Fair play
Fair play er samlebegrepet for vårt verdiarbeid og handler om det som skjer på og utenfor banen. Fair play handler om det som skjer på og utenfor banen, og er normen som skal prege aktiviteten vår på alle nivåer, herunder respekt for, og etterlevelse av, gjeldende regelverk, retningslinjer og verdisett.
Fair play-helsing: Før og etter alle fotballkampar skal det gjennomførast Fair Play-helsing. Fair Play-helsinga er eit uttrykk for gjensidig respekt.
Fair Play haldningskontrakt: Alle spelarar, trenarar og lagleiarar i Førde IL fotball, skal skrive under på ein Fair Play haldningskontrakt. Haldningskontrakta skal vere med på å skape ei bevisstgjering kring Fair Play.
Kampvert: På alle heimekampane skal det vere kampvertar med eigne vestar. Desse vestane skal vere merkte med Fair Play-logo. Alle lag skal ha ein slik vest i lag-baggen.
Kampvert-rollen
For å bidra til eit godt og trygt kamparrangement skal det vere to kampvertar tilstades i 7`er, 9`er og 11`er kamp.
For 5’er som spilles samtidig skal det være minst 1 kampvert per kamp.
Kampverten har gul kampvertvest og er synleg for alle i og rundt kampen.
Før kampen
Gjennomfør eit kampforberedande møte mellom dommar, lagets trenarar og kapteinar. (Delta gjerne)
- Sørge for at bane og mål er i orden, eventuelt garderobar
- Ønske begge lag og dommar velkommen, oppfordre til positivitet under kampen.
- Oppfordre til at tilskodarar plasserast på motsatt side av laga og godt utanfor sidelinja.
- Ha kjennskap til kor klubben sin hjertestartar er og ha telefon for å ringe 113
- Sanitær; sjekk at toalett er åpent og i god forfatning, informer begge lag om toalettfasilitet
- Bistå i å organisere Fair play-helsing før kampstart.
Under kampen
- Oppfordre til gode og positive tilrop fra foreldre, ta kontakt dersom det går over streken.
- Vere tilgjengelig for dommaren undervegs i kampen og i pause
- Vere tilgjengelig om det oppstår situasjonar som trengs oppfølging
- Prat med dommar i pausa.
Etter kampen
- Takke begge lag og dommar(-ar) for kampen
- Rydde rundt bana etter kampslutt
- Melde fra til Fair Play-ansvarleg eller anna kontaktperson i klubben dersom det oppstod uønska hendingar før, under eller etter kamp.
- Sanitær; Sjekk at vi forlet toalett ryddig og i god tilstand. Oppfordre spelarar og trenarar til å forlate garderoba ryddig og i god stand.