Åsen & Øvrelid FotballAkademi

Åsen & Øvrelid FotballAkademi er ei breiddesatsing frå Førde IL Fotball og eit tilbod til born og unge i alderen 10-15 år. Akademiet skal bidra til at fleire vil halde på med fotball over lengre tid.

Akademiet er bygd på tre pilarar:

Fotballferdigheiter: Fokus på ferdigheiter vil innebere at vi øver på dei grunnleggjande fotballferdigheitene. Den relasjonelle dimensjonen av fotballspelet blir også vektlagt, og vi vil spele noko meir.

Kunnskap: Fokuset vil vere på at vi før, under og etter øktene vil snakke med utøvarane om viktige forhold, som kosthald, kvile, skule osv.

Haldningar: Fokus er å lære idrettens verdiar; idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegheit. I tillegg har vi fokus på normal folkeskikk. Difor skal alle utøvarar gje beskjed når dei ikkje kan kome, og vi utestenger utøvarar for kortare eller lengre periodar ved brot på dette punktet. Til dømes skal ein møte på alle økter dersom det ikkje er avtalt om noko anna. Utøvaren skal også møte tidsnok, og oppføre seg skikkelig. Fråvér meldast hovudinstruktør på kvar gruppe. Kontaktinformasjon til hovudinstruktørar blir gitt når Akademiet startar opp.

Førde-Akademiet har hovudsakleg sesong i perioden november-mars.