Klubbhandbok - Førde IL Fotball

Klubbhandbok Førde IL Fotball.pdf


1.0 Klubbens visjon, mål og verdigrunnlag

 

1.1 Visjon

NFF sin visjon er «fotballglede, mogelegheiter og utfordringar for alle!».

Førde IL Fotball sin visjon er: “Førde IL Fotball - Utvikling for alle!”

Vi tenkjer at NFF sin visjon og Førde IL fotball sin visjon heng saman. Ved å leggje til rette for fotballglede, moglegheiter og utfordringar til alle, vil vi få utvikling for alle.

Vi er opptekne av at alle i Førde IL Fotball skal utvikle seg positivt. Førde IL Fotball set premissane for styrt utvikling av alt som skjer i klubben. Det sikrar oss langsiktigheit, vi er uavhengige og forutsigbare på kva som vil skje. Vi skal jobbe for å utvikle eigne trenarar og leiarar, og på den måten skape kultur- og kontinuitetsberarar i klubben. Gjennom vår måte å spele på, og ikkje minst oppføre oss på, skal vi skape gode og trygge rammer for å utvikle oss over tid. Ved å gje rom for engasjement og utvikling for alle aldersgrupper, skal dette gje optimale utviklingssjansar for alle gjennom heile livet.

Aktivitetane i klubben er forankra i sportsplan og/eller i Klubbhandboka i Førde Fotball.

Vi vil arbeide for at visjonen vert ein levande visjon i Førde IL Fotball.

 

1.2 Mål

Førde IL fotball har som mål:

  • å stå for sunne haldningar etter Fair Play-prinsippet.
  • å gje eit godt tilbod til barn og unge tilpassa den enkelte sitt nivå.
  • å gje eit godt tilbod om breiddefotball
  • å vere eit stabilt 2. divisjonslag på herresida, med stort innslag av lokale spelarar
  • å kunne etablere eit team rundt damelaget

 

1.3 Verdigrunnlag

Vårt verdigrunnlag er basert på NFF sine verdiar; fotballglede, mogelegheiter og utfordringar for alle. I tillegg har Førde IL Fotball følgjande grunnverdiar:

Lukkast saman, best saman, vere inkluderande og ta vare på kvarandre.

I fotball handlar det om å score mål, vinne kamper og kåre vinnarar. Like viktig er det at fotballen skal vere ein arena for formidling av verdiar og haldningar.

Vi skal bidra til at barn og ungdom får ein god og trygg oppvekst. Fotballen sitt verdigrunnlag skal vere sentralt og levande, og fungere som verktøy i kvardagen.

 

1.4 Fair-Play

Fair play Fair Play handlar om korleis vi oppfører oss mot kvarandre. Dette gjeld både på og utanfor bana. I Førde IL fotball skal alle vise gjensidig respekt og tillit til kvarandre. Det verdigrunnlaget vi har vedteke, skal visast att gjennom alle handlingar vi gjer. Dette gjeld om du er spelar, trenar, lagleiar, sit i styret eller er med som foreldre eller støtteperson.

 

1.4.1 Fair Play-helsing

Før og etter alle fotballkampar skal det gjennomførast Fair Play-helsing. Fair Play-helsinga er eit uttrykk for gjensidig respekt.

 

1.4.2 Fair Play haldningskontrakt

Alle spelarar, trenarar og lagleiarar i Førde IL fotball, skal skrive under på ein Fair Play haldningskontrakt. Haldningskontrakta skal vere med på å skape ei bevisstgjering kring Fair Play. Lagleiarar og trenarar har ansvar for at spelarar på sine respektive lag skriv under på denne kontrakten i forkant av sesongen. Det oppmodast om å nytte første trening til å gjennomgå Fair Play-reglane og skrive under kontrakta.

 

1.4.3 Fair Play kampvertvest

På alle heimekampane skal det vere kampvertar med eigne vestar. Desse vestane skal vere merkte med Fair Play-logo. Alle lag skal ha ein slik vest i lag-baggen. Dersom laget ikkje har kampvertvest, ta kontakt med Fair Play-kontakt.

