Inga Hoff og Edvin Brattreit tatt ut til Equinor talentleir

Postet av Førde IL - Fotball den 23. Jan 2019

Gratulerer med uttakt til Equinor talentleir i Sarpsborg for Inga Hoff og Edvin Brattreit. Samlinga er i Sarpsborg i månadsskifte januar/februar. Lykke til på samlinga.




Vinterserien 2019

Postet av Førde IL - Fotball den 13. Jan 2019

Søndag 13 januar vart dei første kampane i  vinterserien 2019 avvikla. Førde 1 møtte søndag Årdal i første kamp i vinterserien avdeling 1. Kristian Bell putta to mål før pause slik at Førde 1 leia 2-0. Etter pause teikna Bell seg for eit mål til, og tillegg skora Sander Aamelfot, Eirik Hjelm, Lukas Gurvin, og Lars Jørgen Rundereim. Slik at Førde vant kampen til slutt 7-1.

Troppen til Førde 1: Henrik Flølo Nydal, Johan Skrede, Ole Petter Hjelle Larsen, Odin Koskinen, Kristian Opseth, Mathias Lambrechts Sagevik, Kristian Bell, Sander Aamelfot, Sander Vikum, Lukas Bruland Gurvin, Eirik Årdal Hjelm, Christian Helgheim, Niklas Hillersøy og Lars Jørgen Løken Rundereim. 

Eit ungt Førde 2 fekk det tøft i sin kamp mot Stryn. Her blei resultatet til slutt heile 11-1 til Stryn.

Laurdag 19 januar starter vinterserien for kvinner i Hafstadparken. 




Åsen & Øvrelid Fotballakademi Vinter/Vår 2019

Postet av Førde IL - Fotball den 5. Jan 2019

Førde IL Fotball startar opp Åsen & Øvrelid Fotballakademiet – nærare bestemt den 30 januar.

Åsen & Øvrelid Fotballakademiet  er laga for deg som vil trene meir og ta eit steg på vegen for å bli god på ferdigheter som føring/finter, ballkontroll, medtak, pasningar, ballkontroll i luft og skåringstrening. Øving og  masse god terping mot ulik motstand og i ulike spelformer skal til for å kome eit stykke på vegen..

NB! Tilbodet er for gutar og jenter fødd i 2007 – 2010, samt jenter fødd i 2006. Oppstart som nemnd 30.januar og avsluttar 11.april - totalt 20 økter - onsdag og fredag 15.00 – 16.15. NB! Ingen trening i vinterferien.

Pris pr deltakar er kr.1800,- inkludert treningsgensar. (str.140, 152, 164, XS, S, osv.)

NB! Gensere gjelder kun for nye deltagere

Ved sidan av tekniske og taktiske ferdigheiter vil vi i øktene legge vekt på «tilstedeværelse» og punktlegheit.

Ønskjer du å delta på Åsen & Øvrelid Fotballakademiet så meld deg på til:

 Bjørn Totland:  bjorn@forde-fotball.no

Frist for påmelding er søndag 20. januar. 

I påmeldinga treng vi fylgjande  kontaktinfo:

Namn og alder på utøvar,  e-post og telefon til føresette samt storleik på gensar


Velkomen til lærerike økter

Bjørn Totland

Trenarveiledar og Spelarutviklar

Førde IL Fotball