Førde KM Vinnar Futsal Senior 2018

Postet av Førde IL - Fotball den 3. Des 2018

Gratulerer så mykje til gutane våre som slo Stryn 1-0 i finalen i KM Futsal i Førdehuset

0 Kommentar

KM Vinnar G13/14 11'er

Postet av Førde IL - Fotball den 9. Nov 2018

GRATULERER til Førde 1 G13/14 11'er som Kretsmester 2018.

I dagens bortekamp mot Stryn ville siger være nok til å sikre KM tittel. Førde tok kommandoen og til pause stod det 0-3 etter mål av Ulrik Nielsen (2) og Noah Fadnes.

Men Stryn gav ikkje opp, og 20 min i 2 omgang stod det 2-3 og ny spenning i kampen. Nervane roa seg litt då Simen Bell satte inn 2-4 etter 25 min.

Dette resultatet stod kampen ut, og dermed kunne dei sleppe jubelscenene laus.

0 Kommentar

J14 - Førde 1 - Kretsmester 2018 9'er

Postet av Førde IL - Fotball den 30. Okt 2018

Gratulerer til jentene og trenarteamet som kretsmester J13/14 9'er 2018. Førde 1 vant i kveld 8-0 over Hafslo i sesongens siste kamp. Førde 1 vant serien foran Førde 2, altså ein impnerande innsats av heile 2004 jentekullet. Fortjent feire i parken med pizza etter kamp. Dette lover bra for framtida for jentefotballen.

0 Kommentar

Imponerande opphenting av Førde sitt J15/17 lag i første Kamp i KM Finalen

Postet av Førde IL - Fotball den 20. Okt 2018

Førde sitt J15/17 lag vant J15/17 serien. Dei tre beste i serien speler enkel serie om KM tittelen. Den første kampen gjekk i dag i Stryn mellom Stryn og Førde.

To gode lag som hadde kvar sin omgang.

Kampen opnar jamnt. Førde er uheldig og får annulert ei tidleg scoring pga offside. Stryn tek deretter leiinga 1-0. 5 minutt seinare aukar Stryn til 2-0. Det siste kvarteret av 1. omgang køyrer Førde kampen og hadde fortjent ei scoring.

I 2.omgang er Førde klart best, og køyrer kampen. Etter 10 minutt vert Astrid Blikra felt innafor 16-meteren, og Førde får straffe. Ho set sjølv straffesparket og vi reduserer til 2-1.

Etter dette produserer Førde mykje og har 2 skot som treff tverrliggeren i tillegg til fleire farlege sjangsar. Så, 5 minutt før slutt får Inga Hoff rommet ho treng spring gjennom og trillar inn utlikninga. Kampen endar 2-2, og Førde har alt i eigne hender før siste kamp heime mot Eid på søndag 28.10. Imponerande sterkt å komme tilbake etter å ha ligget under 2-0 til pause!

Eid møter Stryn til kamp 2 på Eid tysdag. Uansett resultat i denne kampen kan Førde avgjøre dette sjølv med (stor nok) siger søndag.

Det er berre sette av tid kl 1400 søndag 28 oktober i Hafstadparken.

0 Kommentar

Hamar Talentcup 2018 - G2003

Postet av Førde IL - Fotball den 18. Sep 2018

Helga 15-16 september deltok Førde sitt G15 lag på Hamar Talentcup. Med innledande puljespel laurdag og sluttspel sundag. Laurdagen blei dessverre veldig amputert då 1 lag trakk seg fredag, og når laget var klar til kamp kl 0800 sundag møtte ikkje motstander opp. Dermed stod vi igjen med Førde og Hamkam 2 i puljespel. Det gjennomført en treningskamp mot Hamkam 2 som Førde vant 2-0, men i tellande kamp ble det 2-2. Hamkamp 2 ble trekt som puljevinnar, men begge gjekk til A-sluttspel.

I kvartfinalen spelt Førde sin klart beste kamp i turneringa mot Borgen og vant 5-1. Dermed klar for semifinale der Førde sleit med å få tak på Røa, og Røa leia 2-1 heilt til det 1 minutt igjen av kampen. Då fant endeleg Førde nettmaskene og kampen enda 2-2, og dermed klart for staffesparkkonkurranse. Her var til slutt marginane på Førde sin side og vi vant kampen 4-3 på straffe.

Dermed klar for finale mot Holmen. Tette kampar og kun to timer mellom semifinale og finale, så mange slitne bein. Førde tok tidleg leiing i finalen, men kampen enda til slutt 1-1. I semifinalen var Førde heldig som fekk seier, men i finalen hadde dei fortjent å vinne etter ordinær tid. I straffesparkkonkurransen vart det denne gongen motstander Holmen som hadde marginane på sin side. Det ble tap 4-3  på staffe, og 2 plass i Hamar Cup.

Det er lov å være skuffa etter å ha tapt finalen med knappast mogleg margin, men gutane rista det fort av seg. OG totalt sett er dei godt fornøgd med Hamar Cup 2018.

0 Kommentar

Fotballakademiet Hausten 2018

Postet av Førde IL - Fotball den 12. Sep 2018

                                                                                                          Generalsponsor

Åsen & Øvrelid Fotballakademiet haust 2018

Førde IL Fotball startar opp Åsen & Øvrelid Fotballakademiet etter haustferien – nærare bestemt den 17.oktober.

Åsen & Øvrelid Fotballakademiet  er laga for deg som vil trene meir og ta eit steg på vegen for å bli god på ferdigheter som føring/finter, ballkontroll, medtak, pasningar, ballkontroll i luft og skåringstrening. Øving og  masse god terping mot ulik motstand og i ulike spelformer skal til for å kome eit stykke på vegen..

NB! Tilbodet er for gutar og jenter fødd i 2005 - 2009. Oppstart som nemnd 17.oktober og avsluttar 14.desember - totalt 18 økter - Onsdag og fredag 15.00 – 16.00

Pris pr deltakar er kr.1500,- inkludert treningsgensar.

Ved sidan av tekniske og taktiske ferdigheiter vil vi i øktene legge vekt på «tilstedeværelse» og punktlegheit.

Ønskjer du å delta på Åsen & Øvrelid Fotballakademiet så meld deg på til:

 Bjørn Totland:  bjorn@forde-fotball.no 

Frist for påmelding er søndag 7.oktober. 

I påmeldinga treng vi fylgjande  kontaktinfo:

Namn og alder på utøvar,  e-post og telefon til føresette samt storleik på gensar

Velkomen til lærerike økter

Bjørn Totland

0 Kommentar

Miljøsamling 12 års kullet i Sogndal

Postet av Førde IL - Fotball den 21. Aug 2018

Denne helga har Førde Fotball arrangert miljøsamling for heile 12 års kullet i Sogndal. Heile 58 spelare og 10 trenare var med på turen. Sogndal Fotball tok godt i mot oss, og samlinga starta med omvisning på flotte Fosshaugane Campus. Etter dette var det klart for trening.

Utviklingsavdelinga til Sogndal stilte opp med Tommy Øren, Henrik Furebotn, og Morten Olsen. Tommy Øren hadde økta med jentene, og jentene var fokuserte og godt nøgd med treningsøkta. Det same gjaldt øktasom Morten og Henrik hadde med gutane. Alltid kjekt med litt nye impulsar og øvelsar. Takk til Tommy, Henrik og Morten for super innsats.

Deretter bar turen til Sogndal sentrum og litt handling for dei fleste – det var jo tross alt laurdag. Sjølv om det var laurdag så var det Taco som stod på menyen til kvelds.
Resten av kvelden kosa dei seg på tvers av skulekretsar. Det var god stemning i korridorane, og var nok ikkje alle som hadde lyst til å falle til ro kl 23.

Etter frukost sundag var det klart for treningskampar i 9’er fotball mot Sogndal lag. Det ble gjennomført 3 kampar for gutane, og 2 for jentene. For mange var dette fyrste møte med 9’er fotball, og innsatsen mangla definitivt ikkje. Alle er ein erfaring rikare. No er det heim å trene meir.  Vi avslutta helga med Pizza og Sogndal – Florø kamp.

Takk til Sogndal Fotball ved Geir Inge Heggestad for godt samarbeid, og takk til alle 12 åringane med trenare.
Ein super gjeng å ha med på samling, og ein god start på siste halvår i barnefotballen.

Geir Vindheim
Leiar Breddeutvalget

Postet av Førde IL - Fotball den 19. Aug 2018

Førde IL Fotball på besøk hos SK Brann

Postet av Førde IL - Fotball den 9. Aug 2018

Denne veka var Førde med ei stor gruppe spelarar og trenarar på klubb-besøk til serieleiar i Noreg SK Brann. Ein tur for trenarar for å gje motivasjon og inspirasjon til vidare arbeid i Førdefotballen, og for nokre spelarar til å få gode referanser saman med eitt av Noregs beste akademier på gutesida i ungdomsfotballen. 

Heile 15 trenarar og 4 spelarar frå klubben var med på turen. Vi ankom Bergen kl 1400 tysdag, og var godt tekne imot av SK Brann sin leiar for Brannakademiet Kristian Andersen. Kristian var ein framifrå vert og var open om korleis Brann tenkjer og gjer ting, samt tok seg tid til spørsmål frå våre trenarar. Programmet tysdag var observasjon av to treningsøkter, Brann G14 og Brann 2. Der fekk vi på førehand god informasjon om kva tema for treningane var, og kva som vart vektlagt. Det var veldig god læring for våre trenarar og sjå dei svært dyktige Branntrenarane i aksjon på feltet. I tillegg fekk nokre av våre spelarar delteke på treningane. Etter treninga til Brann 2 fekk vi og ein gjennomgang av kvardagen til Brann 2 av trenarane Morten Kalvenes og Brede Skahjem Tokvam. 

Onsdagen starta tidleg, med observasjon av dei same laga i trening frå kl 0800. Også her med god info om innhald og tema, og med våre hospitantar i aksjon. Etter trening var det informasjon frå Brann, først ved akademileiar Kristian Andersen, og så ved fagleg leiar for akademiet Magni Fannberg. Saman med observasjon og info rundt treningane var dette svært nyttig for å få eit innblikk i heilheten på korleis Brann tenkjer. Vi fekk gode tips om kva vi kan overføre til Førde, og også litt om kva som høyrer til ein toppklubb. Besøket vart avslutta med lunsj på Brann stadion, og ei lita omvisning på anlegget. 

Tre keepertrenarar frå Førde var og med på turen, og fekk observert keepertrening. I tillegg var keepertrenar hos Brann sitt a-lag, Dan Riisnes innom onsdag og hadde gode diskusjonar med våre keepertrenarar. Førde IL Fotball har hatt to strålande dagar hos SK Brann, og takkar Brann for openheit og ein framifrå motagelse og oppfølging desse to dagane. 

Vi tek med oss masse motivasjon og nyttige tips heim til Førde. 

Tusen takk Brann, og så vonar vi at «gullet skal hem».

Bjørn Totland 

0 Kommentar

Kristian Bell med siger mot Kina i Åpent Nordisk mesterskap G16.

Postet av Førde IL - Fotball den 5. Aug 2018

Kristian Bell spelte heile kampen for G16 landslaget i åpent nordisk mesterskap mot Kina.

https://www.fotball.no/landsla...

0 Kommentar

Storsiger for damelaget!

Postet av Førde IL - Fotball den 25. Mai 2018

Førde sitt damelag spelte i kveld mot Sogndal på Kvåle stadion. Der varta dei opp med ein aldri så liten målfest. Til pause stod det 0-4 til damene, resultatet til slutt vart 0-6. Målscorarar i kampen var Linda Saltskår Kalstad x2, Åshild Hartveit, Alise Takvam, Synne Søvik og Henriette Skogsøy Hansen. Damene står med tre sigrar og tre uavgjort så langt denne sesongen.

Heia Førde!!

0 Kommentar

GRATULERER MED DAGEN

Postet av Førde IL - Fotball den 17. Mai 2018

Førde IL Fotball ynskje alle ei fin 17.mai feiring. Under folkefesten i idrettshallen etter folketoget vil vår eigen Kristian Bell få utdelt Finn Friis Hafstad minnefond. Gratulerer til Kristian.

