Om klubben - Førde IL Fotball
Førde IL Fotball er ein norsk fotballklubb, heimehøyrande i Førde kommune, sentralt i Sogn og Fjordane. Heimearena for A-laga er Førde stadion.
Førde Idrettslag blei grunnlagt som Førde Sports og Idretsforening i 1920, under leiing av seinare fylkesmann Nikolai Schei. Han blei også den første formannen i idrettslaget. Dei store aktivitetane i laget- og kommunen var i starten skiidrett, friidrett og turn. Fotballgruppa i klubben kom i gang og starta opp tidleg på 1930-talet, og blei offisielt ein del av Norges Fotballforbund 17. november 1945, då forbundet kom i funksjon igjen etter avbrot under 2. verdskrigen.
Frå 1932 til 1945 var fotballbana på Toene ved kyrkja, fotballgruppa sin arena for trening og kamp. Etter krigen foregjekk mykje av aktiviteten på ærverdige Kronborg Idrettsplass nord for Hafstad, fram til Førde stadion slik vi kjenner den i dag blei bygt samtidig med Førdehuset, i 1976.
Sidan tidleg 1980-tal har fotballgruppa i Førde hatt ein eventyrleg vekst proporsjonalt med den storstilte tilflyttinga til og utviklinga av Førde som tettstad. Vi har for tida over 120 lag og 1400 utøvarar i alle aldersklasser, og er med det ein av Norges største fotballklubbar.
2009-sesongen blei ein av dei beste sesongane for seniorfotballen i klubben på lenge, då begge A-laga (herrelaget og damelaget) makta opprykk til 2. divisjon, som er det tredje høgaste nivået i norsk fotball. Debutsesongen på dette nivået enda med ein imponerande 4. plass for damelaget i si avdeling, og ein 8. plass for herrelaget i 2. divisjon avd. 1. I 2011 heldt damelaget seg i 2. divisjon, medan herrelaget rykka ned igjen i 3. divisjon. Herrelaget rykka opp igjen i 2. divisjon etter 2012-sesongen, og kom på ein imponerande 3. plass i avdeling 1 i 2013. Damelaget måtte ta turen ned igjen i 3. divisjon.
Meir utfyllande om historia og klubben i dag kjem seinare. Sjå også artikkel om Førde IL Fotball på Wikipedia