Edvin Brattreit tatt ut til Talentleir G03 og G04

Postet av Førde IL - Fotball den 6. Mar 2018

Åtte gutar frå fylket er utteken til Talentleir i Sarpsborg 15.-18.mars, skriv NFF Sogn og Fjordane på sine nettsider.

Edvin Brattreit frå Førde IL Fotball er ein av dei åtte.

Talentleiren er nest øverste nivå i spelarutviklingsmodellen Landslagsskulen i NFF. Samlingane skal gi spelarane preferansar og inspirasjon til vidare utvikling og vil danne grunnlag for framtidige uttak til aldersbestemte landslag.

Førde IL Fotball er gratulerer Edvin og dei andre spelarane med uttaket og ønskjer lykke til på samlinga!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.