Velkommen til 6 åringer 2021

Postet av Førde IL - Fotball den 16. Mar 2021

 

 





Velkommen som ny deltakar i Førde IL Barnefotball for årstrinnet f.2015

 

Barnefotballen i Førde IL er eit tilbod til born i alderen 6-12 år. Her får ein moglegheit til å være med vener å ha det moro saman på fotballbana. Barnefotballen er bornas første møte med organisert fotball og skal være mest leik og moro, men også litt øving J. 

 

I barnefotballen som i dei andre alderstrinna i Førde IL Fotball er sjølvsagt alle velkomne.  Her bygger vi godt venskap (kanskje for heile livet) og får smake på fotball med enkle øvingar samt spel. Alle som er med skal få spele like mykje og lære å tape og vinne med same sinn.

6-7 år spelar 3ar fotball med vant/i ei oppsett bane.

8-9 år spelar med 5 på bana samstundes, (1 keeper + 4 utespelarar), og ynskjer i denne aldersgruppa at det skal være reine gutelag og jentelag.

Dei eldste i barnefotballen (10 -12 åringar) spelar 7`ar samt 9`ar fotball.

 

Trening Hafstadparken:

 


Treningstid 3ar Bane Hafstadparken fra veke 18/19


MandagTirsdagOnsdagTorsdag
17.00-18.00G7 FlateneG6/Flatene/SundeG7 SundeG7 F.Bsk
18.00-19.00J7 Flatene/J7F.Bsk/SlåttenG6 Slåtten/F.BskFørde J6G7Slåtten

Oppstart veke 34(23.-29.aug.)

 Førde IL Fotball


0 Kommentar

Bli kunde i Sparebanken Sogn og Fjordane

Postet av Førde IL - Fotball den 9. Mar 2021

Sparebanken Sogn og Fjordane er den største banken i Sogn og Fjordane med ein forvaltningskapital på 56,1 milliard kr og dei sysselset 250 årsverk. Marknadsandelen deira er på nesten femti prosent når det gjeld utlån til privatkundar, og også på bedriftsmarknaden og på eigedomsmekling har dei ein høg marknadsandel. Ein sterk regional sparebank er viktig for eit levande næringsliv. Å vere den fremste finansieringskjelda for næringslivet i Sogn og Fjordane, er eit av banken sitt viktigaste samfunnsoppdrag, og 6 av 10 aksjeselskap i deira kjerneområde er kundar i banken. Sparebanken Sogn og Fjordane er eit finanshus der du får alt på ein plass; sparing, lån, forsikring, investering og også eigedomsmekling.


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline