Åsen & Øvrelid Fotballakademi 2025


Førde IL Fotball arrangerar akademi for gutar og jenter som er fødd frå 2016 til 2013. Akademiet er mynta på deg som elskar fotball, og ynskjer noko ekstra i kvardagen. Her vil du møta trenarar som ser deg og utfordrar deg. Dei forventar at du er påskrudd og tilstede i økta.


Akademiet starter opp i veke 41, mandag 6. oktober for 9-10 åringar og tirsdag 7. oktober for 11-12 åringar, og held på til og med veke 50. Vi legger opp til to økter per veke. 


Ein kan velga å delta på ein eller to dagar per veke. 

For ein dag er prisen NOK 1.200,- 

For to dagar er prisen NOK 2.000,- 

*Dette inkluderar trening i vinterferien.


Treningsdagar

Mandag 17:30 - 19:00 

Onsdag 17:30 - 19:00 


I haustferien vil vi ha ei trening på dagtid. Det blir ei dobbeløkt i Hafstadparken. Tysdag 7. oktober klokka 09:30 - 13:00.

Har du spørsmål, ta kontakt med sportsleg leiar Helge Bjørke (hb@forde-fotball.no) eller spelarutviklar Bjørn Totland (bjorn@forde-fotball.no).


Påmeldinga finner du her: https://fotball.fordeidrettslag.no/next/events/p/1000135973/asen-and-ovrelid-fotballakademi