Igang med seriespill 14.-16.august

Postet av Førde IL - Fotball den 15. Mai 2020

Slik ser seriespillet ut for damer og herrer!


NFF Sogn og Fjordane ser føre seg oppstart av breiddefotballen i medio august. Både for seniorklassa og barne- og ungdomsklassa.


Slik det pr. dags dato ser ut so blir det oppstart helga 14. – 16.august, i Kretsligaen og 3.divisjon kvinner.

Styret i NFF Sogn og Fjordane har vedteke følgande for Kretsligaen og 3.divisjon kvinner: 

•    Laga i Kretsligaen og 3.divisjon kvinner blir fordelt i 2 (to) avdelingar, der kampane blir gjennomført med doble seriar.

Dersom vi hadde sett opp ein enkel serie so hadde nokre lag fått 6 heimekampar, og nokre lag 5 heimekampar. 

Med ein dobbel serie vil konkurranselikskapen blir meir rettferdig. Her med tanke på at lag rykker opp/kan rykke opp i seriar som NFF sentralt administrerer.


3.divisjon kvinner

I 3.divisjon kvinner har vi sett opp avdelingane ut frå eit geografiske omsyn, med følgande avdelingar:

Avdeling 1    Avdeling 2

Balestrand    Førde

Høyang    Måløy

Kaupanger 2/Sogndal 2    Sandane

Sogndal    Selje/Åheim

Studentspretten    Stryn

Syril    

Etter at dei to avdelingane i 3.divisjon kvinner er ferdigspelt, blir det gjennomført eit sluttspel på følgande måte:


•    Nummer 1 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om kvalifiseringsplass til 2.divisjon kvinner i 2021. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 2 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 3 og 4 i 3.divisjon kvinner i 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 3 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 5 og 6 i 3.divisjon kvinner i 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 4 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 7 og 8 i 3.divisjon kvinner i 2020.  Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 5 frå avdeling 1 og 2, samt lag nummer 6 frå avdeling 1, møtast til ein enkel serie for spel om plassane 9, 10 og 11 i 3.divisjon kvinner i 2020. 



Kretsligaen

Vi kjem til å gjennomføre live-trekning på NFF Sogn og Fjordane si Facebook-side, onsdag 27.mai, kl. 18.00.

Trekninga blir fysisk gjennomført på Flo stova på Fosshaugane Campus. For media og andre som ønskjer å vere til stades på Flo stova, so er de velkomne til det.


I Kretsligaen er laga rangert/seeda ut frå sluttabellen i Kretsligaen i 2019, der følgande mal blir brukt: 


Rangering -seeding        

Nivå 1    Førde    Eid

Nivå 2    Studentspretten    Stryn

Nivå 3    Kaupanger    Måløy

Nivå 4    Høyang    Syril

Nivå 5    Bremanger    Dale

Nivå 6    Vik    Jølster


Under live-sendinga på Facebook kjem vi til å trekke laga på nivå 6 først, der desse blir plassert i kvar sin avdeling. Deretter trekker vi laga på nivå 5 i kvar sin avdeling, nivå 4, og vidare opp til og med laga på nivå 1, her Førde og Eid.

Under trekninga, og rett i etterkant når avdelingane er endelege, vil vi ha eit knippe fotballfaglege personar til stades i «studio», for å diskutere avdelingane opp mot kvarandre. I tillegg blir det fotballfaglege samtalar knytt til breiddefotballen i Sogn og Fjordane.


Etter at dei to avdelingane i Kretsligaen er ferdigspelt, blir det gjennomført eit sluttspel på følgande måte:


•    Nummer 1 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om opprykk til Norsk Tipping ligaen 2021. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 2 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 3 og 4 i Kretsligaen 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 3 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 5 og 6 i Kretsligaen 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 4 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 7 og 8 i Kretsligaen 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 5 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 9 og 10 i Kretsligaen 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 6 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 11 og 12 i Kretsligaen 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

MERK! For laga som blir nummer 5 og 6 kan det bli endringar i høve gjennomføring av eit sluttspel, eventuelt grunna lag som rykker ned-/ikkje rykker ned frå Norsk Tipping ligaen.



0 Kommentar

Treningsavgift 2020

Postet av Førde IL - Fotball den 4. Mai 2020

Kjære utøvarar i Førde IL Fotball.

Vi er i ferd med å sende ut årets treningskontingent, og ønskjer å forklare bakgrunnen kvifor vi gjer dette no – trass i at aktiviteten er redusert og framleis er delvis avstengt.

Førde IL Fotball arbeider med å kartlegge konsekvensane av avstenginga i samband med Covid 19. Det vil vere inntektstap i form av avlyste turneringar, avlyst akademi og mogeleg reduserte sponsorinntekter. Treningskontingenten utgjer nærmare 20% av vår inntekt, og utan desse midlane vil vi ikkje ha ein berekraftig økonomi i tida framover. Inntektene frå treningskontingenten er difor svært viktig for at vi skal kunne tilby god aktivitet, også etter at avstenginga blir oppheva.

Vi vedtok nye satsar for treningskontingent for 2020 på årsmøtet i fotballgruppa 5.mars. Desse vedtekne kontingentane vil vi som følgje av Covid 19 viruset gå litt vekk ifrå,  og heller forsøke å «balansere» etter aktivitet.

Vi ber om forståing for at vi fakturerer treningskontingenten no, trass i eit redusert tilbod. Vi forsøker så langt det lar seg gjere å gi  råd og tips til individuelle treningsmetodar gjennom dei tilsette som ikkje er fullt permitterte, samt gjennom frivillige.

Vi har full forståing for at enkelte kan ha utfordringar med å betale treningskontingenten akkurat no. Vi ber dykk difor ta kontakt med oss, så skal vi nok finne gode løysingar. Ønskjer de kontakt med oss, så send e-post til: post@forde-fotball.no , så vil vi svare dykk så raskt det lar seg gjere.

Førde IL Fotball ønskjer å vere ei inkluderande gruppe i Førde idrettslag som tek vare på sine aktive. Akkurat no vonar  vi at de kan hjelpe oss gjennom denne utfordrande tida ved å betale årets treningskontingent.

 

Førde 27.04.20

 

Med Helsing

Arild Sandvoll                                 Per Ø. Storevik                               

Styreleiar                                        Dagleg leiar


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline