NMG16 Kvalifisering - Førde sigra over Florø 2-1

Postet av Førde IL - Fotball den 6. Mar 2019

Førde G16 slo i kveld Florø 2-1 i NM kvalifisering. Førde kom best i gong og tok leiinga ved Lasse Aamelfot, og kontrollerte inn 1-0 til pause. Tidleg i 2 omgang skora Oskar Solheim 2-0, etter kvart kom Florø meir med i kampen og 15 min før slutt kom reduseringsmålet til 2-1. Florø kjempa for utlikning men Førde stod i mot og er eit steg nærmare 1 ordinære NM runde. 

No skal Førde møte Sogndal og Stryn i enkel serie. Vinnaren skal representere Sogn og Fjordane i NMG16.

Første kamp er mellom Førde og Sogndal 16 mars. Kven som speler heime blir trekt i løpet av veka.

God prestasjoner i KM Futsal laurdag 2 mars

Postet av Førde IL - Fotball den 3. Mar 2019

Laurdag blei fyrste dag av KM Sluttspel futsal avvikla med klassane J13, G13, J15, G15 og G19. Vi gratulerer Førde G13, og G15 som KM mester Futsal. G13 slo Sogndal 2-1 i finalen, mens Førde 1 G15 slo Stryn 1-0 i finalen. I G15 klassen tok Førde 2 tredjeplassen etter 3-2 siger mot Sandane.

I J13 ble Førde 4 nr 2 etter å ha tapt finalen mot Syril 2-0. Førde sitt J15 lag blei nr 3 etter å ha slått Sandane 2-0.

I G19 klassen ble beste Førde lag Førde 3 som tapte bronsefinalen mot Vikane 2-0.

Gode ambassadørar for Førde Fotballen.

Treningskamp Fjøra - Førde

Postet av Førde IL - Fotball den 17. Feb 2019

Sesongoppladninga er i full gong, og laurdag  var det treningskamp mot Fjøra i Sogndal for Førde sitt A-Lag herrer. Kampen endte til slutt med ein 5-0 siger til Fjøra. Trenar Gisle Isene oppsummerar kampen slik :

Er ikkje ein god følelse å tape 5-0, sjølv om resultatet ikkje gjenspeglar kampen. Vi har mange sjansar til å score mål, men vi er ikkje dyktige nok i dei avgjerande situasjonane. Siste halvtimen blir vi springande 1 og 1, og vi gjer det lettare for Fjøra enn det burde. Er ikkje bekymra over resultatet, så lenge vi tar læring av det. Skal vi lykkast, må vi vere samla i alt vi gjer.

Sjå også bileter og fakta om kampen på Haugen Fotball. 

http://www.haugenfotball.no/fakta190216fjoraforde.html

Inga Hoff og Edvin Brattreit tatt ut til Equinor talentleir

Postet av Førde IL - Fotball den 23. Jan 2019

Gratulerer med uttakt til Equinor talentleir i Sarpsborg for Inga Hoff og Edvin Brattreit. Samlinga er i Sarpsborg i månadsskifte januar/februar. Lykke til på samlinga.

Vinterserien 2019

Postet av Førde IL - Fotball den 13. Jan 2019

Søndag 13 januar vart dei første kampane i  vinterserien 2019 avvikla. Førde 1 møtte søndag Årdal i første kamp i vinterserien avdeling 1. Kristian Bell putta to mål før pause slik at Førde 1 leia 2-0. Etter pause teikna Bell seg for eit mål til, og tillegg skora Sander Aamelfot, Eirik Hjelm, Lukas Gurvin, og Lars Jørgen Rundereim. Slik at Førde vant kampen til slutt 7-1.

Troppen til Førde 1: Henrik Flølo Nydal, Johan Skrede, Ole Petter Hjelle Larsen, Odin Koskinen, Kristian Opseth, Mathias Lambrechts Sagevik, Kristian Bell, Sander Aamelfot, Sander Vikum, Lukas Bruland Gurvin, Eirik Årdal Hjelm, Christian Helgheim, Niklas Hillersøy og Lars Jørgen Løken Rundereim. 

Eit ungt Førde 2 fekk det tøft i sin kamp mot Stryn. Her blei resultatet til slutt heile 11-1 til Stryn.

Laurdag 19 januar starter vinterserien for kvinner i Hafstadparken. 

Levert av IdrettenOnline