 

1.4.4 Fair Play foreldrevettreglar

  • Støtt opp om arbeidet til klubben.
  • Møt til kampar og til treningar. Du er viktig for spelarane og miljøet.
  • Foreldre sin plass er godt utanfor bana, og på motsett side av trenaren. Trenaren skal ha ro til å gjennomføre treninga. Diskusjonar om trening eller anna må ein gjere utanom bana og vekk frå spelarane.
  • Gje oppmuntring til spelarane i med- og motgang. Det gjev tryggleik, trivsel og motivasjon til å bli verande lenge i fotballen.
  • Vi har alle ansvar for kampmiljøet. Gje ros til begge lag for gode prestasjonar og Fair Play.
  • Respekter at trenaren leiar kampen. Konstruktiv dialog om gjennomføring kan du ta opp med trenar og klubb i etterkant.
  • Respekter dommaren si avgjerd, sjølv om du er ueinig.
  • Det er ditt barn som spelar fotball. Ver positiv og støttande, då er du ein god medspelar!
  • Du er her for spelarane, ikkje for deg sjølv.
  • Du ser og høyrer deg sjølv «utanfrå» og spelarane «innanfrå».
  • Du vel å vere positiv, for du veit at oppførselen din, både positiv og negativ – smittar over på andre.
  • Du påverkar både spelarane dine, «benken» din, dommaren, motstandarlaget og publikum gjennom positiv språkbruk og kroppsspråk.
  • Du ønskjer å vere eit godt førebilete for spelarane dine og ein god ambassadør for fotballen og klubben din.
  • Gjennom Fair play-møtet er du med på å skape ei god fotballoppleving for alle.

 

1.4.5 Fair Play trenarvettreglar

Som trenar er du eit førebilete for spelarane dine. Det er viktig at du viser trenarvett:

 

2. Klubbens lover

Førde IL sine lover

 

3. Klubbens målgruppe (aldersklasser, lag)

Førde IL Fotball er en breddeklubb og med omkring 120 lag en av største i Norge. Vårt mål er flest mulig lengst mulig og med bakgrunn i dette har vi et tilbud  i aldersgruppa  aldersgruppa fra 6 år og opp til og med voksenfotball.

 

Grendaserien:        6 - 10 år

Barnegruppe:          10 - 12 år

Undomsgruppe:    13 - 16 år

Voksenfotball:        fra 16 år

 

I voksenfotballen har vi 2 damelag (2.div. og 4.div.)  samt 3 lag på herresida (2.div., 4. div. og 5.div.)

 

4. Klubbens organisering

 

4a. Årsmøte

Årsmøtet er klubben sitt høgste myndigheit og vert halde kvart år i mars månad. Innkalling til årsmøtet blir annonsert i lokalavisa Firda. Årsmøtet legg grunnlaget for styret sitt arbeid, og alle som ønskjer å vere med på å bestemme kva klubben skal gjere, og korleis den skal drivast, bør delta.

Alle som er medlem i Førde IL (1 månad i førevegen) har stemmerett på årsmøtet.

 

4b. Klubben sitt organisasjonskart

Lenke til organisasjonskart.

 

4c. Styret

  • Arild Sandvoll (styreleiar)
  • Odd Hagen (nestleiar, turneringsansvarleg)
  • Thor Erik Nygård (styremedlem, sportsleg ansvarleg)
  • Laila Vilnes Helgheim (styremedlem)
  • Bente Hermansen (styremedlem, økonomi)
  • Knut Folkestad (styremedlem, marknadsansvarleg)
  • Margunn Skaar Vallestad (styremedlem, ansvarleg for fair play, dommar og utdanning)

 

Styret sin viktigaste funksjon er å legge til rette for optimale rammer rundt aktivitet i klubben.

Ein vil prøve å hente det beste ut av kvar einskild i eit samla teamarbeid. Dette førset at styret går til arbeidsperiodar med openheit om sterke og mindre sterke sider - slik at oppgåvene kan fordelast på ein optimal måte.

 

Styret sine viktigaste oppgåver:

  • Leie klubben sine mål- og strategiarbeid
  • Ha økonomisk kontroll og leie drifta
  • Sørge for riktig organisering og styresamansetning - og effektive underutval
  • Følge idretten sine lover og representere klubben utad
  • Legge til rette for å rekruttere flest mogeleg, halde på dei over tid, samt utvikle gode fotballspelarar

 

4d. Tilsette

Dagleg leiar: Per Øyvind Storevik

Sportsleg leiar: Thor Erik Nygård

Spelarutviklar: Bjørn Totland

Trenar A-lag herrar: Gisle Isene

 

4e. Skildring av andre roller/funksjonar

Leiar i breddeutvalg: Geir Vindheim

Dommarkoordinator: Geir Vindheim

FIKS-ansvarleg: Margunn Vallestad

Spelarutviklar: Bjørn Totland

Kvalitetsklubbansvarleg: Styremedlem

Fair play-ansvarleg: Margunn Skaar Vallestad

Utdanningsansvarleg: Margunn Skaar Vallestad

Dugnadsansvarleg: Margunn Vallestad Trenaransvarleg: Bjørn Totland

 

4g. Oppstartsansvarleg/rekrutteringsansvarleg

Oppstartsansvarleg har ansvaret for å starte, organisere og gjennomføre treningar for 6-åringar.

Treningane skal vere prega av leik, og oppstartsansvarleg skal involvere interesserte foreldre til å rettleie barna i smålagsspel, 3 mot 3 med små mål.

Oppstartsansvarleg legg til rette for gode diskusjonar hos dei involverte.

 

5. Lagets organisering

Vi skal gje eit breitt tilbod til alle som har lyst til å spele fotball, samtidig som vi skal legge til rette for spelarar som ønskjer å utvikle seg optimalt.

Det er A-lag herrar og A-lag damer i klubben som skal ha resultatfokus. Resterande lag skal vere utviklingsarenaer, der prosessen fram mot å bli så god som mogleg som einskildutøvar, er det primære fokuset.

På satsingslaga skal hovudfokus vere utvikling av spelarar, og resultatmål skal ikkje hindre hovudmålsetjinga som er spelarutvikling.

Førde IL Fotball skal leggje til rette for at utøvarar, som har ambisjonar og føresetnader, skal ha moglegheita for å bli ein del av norsk toppfotball.

Førde IL fotball vil legge til rette for utøvarar som satsar på idretten sin. Det betyr at vårt viktigaste utvalskriterium for talentsatsing er ønskje om å trene meir. Deretter kjem kriterium som talent og føresetnader, motorisk og fysisk. I tillegg er det ei viktig oppgåve for klubben å kvalitetssikre at den auka treningsmengda er av ein slik art at den aukar sjansen for å bli god.

 

6. Klubbdrift/rutiner

 

6a. FIKS-ansvarleg

  1. Logg inn på fiks.fotball.no
  2. Start klubbklienten
  3. Legg inn alle opplysninger om ny spelar  som: namn, fødselsdato, kjønn, adresse, postnr., stad, mobiltelefon
  4. Godkjenn og Lagre

 

FIKS-ansvarleg skal

  • Melde på lag i januar/mars, i samarbeid med leiar aldersbestemt og vaksenfotball
  • Registrere spelarar det året dei fyller 11 år
  • Ansvarleg for at alle trenarar og lagleiarar står som aktive i FIKS
  • Utføre overgangar av spelarar til og frå klubben
  • Ansvarleg for at lagleiar som skal registrere elektronisk kamprapport har rettar som «klubbrukar»
  • Sørge for at alle brukarar i FIKS får naudsynt opplæring i FIKS til og utføre sine oppgåver
  • Søke kretsen før seriestart om bruk av eventuelle overårige spelarar i barne-og ungdomsfotballen

 

6b. Trenaransvarleg

Ansvarleg for trenarutvikling i klubben – motivere og ”trene våre trenarar” ihht. sportsplan.

  • Ansvar for planlegging og gjennomføring av klubben sitt trenarforum, minst 6 gonger i året
  • Vidareutvikle klubben sin spelarutvikling gjennom planlegging og oppfylgjing av arbeidet til våre spelarar slik at vi tilbyr meir og betre ekstratrening til ivrige spelarar/talent
  • Utarbeide sportsplan saman med styre/sportsleg leiing
  • Bidra til å sikre at innhaldet i sportsplanen viser igjen i vår trenarutvikling og vår spelarutvikling som ein ”raud tråd” gjennom heile klubben

 

6c. Dommarkoordinator

  • •Dommerkoordinatorens viktigaste oppgåve er å ha god kontakt og godt samarbeid med: - Klubbens dommarar - Klubbens styre og administrasjon - Lagleiarar og trenarar - Fotballkretsen
  • Har saman med styret hovedansvaret for å rekruttere og behalde nok dommarar i forhold til antall lag.
  • Skal også legge til rette og tilby dommarkurs til dei som ønskjer det, følge opp og veilede desse i kampar.
  • Ansvar for å tilby dei som har ambisjonar og talent vidare oppfølging og etterutdanning i nært samarbeid med kretsen.
  • Ansvar for at dommarane har ein naturlag plass i klubbmiljøet på lik linje med spelarane.
  • Ansvar for at utstyr til dommarane inngår i klubbens utstyrsavtale.
  • Tilrettelegge treningsmuligheter for dommarane, gjerne saman med laga til klubben, herunder og deltaking på treningsleir.
  • Heve dommarane sin status i klubben!
  • Fokus på godt dommarmiljø
  • Koordinator/bindeledd mellom klubbane i nærområdet

 

6d. Scoringsklubb

A-laget for herrar har scoringsklubb og finansierer diverse tiltak, mellom anna av treningsleir.

 

6e. Fotballprogramhefte

Programhefte blir laga i samband med A-lag herrer sine heimekampar. I tillegg annonserer klubben i lokalavisa kvar veke i sesongen, både borte- og heimekampar. Dette gjeld både herrer og damer.

 

6f. Fakturering

Fakturering blir utført av rekneskapsansvarleg i klubben.

 

6g. Treningsavgift

Treningsavgift blir sendt ut via Min idrett (Norges fotballforbund).

 

6h. Div inntekter, akademi, fotballskule o l.

Betaling til akademi og fotballskular blir gjort via nettsidene til klubben, forde-fotball.no.

 

6i. Politiattest

Alle trenarar og lagleiarar i Førde IL Fotball må vise fram politiattest. Det vedtok styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité i 2008.

I Førde IL Fotball blir ordninga handtert på følgande måte: Alle tilsette og frivillige som skal utføre oppgåver for idrettslaget, som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming, skal vise politiattest.

Dette blir gjort i samråd med Per Øyvind Storevik (epost: per.oyvind.storevik@fordeidrettslag.no 91819543). Representantane har taushetsplikt om opplysningar dei får kjennskap til. Politiattesten inneheld berre opplysningar om personen for tida er sikta/tiltalt eller tidligere ilagt forelegg/dømd for brot på straffelova om seksualforbrytelsar overfor barn. Idrettslaget har ikkje høve til å be personen om å innhente politiattest for andre straffbare forhold. Innhenting av politiattest er gratis.

 

Rutinar for innhenting av politiattest:

  1. Ein kan søke elektronisk. Ein treng ei stadfesting av føremål. Det får ein ved å kontakte dagleg leiar.
  2. Ein loggar seg på og brukar MinID, BankID, Buypass eller Commfides. Ein lastar så opp stadfesting av føremålet.
  3. Politiet sender attesten tilbake til søkar.
  4. Søkjaren må deretter vise fram politiattesten til dagleg leiar. Førde IL Fotball skal ikkje lagre attesten. Framvisinga skjer enten ved personleg oppmøte eller ved å skanne politiattesten og sende den til tone.lin@forde-fotball.no som vedlegg i ein epost.

 

Ein slik epost/mms blir sletta etter at den er registert i Førde IL Fotball sin database. Personer som ikkje har vist fram politiattest utan merknad, kan ikkje settast til oppgaver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. Sjå elles nettsida: www.idrett.no/politiattest

 

6j. Skader/Forsikring

Fotballforsikringa inkluderer fotballspelarar i alle aldrar.

 

FORSIKRINGSDEKNING:

 

Spelarar under 12 år:

For spelarar under 12 år er det krav om at spelarane er registrert som medlem av ein fotballklubb tilknytt Norges Fotballforbund. Det er derfor svært viktig at foreldre sjekkar at den aktive er registrert medlem av Førde IL, og at medlemsavgifta er betalt. Dersom ikkje er den aktive per definisjon ikkje rekna som registrert medlem.

Frå og med 2015 brukar Førde IL Klubbadmin som medlemsregister. Innmelding i Førde IL skjer derfor via Min Idrett.

 

Spelarar frå og med 13 år:

Spelarar som har fylt 13 år må vere registrert i FIKS som aktive med lagsforsikring inneverande sesong for å vere dekka av forsikringsordninga. Klubben betalar lagsavgifta for alle lag frå og med 13 år, og er blant anna ein av av grunnane til at det må betalast treningsavgift. Det er klubben sitt ansvar at alle spelarar er registrert som aktive med lagsforsikring i FIKS.

Ansvarleg for FIKS i Førde IL Fotball er dagleg leiar.

Les meir om Fotballforsikringa her:http://www.fotball.no/nff/fotballforsikring/2015/Ytelser1/

 

Utvida fotballforsikring

Alle kan kjøpe ei utvida fotballforsikring. Denne forsikringa kostar 900 kr for aktive 0-13 år, og 1000 kr frå 13-19 år.

Les meir om ordninga her: http://www.fotball.no/nff/fotballforsikring/2011/Hvorfor-utvidet-forsikring/

 

Ved ein skadesituasjon

Når det oppstår ei skade på treningsfeltet eller i kamp, skal ein utføre akutt skadebehandling. Ofte betyr det å ise ned skaden og legge på kompress. Dersom det er ønskje om bistand/hjelp til korleis ein skal behandle skaden, kan ein ringe Idrettens Skadetelefon (IST) på tlf. 02033.

Spielar/forelder/føresett skal deretter fylle ut skademeldingsskjema. Det gjer ein her:https://www.gjensidige.no/privat/meld-skade/fotballskade

IST tar kontakt med spelaren eller kontaktperson. IST tar seg også av bestilling av all utredning og behandling. IST følgjer opp spelar til etter gjennomført behandling.

Det er svært viktig at skademeldingsskjemaet vert fylt ut så snart som mogeleg etter skaden har skjedd, og hendinga må registrerast gjennom dette skjemaet for at den skadde skal vere dekka av forsikringa!

 

6k. Retningslinjer for privat køyring til kamp/turneringer

  • Planlegg turen, møt i god tid
  • Ha ein ansvarleg reisekooridnator, dette er som regel lagleiar
  • Køyr samla, både til og frå kamp
  • Bruk erfarne sjåførar, lærekøyring og bruk av ungdom/eldre søsken skal ikkje førekomme
  • Set av god til køyring til kamp og køyr til avtalt tid
  • Bruk bilbelte
  • Følg fartsgrensa
  • Ikkje tekst eller snakk i mobiltelefon på veg til/frå kamp og turnering
  • Alkohol/rus og bilkøyring er forbode

 

6l. Kvalitetsklubbansvarleg

Føremålet med rolla er å sikre fokus og kvalitet på dei grunnleggande oppgåvene i konseptet. Vedkommande skal ha overordna oversikt over malar, planar og utviklingsprosessane i klubben. Som Kvalitetsklubb gjeld nye rutiner for oppfølging og klubben må stette krava som blir sett i forhold til malar, planar og aktivitet med kvalitet. Kvalitetsklubbansvarleg held overordna tak i konseptet og kommuniserer dette til aktive, medlemmar og frivillige.

 

Kvalitetsklubbansvarleg skal:

  • Ha inngåande kunnskap om konseptet og vere pådrivar for å kommunisere kva Norges Fotballforbund legg i god kvalitet i planverket til klubben i praksis.
  • Vere den overordna kontaktpersonen i klubben mot krets og forbund på spørsmål knytt til konseptet.
  • Følge opp dei standardar som er sett i systemet med tanke på implementering og etterleving av verdiarbeidet til klubben i praksis.
  • Sette kvalitetsklubbkonseptet på agendaen til styret slik at ein følgjer dei retningslinjene som er lagde
  • Følge opp og utbetre eventuelle avvik i kriteria
  • Vere ansvarleg og pådrivar for gjennomføring av eigenmelding

 

7. Økonomi – plan for økonomistyring

Førde IL Fotball er rekneskaps- og revisjonspliktig som ei undergruppe til Førde IL.

Idrettslag med årleg omsetnad på under kr 5 millionar skal følgje NIF sine rekneskaps- og revisjonsreglar. Andre idrettslag skal følgje rekneskapsreglane i rekneskapslova og revisjonsreglane i revisorlova, og skal engasjere revisor og velje kontrollkomité. Kontrollkomiteen sine oppgåver følgjer av NIF-lova § 2-12.

Styret legg føringar for økonomistyring i klubben. Dagleg leiar har det løpande ansvaret for økonomirapportering, økonomisk utvikling og resultatforbedring i klubben. Regnskap blir ført av autorisert regnskapsfører (eksternt eller internt), og rapportar blir utarbeidde pr 2.mnd. Utbetalinger blir utført av dagleg leiar, ved større utbetaling attestert av styrets leiar.

Bankkonti skal vere knytt til idrettslaget og skal disponerast av to personar i fellesskap (dagleg leiar og sportsleg ansvarleg pr i dag). Nettbankavtale på alle konti, pliktig skattetrekkskonto samt ocr avtale. Innbetaling av treningsavgift foregår frå Min idrett til eigen konto. Underslagforsikring skal vere teikna for dei som disponerer kontoane.

 

Reiserekningar og pesonlege utlegg: Krav sendast på e-post til tone.lin@forde-fotball.no vedlagt reiserekning og kvittering på utlegg. Reisekostnader godkjennast av dagleg leiar.

 

Dommarrekningar: Desse blir levert på e-post til per.oyvind.storevik@fordeidrettslag.no  eller levert med signatur av lagleiar til dagleg leiar som betaler ut frå bankkonto 3700 05 14978.

På årsmøtet skal det fastsettast budsjett som inneheld alle hovudpostar i resultatrekneskapen og skal følgje oppsettet i Norsk Standard kontoplan.

Budsjettet skal vere realistisk, og resultatet skal ikkje vise underskot med mindre det vert dekt av positiv eigenkapital.

Fotballgruppa kan ikkje gi lån eller stille garantiar for lån dersom ikkje lånet eller garantien har sikring med trygg pant eller annan fullgod sikring. Sikring for lån og garantiar skal opplysast i note til årsoppgjeret.

Disposisjonar av ekstraordinær karakter eller vesentleg omfang i høve til idrettslaget sin storleik  og verksemd, også låneopptak, skal vedtakast av årsmøtet. Årsmøtet bør vedta eit særskilt fullmaktsreglement knytt til slike disposisjonar.

 

8. Informasjon/kommunikasjon

Klubben sine nettsider finn ein på forde-fotball.no. I tillegg er klubben på Facebook og Instagram. Nyheiter frå klubben skal alltid publiserast på eigne nettsider først, deretter til aktuelle medium i form av pressemelding.

Klubbens medlemmer finn aktuell informasjon på heimesidene til klubben. Lagsinformasjon blir i hovudsak kommunisert på Facebook for lag/gruppa, og via lagleiar/trenar.

 

9. Rekrutteringsplan

Rekruttering inn i Førde IL fotball skjer gjennom Grendaserien 6 -10 år. (Grendaserien er ein lokal serie mellom grendene i Førde by). Teamet rundt Grendaserien består av ein leiar og ein grendakontakt for kvar av grendene: Flatene, Slåtten, Førde Barneskule og Sunde. Desse har ansvar for oppstart av nye kull i Førde IL Fotball. Frå det året du fyller 6 år, får du tilbod om fellestrening med andre fødde same året. Du byrjar fyrst å spele kampar i serien, våren det året du fyller 7 år.

10. Utdanning/Kompetanse

Førde IL Fotball ønskjer kvalitet i alle ledd, frå frivillige, trenarar, styre med meir, for å kunne tilby gode tilbod til barn og ungdom. Kriteria for utdanning/kompetanse på nivå 1 i kvalitetsklubbsystemet gjev følgjande føringar:

 

Styret

Leiarkompetanse er avgjerande for god styring av klubben. NFF sin leiarutdanningsstige, sikrar fotballspesifikk leiarkompetanse til handtering av utfordringar i styrevervet. Vi har sett utdanning av styret i system ved at fleirtalet av styrets medlem har tatt NFF sitt  leiar 1-kurs.

NFF: Beskrivelse, leiarkompetanse 

NFF: Beskrivelse av Leiarkurs på fotball.no

 

Trenarar 

Trenarkompetanse er eit av NFFs viktigaste satsingsområde. Dyktige trenarar er avgjerande for kvaliteten på aktivitetane. Vi har sett utdanning av trenarar i system.

NFF: Beskriving – Trenarkompetanse

NFF: Beskriving av Trenerkurs på fotball.no

  • Alle som er trenarar i klubben, vil få tilbod om å delta på trenarkurs i regi av Sogn og Fjordane Fotballkrets. Klubben betalar for kurset. Vi ønskjer at så mange som mogleg av trenarane tek trenarutdanning.
  • Det vert arrangert barnefotballkveldar i regi av FIL-fotball.
  • Trenarforum.  
  • Sportsleg utvalg har ansvar for å tilrettelegge for jamnlege trenarforum i klubben. 3-5 ganger i året. Trenerkoordinator gjennomfører disse.

 

11. Årshjul/aktivitetskalender

Lenke til aktivitetskalender.

 

12. Mal årsmelding

Årsmelding frå kvart av laga i Førde IL Fotball skal leverast på e-post til tone.lin@forde-fotball.no innan 1.desember. Årsmeldinga skal vere maks 1.side, og vil bli lagt ut på nettsida til klubben i Årsmeldinga til Førde IL Fotball. Del gjerne Årsmeldinga inn etter følgjande hovudpunkt:

 

SPORTSLEG:

Oversikt spelarar i året som har gått

Gjerne lagbilete

Gjerne resultatoversikt

Deltaking på arrangement, cupar etc.

Frammøte trening og arrangement

Trivsel, sosiale fellesaktivitetar, miljøtiltak i laget

 

ØKONOMI:

Dugnader, loddsal, køyring til bortekampar.

Andre inntektskapande aktivitetar.

 

ADMINISTRATIVT:

Oversikt leiarar/trenarar/støttegruppe

Samarbeid nærliggande lag/gruppe, styret

Informasjonsflyt i laget/gruppa

Kort konklusjon av sesongen

 

UNNGÅ:

Personlege opplysningar om spelarane, eller negativ omtale av andre

 


Levert av IdrettenOnline