Velkommen til Førde Cup 2025!
Heiarop, lukt av svette, flat luftmadrass og nokre lange blikk… Det er igjen tid for fotballcup i Førde.
Vi er heldige som har ein solid gjeng med dugnadsfolk som stiller opp år etter år for at ungdommane skal få ei super oppleving på cup. Arbeidet dei gjer kan vi ikkje få skrytt nok av, så skryt gjerne litt du og!
Påmeldinga til Førde cup er nå åpen. Den finner du her.
Påmeldinga til cupen aukar år for år, så skal du vere med må du hive deg raskt rundt. Vi utvida kapasiteten også i år på kamparena, men vi må sette tak på kor mange lag som kan delta.
Turneringa vår er for gutar og jenter i alderen 13-19 år og vi spelar 5-fotball og 7-mål, med reglement som gjeld for innandørsfotball.
Klasseinndelinga finner du her.
Velkommen til årets FørdeCup!
Styret i FørdeCup