Imponerande opphenting av Førde sitt J15/17 lag i første Kamp i KM Finalen

Postet av Førde IL - Fotball den 20. Okt 2018

Førde sitt J15/17 lag vant J15/17 serien. Dei tre beste i serien speler enkel serie om KM tittelen. Den første kampen gjekk i dag i Stryn mellom Stryn og Førde.

To gode lag som hadde kvar sin omgang.

Kampen opnar jamnt. Førde er uheldig og får annulert ei tidleg scoring pga offside. Stryn tek deretter leiinga 1-0. 5 minutt seinare aukar Stryn til 2-0. Det siste kvarteret av 1. omgang køyrer Førde kampen og hadde fortjent ei scoring.

I 2.omgang er Førde klart best, og køyrer kampen. Etter 10 minutt vert Astrid Blikra felt innafor 16-meteren, og Førde får straffe. Ho set sjølv straffesparket og vi reduserer til 2-1.

Etter dette produserer Førde mykje og har 2 skot som treff tverrliggeren i tillegg til fleire farlege sjangsar. Så, 5 minutt før slutt får Inga Hoff rommet ho treng spring gjennom og trillar inn utlikninga. Kampen endar 2-2, og Førde har alt i eigne hender før siste kamp heime mot Eid på søndag 28.10. Imponerande sterkt å komme tilbake etter å ha ligget under 2-0 til pause!

Eid møter Stryn til kamp 2 på Eid tysdag. Uansett resultat i denne kampen kan Førde avgjøre dette sjølv med (stor nok) siger søndag.

Det er berre sette av tid kl 1400 søndag 28 oktober i Hafstadparken.




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.