Plan for keeperutvikling i Førde IL Fotball
A–Å: Struktur, ansvar, årshjul og kvalitetssikring
1) Formål og hovudmål
Formål: Sikre heilskapleg, systematisk og inkluderande keeperutvikling i heile klubben, til beste for spelarar, lag og trenarar.
Hovudmål: Sjå keeperen i klubben – frå barnefotball til seniorfotball, for begge kjønn – og gje eit kvalitetssikra utviklingsløp på kvart nivå.
Delmål (operative mål):
- Klubbroller: Tydleg definerte roller og ansvar som ivaretek keeperrolla for både trenarar og spelarar.
- Barnefotball (6–9 år): Alle lag har innslag av keepertrening på kvar økt (for alle).
- Barnefotball (10–12 år): Kvar økt inneheld keepertrening for dei som ynskjer å stå i mål.
- Ungdomsfotball (13–16 år): Alle lag gjennomfører keepertrening i sine økter for dei som vil stå i mål.
- Senior: Satsingslag (A- og B-lag damer/herrar, og G16) har eigen keepertrenar som driv keepertrening så ofte som kontrakt seier.
- Støtte til lag: Kvart lag har minst éin ressursperson i klubben å støtte seg på for fag/utvikling.
- Forankring: Keeperutvikling er ein integrert del av klubbens planverk, årshjul og evalueringsrutinar.
2) Prinsipp og omfang
- Heilårleg arbeid: Aktivitet og oppfølging 12 månader i året (tilpassa sesong).
- Alle med: I barnefotballen får alle prøve rolla tidleg; i ungdom/senior vert spesialisering gradvis auka.
- Tryggleik først: Teknikk, gode vanar og skadeførebygging prioriterast i alle aldersgrupper.
- Integrert i lagøkter: Keepertrening er ein naturleg del av lagets spelarutvikling, ikkje eit sideprosjekt.
- Kvalitet framfor kvantitet: Få, gode prinsipp innarbeidd gjennom året – med tydeleg progresjon og måling.
3) Organisering, roller og ansvar
3.1 Keeperansvarleg Klubb
Namn: Knut Strand Løseth
Arbeidsoppgåver:
- Organisere eksempeløkter til keeperansvarleg ungdom (Utvikle malbank over tid).
- Koordinere klubb-besøk frå Krets med fokus på keepertrening (1 gong/år).
- Sikre keeperfokus i Grasrottrenar delkurs 4 (plan, innhald, oppmøte).
- Involvere og inspirere foreldretrenarar i kvardagen gjennom «keepertrenartrening» (2 - 3 gonger/år).
- Arrangere keepertrenarforum i klubb (3 gonger/år; praksis + erfaringsdeling).
- Gje faglege vurderingar til SU/Sportsleg leiar i rolleplanlegging før sesong (tilsetjing/fordeling).
- Følgje opp at årshjul og planarbeid inkluderer keepertrening/-utvikling.
3.2 Keeperansvarleg Ungdom (10-14 år)
Arbeidsoppgåver:
- Vere støtte for keepertreningar i barnefotball (10-14)
- Delta på lagsøkter 1 gong per halvår per lag for å inspirere utøvarar og rettleiie trenarar/foreldre.
- Vere samtalepartnar for lagstrenar/keepertrenar i plan, gjennomføring og evaluering.
- Ha personleg link til ungdomskeeperane (kontaktpunkt for motivasjon, råd, målsetjing).
- Levere halvårsrapport til Keeperansvarleg Klubb (aktivitet, framdrift, behov).
3.3 Keepertrenar Senior (A-/B-lag, damer/herrar, g16 1-2)
Arbeidsoppgåver:
- Planleggje og gjennomføre keeperøkter i tråd med kontrakt og sportsleg plan.
- Observere i øvingar og spel og gje munnlege eller skriftlege tilbakemeldingar (nøkkelsituasjonar).
- Kampoppfølging (observasjon, klipp/notat og evaluering av keeperen sine prestasjonar i kamp).
3.4 Lagstrenar / Foreldretrenarar
- Sørgje for keeperdel i kvar barnefotballøkt (alderskrav).
- Leggje til rette for keepertrening i ungdom for dei som ynskjer rolla.
- Samhandle med rollene over; kalle inn keeperansvarlege ved behov.
- Aktivt tilhøve til keeperutviklnig.
4) Årshjul – heilårlege tiltak – for keeperutvikling.
Månad | Tiltak | Ansvar | Leveranse |
Jan | Sesongkickoff for klubb og lag | SU – Lagstrenar. | Presentasjon |
Feb | Keepertrenarforum #1 (Kven er Førdekeeperen? | Keeperansv. Klubb | Arbeidsgrupper |
Mar | Lagsbesøk ungdom (runde 1) | Keeperansv. Ungdom | Kort rapport pr. lag |
Apr | Lagsbesøk ungdom (runde 1) | Keeperansv. Ungdom | Kort rapport pr. lag |
Mai | Foreldre-keepertrenartrening #1 | Keeperansv. Klubb | Øktplan + deltakarar |
Jun/Jul | Oppsummering av vårsesong.
| Keeperansv. Klubb | Hospiteringsplanar m.m. |
Aug | Keepertrenarforum #2 Lagsbesøk ungdom (runde 2) | Keeperansv. Klubb
| Øktplan + notat
|
Sep | Foreldre-keepertrenartrening 2 Lagsbesøk ungdom (runde 2) | Keeperansv. Klubb
| Program + oppsummering |
Okt | Foreldre-keepertrenartrening 3 | Keeperansv. Klubb | Øktplan + deltakarar |
Nov | Grasrottrenar delkurs 4 – keeperfokus | Trenar- og spelarutvik. Klubb | E-læring + praksis. |
Des | Keepertrenarforum #3 (tema: analyse/feedback) + årsrapport Rolletildeling neste sesong. | Keeperansv. Klubb | Årsrapport + plan neste år |
Heilårleg: Senior-keepertrening etter kontrakt; barne-/ungdomskrav i kvar økt; fortløpande kampoppfølging senior.
5) Krav til trening i kvardagen (aldersstyrt)
5.1 Barnefotball 6–9 år (alle prøver)
- Krav: Keeperinnslag på kvar økt (10–15 min).
- Fokus: Leik, haldningar, grunnstilling, enkle grep, rulle/trygg landing, mange repetisjonar.
Eksempeløkt (12–15 min):
- «Fallskule» (rull/lande på side) – 3 x 1 min
- Ballgrep frå bakken (sitte/kne/stå) – 3 x 1 min
- Kast og fang parvis (over/under skuldre) – 3 x 90 sek
- Keeperleik: «kanonball med grep» – 4 min
5.2 Barnefotball 10–12 år (for dei som vil stå)
- Krav: Keeperdel på kvar økt for frivillige (2 x 8–10 min).
- Fokus: Grep, fallteknikk, grunnstilling, posisjonering i mål, igangsetting (kast).
Eksempeløkt (2 blokker á 10 min):
- Blokk 1: Grunnstilling + frontgrep + fall hø/ve (4 øvingar, 2 min kvar)
- Blokk 2: Posisjonering (stiger/kjegler) + kast/utspel til back (4 x 2–3 min)
5.3 Ungdom 12–14 år (spesialisering for dei som vil)
- Krav: Keepertrening integrert i lagøktene + gjerne 1 dedikert økt/veke ved kapasitet.
5.4 Senior (A/B-lag, damer/herrar, g16 1 -2)
- Krav: Eigne keeperøkter etter kontrakt; integrert i kampførebuing.
6) Kompetanseheving
- Grasrottrenar delkurs 4: Keepermodul obligatorisk med praksisdel.
- Interne kurs/temakveldar: 3 pr. år (jamfør årshjul/keepertrenarforum).
- Hospitering: Ungdomskeeperar kan hospitere på junior/senior-økter etter avtale.
- Ressursbank: Malar, eksempeløkter, videoeksempel (eigen mappe strukturert per alder/tema).
- Keepertrenarkurs i regi av Krets.