Sesongplanlegging og kampavvikling
Sesongplanlegging
Det er sportsleg utvalg, sportsleg leiar og spelarutviklar som planlegg fotballsesongen. Dette blir gjort i samspel med trenarar og lagleiarar. I barnefotballen er barnefotballansvarleg også med i denne prosessen.
Fotballaktiviteten for ny sesong startar opp i veke 2 for alle i alderen 10 til senior. Barnefotball 7 til 9 år startar opp i mars/april og rekrutteringsdagen for nye 6-åringar er etter påske.
Lagspåmelding kvart år blir gjort av trenarar, i samspel med spelarutviklar og sportsleg utvalg/sportsleg leiar.
Prioritering av kamptilbud:
1.Uttakstiltak
2.Obligatoriske kampar (NM og serie)
3.Cup og andre kamptiltak
Kampavvikling
Heime- og bortekampar som Førde IL Fotball tar del i skal skje med Fair play og respekt. Vi skal legge til rette for jevnbyrdighet i dei årsklassar det er formålstjenlig.
Alle i barnefotballen skal spele like mykje. Det er kun avtalar gjort mellom spelar, forelder og trenar som kan gå bort frå den regelen. I ungdomsfotballen, utanom deltakelse i NM, skal man fordele speletida slik at alle spelar minimum 50 %.
Vi skal ha kampvert på alle heimekampar, vi skal gjennomføre Fair play-helsing før og takka for kampen etter kvar kamp.
Alle skal respektera dommaren.