Påmelding Juni 10-12 år
Påmelding August 6-9år

Logo

 

2023

INFORMASJON

Tine Fotballskule i regi av Fil Fotball

 

Førde IL Fotball arrangerer for 19. året på rad Tine Fotballskule og som vi bruker å gjøre, kjører vi ein fotballskule i juni for den eldste gruppa og ein skule i august for dei yngste. 

 

 

Det betyr at den eldste aldersgruppa (10-12 år) har sin fotballskule første veka av skuleferien – NB! NB! frå onsdag 21. til lørdag 24.juni (veke 25) med påmeldingsfrist søndag 11.juni.

 

NB! Vi kjører eigen keeperskule for dei som er med i juni (viss interesserte deltagarar).

 

Den yngste aldersgruppa 6-9år har sin fotballskule siste veka av skuleferien, frå måndag 14.aug. til torsdag 17.aug. (veke 33) med påmeldingsfrist tirsdag 1.august.

 

Våre trenarar og spelarar på dame- og herrelag vil være instruktørar.

 

Husk!

Begge tiltaka (juni og august) startar kl.10.00 og med slutt kl.14.30 – Hafstadparken.

 

Påmelding blir registrert ved betaling kr.1200,-

 

Inkludert i dette får deltagarar Tine ryggsekk og t-skjorte samt meieriprodukt frå Tine.

Husk å ta med niste :).

 

Velkomen til dere alle :)

 

 

Helsing 

Førde IL Fotball