Åsen & Øvrelid Fotballakademi vinter 2021

Postet av Førde IL - Fotball den 14. Sep 2021

 Bilderesultat for logo Åsen & Øvrelid     Bilderesultat for førde il Logo     Bilderesultat for sparebanken sogn og fjordane logo

                                                                                                          Generalsponsor

Åsen & Øvrelid Fotballakademiet hausten 2021

Førde IL Fotball fortsett med Åsen & Øvrelid Fotballakademiet! Eit steg vidare – med fokus på meistring. 

Fotballakademiet er laga for deg som vil trene meir. Øving og masse god terping mot ulik motstand og i ulike spelformer er bra for å få god utvikling. Vi vil ha fokus på at alle skal tore med ball, og det å ha ball og ta på press er eit viktig tema for akademiet vårt. I tillegg; fokus på å bli ein god første forsvarar, med rask forflytning og aggressivitet.

Tilbodet er for gutar og jenter fødd i 2009 - 2012. Oppstart i haustferien der det blir trening på dagtid og avslutning 2. desember. I haustferien blir det økter på dagtid, 1 eller 2 dagar. (kjem info om dette). Der er ikkje eigne jentegrupper, men jentene trenar saman med gutane.

Cupdeltaking for deltakarane: Vi vil fortsette å prøve å få til akademiturneringar mot andre akademi. Når det er klart blir de sendt ut eiga påmelding for dette.

Tidspunkt for øktene:

Måndag og onsdag 1500 – 1615: u9 og u12. 

Tysdag og torsdag 1500 – 1615: u10 og u11. 

Pris pr deltaker er kr.2300,- inkludert Umbro akademigensar for alle deltakarar

Ønskjer du å delta på Åsen & Øvrelid Fotballakademiet så meld deg på til:

Bjørn Totland:  bjorn@forde-fotball.no 

Frist for påmelding er søndag 3. oktober.

I påmeldinga treng vi fylgjande  kontaktinfo:

Namn og årsmodell på utøvar, e-post og telefon til føresette samt storleik på gensar 140-152-164-xs osv.)

Det vil bli sendt ut en bekreftende e-post ved påmelding.

Velkomen til lærerike økter

Bjørn Totland

Spelarutviklar og Trenarveiledar 

Førde IL Fotball



0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline