Akademi vinter 2022

Postet av Førde IL - Fotball den 13. Jan 2022

  Bilderesultat for logo Åsen & Øvrelid     Bilderesultat for førde il Logo     Bilderesultat for sparebanken sogn og fjordane logo

                                                                                                          Generalsponsor

Åsen & Øvrelid Fotballakademiet vinter 2022

Førde IL Fotball fortsett med Åsen & Øvrelid Fotballakademiet! Eit steg vidare – med fokus på meistring. 

Fotballakademiet er laga for deg som vil trene meir. Øving og masse god terping mot ulik motstand og i ulike spelformer er bra for å få god utvikling. Vi vil ha fokus på at alle skal tore med ball, og det å ha ball og ta på press er eit viktig tema for akademiet vårt. I tillegg; fokus på å bli ein god første forsvarar, med rask forflytning og aggressivitet.  Vi legg og opp til mange øvingar der ein skal skåre masse mål!

Tilbodet er for gutar og jenter fødd i 2010 - 2013. Oppstart i veke 5. I vinterferien blir det ei lengre økt på dagtid. Vi ser an om det blir eigne jentegrupper etter kor stor påmelding er. Jenter som ønskjer å trene med gutane får det. Akademiet varer tom veke 14. 18 økter etter skulen og ei lenger økt i vinterferien.

Det kan bli sett opp akademiturnering ekstra ei passande helg. Dette avheng av at andre akademi ønskjer dette og at vi får lov grunna Covid.

Tidspunkt for øktene:

Måndag og onsdag 1500 – 1615: u11 og u12. (2010-2011)  med eigen keepertrenar!

Tysdag og torsdag 1500 – 1615: u9 og u10. (2012-2013)

Pris pr deltaker er kr.2300,- inkludert Umbro akademigensar for alle deltakarar

Ønskjer du å delta på Åsen & Øvrelid Fotballakademiet så meld deg på til:

Bjørn Totland:  bjorn@forde-fotball.no

Frist for påmelding er torsdag 27. januar.

I påmeldinga treng vi fylgjande  kontaktinfo:

Namn og årsmodell på utøvar, e-post og telefon til føresette samt storleik på gensar 140-152-164-xs osv.)

Det vil bli sendt ut en bekreftende e-post ved påmelding.

Velkomen til lærerike økter

Bjørn Totland

Spelarutviklar og Trenarveiledar 

Førde IL Fotball