0 Kommentar

God dag for Førde laga i Hafstadparken

Postet av Førde IL - Fotball den 8. Mai 2018

Tysdag 8 mai vart det avvikla 3 kampar i Hafstadparken. Først ut var J13/14 der Førde 2 møtte Dale. I ein tett kamp der Dale leia 2-0, så snudde Førde jentene kampen og vant til slutt 3-2.  Deretter var kamp både på bane 1 og bane 2. På bane 1 var det eit tett og spennande lokaloppgjør mellom Førde 3 og Tambar i 6 divisjon.  Her enda kampen med poengdeling og 1-1.  Førde sitt mål blei skora av Andreas Rolland Vågseth. 

På bane 2 var det 1 divisjonsoppgjør Gut mellom Førde 2 og Jotun. Førde 2 tok føringa frå start, og var tidleg oppe i ein 1-0 leiing som stod til pause etter mål av Sander Vikum.   Tidleg i andre omgong auka Førde til 2-0 ved Andreas Kjæmpenes før Jotun reduserte. Men mål av Martin Sandal og Sander Vikum gav Førde ein fullt fortjent 4-1 seier.

Alt i alt ein flott kveld i Hafstadparken, og onsdag er det ny spennande kamp i Hafstadparken i 3 Divisjon damer mellom Førde og Høyang. Kampen går kl 1930, så det er berre å møte opp å heie på Førde. 

0 Kommentar

Oppstart fotball for born født 2012

Postet av Førde IL - Fotball den 22. Apr 2018

Førde IL Fotball ynskje alle born født i 2012 velkommen til leik og moro med fotball.  Tilbodet til dei som blir 6 år i 2018 vil i år være laurdager kl 11.30-12.30 i Hafstad Idrettspark.  Det vil være eit samla opplegg for Flatene, Førde BSK, Slåtten og Sunde.   Første gang vil være laurdag 28 april kl 11.30.

Påmelding sendast slik:

https://docs.google.com/spread...

Du kan også gå inn på linken via www.forde-fotball.no velg aldersfastlagd, og Fotball kull 2012.

Det vil være ein treningsavgift på kr 500 pr born for å delta. Dei som er med vil få moglegheit til å være med på turneringar utover våren og hausten. Det er konglerriketurneringar Tambarskjelvar 6.mai, Eikefjorden 10 juni,Florø  02 september og Førde 23 september. Disse 4 cupane er gratis å delta på. I tillegg har vi eigen cup for lag frå Førde søndag 3 juni. Denne cupen koster kr 500 pr lag. 

Vi gleda oss til å sjå mange ivrige  på laurdager.

mvh

Ole Bjørn Otternes

Barnefotballansvarlig i Førde Fotball                                                                        

epost oleotternes@hotmail.com     Mobil: 90925653           

0 Kommentar

Klubbveke hos Sport1 Førde

Postet av Førde IL - Fotball den 21. Mar 2018

Velkommen til klubbveke hos Sport 1 Førde!

Vi vil gjerne invitere medlemmane til klubbveke hos oss frå 3. – 7. april.

Denne veka får alle som er medlem i Førde IL Fotball -20% på heile butikken* og -30% på alt frå Umbro.

(*Gjeld ikkje sportselektronikk og sykkel)

Vi håper så mange som mogeleg tar turen innom for ein hyggeleg handel!

Mvh
Øystein og Silje

Klubbansvarlege Sport 1 Førde

Medlemskort finn du ved å logge inn på minidrett.nif.no

0 Kommentar

Stina Hillersøy tatt ut til Talentleir J03 og J04.

Postet av Førde IL - Fotball den 8. Mar 2018

Fire jenter frå fylket er utteken til Talentleir i Sarpsborg 15.-18.mars, skriv NFF Sogn og Fjordane på sine nettsider.

Stina Hillersøy frå Førde IL Fotball er ein av dei fire.

Talentleiren er nest øverste nivå i spelarutviklingsmodellen Landslagsskulen i NFF. Samlingane skal gi spelarane preferansar og inspirasjon til vidare utvikling og vil danne grunnlag for framtidige uttak til aldersbestemte landslag.

Førde IL Fotball er gratulerer Stina og dei andre spelarane med uttaket og ønskjer lykke til på samlinga

0 Kommentar

Edvin Brattreit tatt ut til Talentleir G03 og G04

Postet av Førde IL - Fotball den 6. Mar 2018

Åtte gutar frå fylket er utteken til Talentleir i Sarpsborg 15.-18.mars, skriv NFF Sogn og Fjordane på sine nettsider.

Edvin Brattreit frå Førde IL Fotball er ein av dei åtte.

Talentleiren er nest øverste nivå i spelarutviklingsmodellen Landslagsskulen i NFF. Samlingane skal gi spelarane preferansar og inspirasjon til vidare utvikling og vil danne grunnlag for framtidige uttak til aldersbestemte landslag.

Førde IL Fotball er gratulerer Edvin og dei andre spelarane med uttaket og ønskjer lykke til på samlinga!

0 Kommentar

KM futsal tittel til J13 og J15

Postet av Førde IL - Fotball den 3. Mar 2018

Vi gratulerer Førde med siger i både J13 og J15 klassen i KM innandørs på Sandane. I J13 vart finalen mellom Førde og Stryn avgjort på straffesparkkonkuranse etter at det stod 0-0 etter ordinær tid og ekstraomgonger. I straffesparkkonkuransen fekk ikkje Stryn mål, og dermed kunne Førde juble over KM tittel. Det andre Førde laget vant bronsefinalen med 1-0 mot Kaupanger. I J15 finalen mellom Førde og Vik var Førde klart best og vant fortjent 3-0. Førde hadde også med lag i G13,G15 og G19 klassane, men disse rauk ut før semifinalane. 

Sundag 4 mars er det nye sjanser i J14, J16, J19, G14 og G16 klassane.

0 Kommentar

Trenarkurs: Grasrottrenar 1

Postet av Førde IL - Fotball den 28. Feb 2018

Kurset inneheld både er ein teoretisk del og ein praktisk del. Den teoretiske delen vil vera frå 17.00-18.15, etterfølgt av ein praktisk del frå 18.30-ca. 21.00 begge dagar. Frå og med i år har forbundet laga e-læring til trenarkurset. Dei som melder seg på må ta e-kurset på førehand. Dette er for å redusere tal timar kurset tek for deltakaren.

NFF Grasrottreneren – lisensutdanningen er trinn 1 av 4 i NFFs trenerutdanningsstige. Primærmålgruppa er trenarar i barne- og ungdomsfotballen, samt alle som har som ambisjon å verke som trenar i spelarutviklingssegmentet og i vaksenfotballen.
Les meir om NFF Grasrottrenar her.

Det er svært viktig at både hovudtrenarar og assistenttrenarar kursar seg. Prioriter kurs framføre lagstreningar. Hovudtrenarar for kvart lag må ta ekstra ansvar for å få med sine assistenttrenarar på kurset. Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med Bjørn Totland.

Når: 13. og 16. mars.
Tidspunkt: 17-21 begge dagar.
Kvar: Hafstadparken.
Deltakarar: Alle Førdetrenarar i barne- og ungdomsfotballen som ikkje har dette kurset (tidlegare c-kurs del 1).

Kurset er gratis.

Trykk her for informasjon om påmelding.

0 Kommentar

Kvalifisering til NM Telenor Cup for J16 og G16

Postet av Førde IL - Fotball den 8. Feb 2018

For J16 er følgjande lag kvalifisert: Førde IL, Sandane TIL, Sogndal IL, Stryn TIL og Vik IL.

Kampoppsett runde 1:
Kamp 1: Onsdag 28.februar kl. 19.00, Hafstadparken.
Førde - Sogndal

Dommartrio: Sivert Orheim – Torleif Straume og Elias R. Eide.

Kamp 2: Onsdag 28.februar kl. 19.00, Sandane Idrettspark.
Sandane – Stryn
Dommartrio: Jostein Haugland – Matias L. Larsen og Jakob Hagen.

ForG16 er følgjande lag kvalifisert: Florø SK, Førde IL, IL Jotun, Sandane TIL, Sogndal IL og Stryn TIL.

Kampoppsett runde 1:

Kamp 1, onsdag 28.februar. kl. 19.00.
Florø - Førde

Dommartrio: Dan Kåre Esp – Vegard Yndestad og Leander A. Nordal.

Kamp 2, onsdag 28.februar. kl. 19.00.
Jotun - Sogndal
Dommartrio: Simen S. Skjerven – Jonny Skjerven og Vegard Aa Albretsen.

Kamp 3, onsdag 28.februar. kl. 19.00.
Stryn - Sandane
Dommartrio: Steve Sibondagara – Abdinazir Abdi og Sureskumar Kathiravel.

0 Kommentar

13 Førdelag kvalifisert til KM i Futsal

Postet av Førde IL - Fotball den 5. Feb 2018

Følgjande Førdelag er kvalifisert:

Jenter 13: Førde1 og Førde2

Jenter 14: Førde1

Jenter 15: Førde1

Junior Damer: Førde

Gutar 13: Førde1

Gutar 14: Førde1 og Førde2

Gutar 15: Førde1

Gutar 16: Førde1 og Førde2

Junior Menn: Førde1 og Førde2

Kampoppsett til sluttspel vil bli lagt ut på  fredag 23.februar.

Les meir på NFF Sogn og Fjordane sine sider.

0 Kommentar

Informasjonskveld om Førde Cup

Postet av Førde IL - Fotball den 1. Feb 2018

Vi håpar du har høve til å vere med å gjere dette til Vestlandets flottaste fotballturnering. Vi treng deg og di dugnadskraft! om du er 18 eller 80 år, bli med!

Vi har mange forskjellege arbeidsoppgåver.

Tysdag inviterer vi til informasjonsmøte og open dialog om kva vi kan gjere for å gjere Førde Cup enno betre enn i 2017!

Kick Off for Førde Cup blir i Hafstadparken tysdag 6. februar kl 20.30-21.30.

Velkommen!

0 Kommentar

Trenarforum i regi av NFF Sogn og Fjordane

Postet av Førde IL - Fotball den 30. Jan 2018

Spelarutviklar Nils Tore Krosshaug og trenarutviklar Marius Lenni Bøe kjem for å halde trenarforum.

Innhald vil vere spelarutvikling, med fokus retta på ungdomsfotball.
I tillegg vil det sattast fokus på utfordingar i klubb og trenarrolla.

17.30-18.50 Teori og diskusjon

19.00-20.30 Praksis

Vi vonar trenarane våre i Førde sett av dette forumet og sitller.

0 Kommentar

Velkommen til Førde Cup utandørs!

Postet av Førde IL - Fotball den 29. Jan 2018

Førde Cup er ei kompakt turnering som spelast på baner som ligg sentralt i Førde . Det same gjeld overnattingstilboda, det er kort veg frå bustad til baner.

Les meir om turneringa her.

No er det opna for påmelding til turneringa, dette gjer du her.

0 Kommentar

Årsmøte

Postet av Førde IL - Fotball den 11. Jan 2018

Styret innkallar herved til årsmøte i Førde IL Fotball.

Årsmøte blir halde på klubbhuset i Hafstadparken onsdag 28. februar kl 19.00.

Saker som et medlem ønsker å tatt opp på årsmøtet, må sendast styret seinast onsdag 14. februar til per.oyvind.storevik@fordeidrettslag.no

Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast ei uke før årsmøtet på forde-fotball.no.

For å ha stemmerett må medlemmet ha fylt 15 år, vore medlem av idrettslaget i minst ein månad, og ha betalt kontingenten. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om stemmerett, valgbarhet, forslagsrett mv., sjå idrettslagets lov § 5 til § 8.

Velkommen til årsmøte!

Med venleg helsing

styret

0 Kommentar

Johan i ny rolle

Postet av Førde IL - Fotball den 8. Jan 2018

Vi ønskjer å takke Johan Pettersen som idag har hatt sin siste dag som sportslig leiar for Førde fotball. 

Samstundes er vi glade for at Johan ikkje forlet oss. Han går inn i ei ny rolle som hovudtrenar for Førde 2. 

Heia Førde!

0 Kommentar

Firda: Nye spelerar til Førde?

Postet av Førde IL - Fotball den 6. Jan 2018

Testar Ut: Førde-trenar Bjørn Totland (t.v.) skal teste ut Kapinga Brazy og Simen Stølen denne veka.Foto: Stig Roger Eide

Presseklipp frå Firda 06.01.2018 

FOTBALL: Onsdag kveld starta Førde- spelarane opp 2018-sesongen. Og Simen Stølen (21) og Kapinga Brazy (20) var på prøvespel.

Førde-leiinga har brukt juleferien godt, og allereie på den første treningskvelden dukka to nye prøvespelarar opp. Kapinga Brazy har gått gjennom Brann-systemet, og har spelt ei rad med kampar for Brann 2. Dessutan har han spelt stoppar både i Fyllingsdalen og Lysekloster. Når det gjeld den andre spelaren, Simen Stølen, så har ungguten frå Fjaler ei rad med kampar for Kongsvinger i OBOS-ligaen og 2. divisjon, og spelte i fjor for 3. divisjonsklubben Flisa.

– Dette er to spennande spelarar som vi har hatt noko kontakt med i det siste, og som vi ser fram til å sjå litt nærare på, seier Førde-trenar Bjørn Totland.

Teste ut Førde

– Eg har tilbod frå nokre andre klubbar i bergensområdet, men har høyrt så mykje positivt om Førde at eg har lyst til å teste meg ut her. Eg har sjølv møtt Førde i mange kampar, og hugsar godt kampane på Førde stadion. Far min, Harald Lundekvam, har som tilsett i Umbro hatt mange turar til Førde og førdefotballen, og har sterkt tilrådd meg denne klubben. Førsteinntrykket er bra, smiler Brazy etter si første trening med mannskapet til hovudtrenar Bjørn Totland.

– No skal eg vere med på treningane denne veka, og så får vi sjå korleis ting utviklar seg. Men eg kan godt tenke meg å flytte ut frå bergensområdet, og kanskje kan byen Førde vere ein aktuell plass å slå seg ned. Men vi får sjå korleis dialogen med klubben og dei andre spelarane utviklar seg, seier Brazy som heilt klart har sin styrke i det defensive arbeidet.

– Eg kan spele i dei fleste posisjonane defensivt. Dei siste åra har eg stort sett spelt midtstoppar, seier Kapinga Brazy som også fekk med seg både treningskampar og cupkamp for Brann sitt A-lag i den perioden han var i storklubben i byen mellom dei sju fjell.

– Eg fekk aldri sjansen til å vise meg fram for Brann sitt A-lag i obligatoriske kampar. Men kanskje kan sjansen dukke opp igjen, seier 20-åringen.

Stølen tilbake

21-år gamle Simen Stølen har allereie fått eit kontraktstilbod frå Førde, eit tilbod han vurderer seriøst.

– Eg skal vere her ut denne veka, og så får eg vurdere kva eg skal gjere vidare. Eg har flytta tilbake til Fjaler, og har i dei siste månadane hatt vikarjobb som lærarassistent ved Våge skule. Eg er framleis såpass ung at eg har lyst til å satse for å sjå kor langt eg kan nå i fotballen. Kanskje kan dette vere eit riktig stadium no. Det er mange gode spelarar her, og kanskje kan det vere mogleg å løfte sunnfjordklubben opp eit hakk, seier Stølen som etter at han debuterte for Dale som 15-åring, har spelt for klubbane Sogndal 2, Kongsvinger 2, Kongsvinger sitt førstelag og Flisa.

Opptur i Kongsvinger

– Eg fekk oppleve oppturen i Kongsvinger med trenar Luis Pimenta og kom mellom anna inn som innbytar då Kongsvinger slo Strømsgodset i semifinalen og sikra oss cupfinaleplass. Men dessverre vart Rosenborg for sterke i finalen på Ullevaal. Men ei stor oppleving uansett, seier Stølen om noko av det som har vore den største cupoverraskinga i norsk fotball i dette tusenåret. Stølen vart sittande på innbytarbenken under cupfinalen, men såg at den tidlegare Førde-kapteinen Johan Wennberg fekk komme inn som innbytar.

Kjenner Førde

– Som fjalerbu kjenner eg sjølv

sagt godt til Førde-fotballen, sjølv om eg stort sett alltid har spelt mot Førde 2 då eg var i Dale. Men eg trur ikkje det er ikkje noko reelt alternativ for meg å spele for Dale i 4. divisjon kommande sesong heller. Eg vil framleis utvikle meg, og då håpar eg at Førde kan vere ein aktuell plass. Det er trass alt høgare nivå her, seier den offensive spelaren.

– Eg har blitt nytta i dei fleste offensive posisjonane tidlegare. Men favorittposisjonen er kanskje som indreløpar. Men eg tek dei utfordringane som kjem, seier Stølen.

0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline