosjekt og dommerprosjekt. Med ressursar som Fredrik Hanssen og Bjørn Egil Sunde skal vi sikre at både våre keepere og dommare få gode utviklingsvilkår i åra som kjem.  

Det er mange som fortener ein ekstra honnør etter 2020 sesongen. 

  • Bjørn Totland – Trenar og spelaroppfølging i ein krevande sesong, og i tillegg til å bli far for fyrste gong. 😊 Ein enorm ressurs som gjev mykje av seg sjølv.
  • Terje Rognsø, Elias Larsen, Henrik Myklebust, Tor Ivar Vallestad mfl som har holdt motivasjonen   oppe i seniorgruppa.
  • Ole Bjørn Otternes – Fantastisk jobb med barnefotballen. God struktur på alle alderskull, og ikkje minst turnering og kampgjennomføring. 
  • Simo Koskinen og Olav Flatjord – Full kontroll på alt av utstyr. God struktur og godt samarbeid   med laga. 
  • «Pensjonistane» våre Odd Hagen og Anders Skreien med bidrar med mykje forskjellig i den         daglege drifta.
  • ALLE TRENARE/LAGLEIARE/FORESATTE/ALLE ANDRE som har bidratt på dugand eller           andre oppgåver. TAKK -  Vi er evig takknemleg for den jobben som er gjort i 2020.
  • ALLE våre fantastiske sponsora, og støttespelare. Saman kjem vi ut av Covid-19 styrka.

Jobben min som leiar i breiddeutvalg og Per Øyvind som dagleg leiar blir veldig mykje enklare når vi har så mange dyktig i og rundt klubben. «Annleis» sesongen 2020 har gitt meg trua på at vi er i ferd med å etablere eit styrka Førde IL Fotball.   Eg gledar meg til fortsettelsen, og ser fram til ein tilnærma normal fotballsesong i 2021.

 

                             Takk for innsatsen i 2020 – og Godt Nytt Fotballår.

                              Geir Vindheim                                                   Per Øyvind Storevik 

                  Leiar Breiddeutval Førde IL Fotball                       Dagleg Leiar Førde IL Fotball

 

                                                                        Hjerte (symbol) – Wikipedia




Medlemskontingent

Postet av Førde IL - Fotball den 22. Sep 2020

Førde Idrettslag har ennå penger utestående hva treningskontingent gjelder og har en mistanke om at noen av dere har en "sovende" e-postadresse. Fint om dere tar en tur innom min idrett og endrer hvis ny e-postadresse.