Julian Madsen (31) frå Bodø-Glimt til Førde IL Fotball!

Postet av Førde IL - Fotball den 25. Nov 2015

Julian Madsen (31) signerte tysdag kveld treårskontrakt som A-lagstrenar for Førde IL Fotball sitt 2. divisjonslag. Julian har siste åra vore spelarutviklar i tippeliga-klubben Bodø-Glimt, og har blant anna blitt kåra til "årets unge trenar" av Norges Fotballforbund. Vi ynskjer Julian hjarteleg velkommen til Førde og klubben frå januar 2016.

Bilde frå kontraktsigneringa 23.11.2015: Påtroppande hovudtrenar Julian Madsen flankert av (frå venstre) styremedlem Kjetil Bolsø og styreleiar Leif Arne Åsen i FIL Fotball.





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc