Rekrutteringsprosess

I Førde IL Fotball er det Thomas Fraas som er rekrutteringsansvarleg.

Rekrutteringsområde 

Førde IL Fotball rekrutterar  i hovudsak  sine medlemmar frå følgjande skulekretsar:

  • Flatene  
  • Slåtten 
  • Sunde 
  • Førde BSK 
  • Holsen 
  • Karstad  

Formål

Alle lag i alderen 6-12 år er foreldredrevet. Rekrutteringsansvarleg, barnefotballansvarleg og  trenar- og spelarutviklar bistår i oppstart. Det skal gis god opplæring til alle som bidrar. Trenarar skal gjennom delkurs 1 til 4 i NFF Grasrottrenar, samt ein innføring i sportsplan og klubbhåndbok.  

På foreldremøte blir det gitt informasjon om klubbens verdiar, organisasjon, og retningslinjer. Det blir også informert om detaljer for sesongen som kjem med tanke på trening og kamp.  

Rekrutteringsansvarleg og trenar- og spelarutviklar planlegger og gjennomfører første økt, og følger tett opp i startfasen. 

Suksessfaktoren for at Førde IL Fotball skal lykkast med oppstarten av nye lag er det viktig med tett oppfølging den første perioden.  Sportsleg leiar og rekrutteringsansvarleg har eit særleg ansvar for at de nye kulla og trenerteamene rundt disse får gode rammer og forutsetningar for å lykkes med organisering og gjennomføring av dei første treningane. 

Prosess for rekruttering

Rekrutteringsprosessen i klubben startar i januar, med informasjon ut. Trenarkurs kjem i februar, før oppstarten. I mars/april gjennomfører vi ei klubbintern turnering, før fyrste kongleriket som kjem i april/mai. 

Prosessen ser slik ut trinnvis:

1. Dato for rekrutteringsdagen blir satt

2. Invitasjon går ut til barnehagar og til skular

3. Informasjon om rekrutteringsdagen kjem på heimesida og Facebook.

4. Det blir innhenta informasjon via spørrjeskjema om spelar og foreldre

5. Aktivitet og foreldremøte blir gjennomført på valgt dato.

6. Evaluerings av rekrutteringsprosessen og oppstarten.

Målsetning 

Vi i Førde IL Fotball ynskjer at alle som vil, blir med i fotballaktiviteten. Fotball er for alle, og i vår klubb er alle velkommen. 

Over tid ser vi at det er fleirtallet gutar som startar med fotball. Vi ynskjer å rekruttere fleire jenter og damer til vår aktivitet, både som spelarar og trenarar. 

Måltalet for rekruttering er 75 % på gutar og 40 % på jenter. 


Etterrekruttering

Vi i Førde IL Fotball skal ta imot spelarar uansett alder. Det er ingen forutsetning for at ein må ha spelt fotball frå 6 år for å starta i vår klubb. Spelarar som startar med fotball etter 6 år, må forvente ein oppstart der ein må vera tolmodig og følge trenarteamet si tilråing for mjuk tilnærming til ein god trenings- og kampkvardag. Vår hensikt er å gje alle spelarar som startar i Førde eit trygt møte med fotballtreninga og fotballkampen. I vår etterrekruttering handlar det om å finne den individuelle planen for enkeltspelaren slik at vedkommande kjem godt inn i spelargruppa og finner seg til rette. Planen blir lagt av trenarteamet, som samspelar med spelarutviklar og sportsleg leiar. 

Samarbeid naboklubbar

Førde IL Fotball ynskjer å legge til rette for at våre naboklubbar kan delta på våre ekstratilbud. Er det spelarar som ynskjer å trena med våre lag, skal det avklarast med begge klubbar før ein får dette tilbudet. Det skal kommunisera til spelarane som kjem til oss om at det kun er åpning for trening og eventuelt turnering, ikkje seriespel. Avtalar utover dette skal takast mellom sportsleg leiar, spelarutviklar og spelarens klubb.

Overgangar

Intensjonen med overgangar er å sikre eit konkurransedyktig tilbud på våre to øverst rangerte lag. Utover det er det utelukkande for å gje spelarar kamptilbud om det ikkje er å finne i eigen klubb. 

Det er overgangsansvarleg som behandlar overgangar i Førde IL Fotball. 

Vi skal opptre ryddig og følge overgangsreglementet. Det er med andre ord viktig at spelarens klubb blir varsla om ein ynskjer å rekruttera ein spelar eller ein spelar ynskjer å koma til oss. Denne kommunikasjonen er det kun styret og administrasjonen som foretar seg. 

Ingen trenarar skal rekruttera spelarar utan at vi som klubb er involvert. 

Oppstart 2026

Invitasjon og påmelding går ut mandag 5. januar. Vi inviterer til foreldremøte mandag 9. februar 19:00 - 20:30. 

Alle som ynskjer å engasjere seg som trenar blir invitert til trenarkurs delkurs 1 mandag 23. februar og tirsdag 3. mars. 

Oppstartsdag er søndag 8. mars i Hafstadparken. Vil vil følge opp med to oppstartstreningar søndag 15. mars og søndag 22. mars.

Fyrste lagstrening er onsdag 8. april. Lagstreninga vil gå frma til og med onsdag 17. juni.

Annen planlagt aktivitet for G/J 6 år:

Internturnering: Søndag 12. april

Opus cup: Søndag 19. april

Kongleriket: Søndag 10. mai og søndag 14. juni