Storsiger for damelaget!

Postet av Førde IL - Fotball den 25. Mai 2018

Førde sitt damelag spelte i kveld mot Sogndal på Kvåle stadion. Der varta dei opp med ein aldri så liten målfest. Til pause stod det 0-4 til damene, resultatet til slutt vart 0-6. Målscorarar i kampen var Linda Saltskår Kalstad x2, Åshild Hartveit, Alise Takvam, Synne Søvik og Henriette Skogsøy Hansen. Damene står med tre sigrar og tre uavgjort så langt denne sesongen.

Heia Førde!!



GRATULERER MED DAGEN

Postet av Førde IL - Fotball den 17. Mai 2018

Førde IL Fotball ynskje alle ei fin 17.mai feiring. Under folkefesten i idrettshallen etter folketoget vil vår eigen Kristian Bell få utdelt Finn Friis Hafstad minnefond. Gratulerer til Kristian.



God dag for Førde laga i Hafstadparken

Postet av Førde IL - Fotball den 8. Mai 2018

Tysdag 8 mai vart det avvikla 3 kampar i Hafstadparken. Først ut var J13/14 der Førde 2 møtte Dale. I ein tett kamp der Dale leia 2-0, så snudde Førde jentene kampen og vant til slutt 3-2.  Deretter var kamp både på bane 1 og bane 2. På bane 1 var det eit tett og spennande lokaloppgjør mellom Førde 3 og Tambar i 6 divisjon.  Her enda kampen med poengdeling og 1-1.  Førde sitt mål blei skora av Andreas Rolland Vågseth. 

På bane 2 var det 1 divisjonsoppgjør Gut mellom Førde 2 og Jotun. Førde 2 tok føringa frå start, og var tidleg oppe i ein 1-0 leiing som stod til pause etter mål av Sander Vikum.   Tidleg i andre omgong auka Førde til 2-0 ved Andreas Kjæmpenes før Jotun reduserte. Men mål av Martin Sandal og Sander Vikum gav Førde ein fullt fortjent 4-1 seier.

Alt i alt ein flott kveld i Hafstadparken, og onsdag er det ny spennande kamp i Hafstadparken i 3 Divisjon damer mellom Førde og Høyang. Kampen går kl 1930, så det er berre å møte opp å heie på Førde.