Klubbveke hos Sport1 Førde

Postet av Førde IL - Fotball den 21. Mar 2018

Velkommen til klubbveke hos Sport 1 Førde!


Vi vil gjerne invitere medlemmane til klubbveke hos oss frå 3. – 7. april.

Denne veka får alle som er medlem i Førde IL Fotball -20% på heile butikken* og -30% på alt frå Umbro.

(*Gjeld ikkje sportselektronikk og sykkel)


Vi håper så mange som mogeleg tar turen innom for ein hyggeleg handel!


Mvh
Øystein og Silje

Klubbansvarlege Sport 1 Førde


Medlemskort finn du ved å logge inn på minidrett.nif.no



Stina Hillersøy tatt ut til Talentleir J03 og J04.

Postet av Førde IL - Fotball den 8. Mar 2018

Fire jenter frå fylket er utteken til Talentleir i Sarpsborg 15.-18.mars, skriv NFF Sogn og Fjordane på sine nettsider.

Stina Hillersøy frå Førde IL Fotball er ein av dei fire.

Talentleiren er nest øverste nivå i spelarutviklingsmodellen Landslagsskulen i NFF. Samlingane skal gi spelarane preferansar og inspirasjon til vidare utvikling og vil danne grunnlag for framtidige uttak til aldersbestemte landslag.

Førde IL Fotball er gratulerer Stina og dei andre spelarane med uttaket og ønskjer lykke til på samlinga



Edvin Brattreit tatt ut til Talentleir G03 og G04

Postet av Førde IL - Fotball den 6. Mar 2018

Åtte gutar frå fylket er utteken til Talentleir i Sarpsborg 15.-18.mars, skriv NFF Sogn og Fjordane på sine nettsider.

Edvin Brattreit frå Førde IL Fotball er ein av dei åtte.

Talentleiren er nest øverste nivå i spelarutviklingsmodellen Landslagsskulen i NFF. Samlingane skal gi spelarane preferansar og inspirasjon til vidare utvikling og vil danne grunnlag for framtidige uttak til aldersbestemte landslag.

Førde IL Fotball er gratulerer Edvin og dei andre spelarane med uttaket og ønskjer lykke til på samlinga!



KM futsal tittel til J13 og J15

Postet av Førde IL - Fotball den 3. Mar 2018

Vi gratulerer Førde med siger i både J13 og J15 klassen i KM innandørs på Sandane. I J13 vart finalen mellom Førde og Stryn avgjort på straffesparkkonkuranse etter at det stod 0-0 etter ordinær tid og ekstraomgonger. I straffesparkkonkuransen fekk ikkje Stryn mål, og dermed kunne Førde juble over KM tittel. Det andre Førde laget vant bronsefinalen med 1-0 mot Kaupanger. I J15 finalen mellom Førde og Vik var Førde klart best og vant fortjent 3-0. Førde hadde også med lag i G13,G15 og G19 klassane, men disse rauk ut før semifinalane. 

Sundag 4 mars er det nye sjanser i J14, J16, J19, G14 og G16 klassane.