Trenarkurs: Grasrottrenar 1

Postet av Førde IL - Fotball den 28. Feb 2018

Kurset inneheld både er ein teoretisk del og ein praktisk del. Den teoretiske delen vil vera frå 17.00-18.15, etterfølgt av ein praktisk del frå 18.30-ca. 21.00 begge dagar. Frå og med i år har forbundet laga e-læring til trenarkurset. Dei som melder seg på må ta e-kurset på førehand. Dette er for å redusere tal timar kurset tek for deltakaren.

NFF Grasrottreneren – lisensutdanningen er trinn 1 av 4 i NFFs trenerutdanningsstige. Primærmålgruppa er trenarar i barne- og ungdomsfotballen, samt alle som har som ambisjon å verke som trenar i spelarutviklingssegmentet og i vaksenfotballen.
Les meir om NFF Grasrottrenar her.


Det er svært viktig at både hovudtrenarar og assistenttrenarar kursar seg. Prioriter kurs framføre lagstreningar. Hovudtrenarar for kvart lag må ta ekstra ansvar for å få med sine assistenttrenarar på kurset. Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med Bjørn Totland.


Når: 13. og 16. mars.
Tidspunkt: 17-21 begge dagar.
Kvar: Hafstadparken.
Deltakarar: Alle Førdetrenarar i barne- og ungdomsfotballen som ikkje har dette kurset (tidlegare c-kurs del 1).

Kurset er gratis.


Trykk her for informasjon om påmelding.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.