Fotballåret 2020 - "Annleis sesongen"

Postet av Førde IL - Fotball den 30. Des 2020


FOTBALLÅRET 2020 – «ANNLEIS SESONGEN»

Fotballåret 2020 starta som alle andre fotballår med planlegging og oppstart av trening. Med revidert sportsplan på plass gjennomførte vi både spelarmøter og foreldremøter. 

KM Futsal Kvalifisering var som alltid første arrangement for klubben første helga i februar. I eit prikkfritt arrangement med god dugnadsinnsats var det mange lag frå klubben som kvalifiserte seg til sluttspelet på Sandane. Totalt sett etter finalehelga endte vi med 1 førsteplass, 2 andreplassar og 4 tredjeplassar. Strålande innsats av våre lag. 

Covid-19 stoppa all vidare aktivitet 12 mars, og alt vi hadde sett fram til måtte settast på vent. Vi fekk ein gradvis opning av dei forskjellige årskulla etter påske, og rundt 1 mai var alle i gang med «koronatrening».  Det vart opna for kontakttrening og treningskampar frå medio juni, og det vart klart at aldersbestemt opp til og med 19 år ville kunne gjennomføre haustsesong.  

Vi fekk og i gang trening for 6 åringane og 7-9 år med ein litt annleis kampkvardag. Mange dyktig trenare, lagleiare/foreldre har bidratt til at «annleis sesongen» vart ein god oppleving for alle. Tross restriksjonane kan vi seie at alle fekk eit godt tilbod i 2020. Mange flotte prestasjonar i løpet av hausten der fleire kjempa om KM tittel. Vi må elles også berømme alle våre dyktige klubb/rekrutt dommare som har gjort ein kjempeinnsats i 2020.

Dessverre vart det ingen sesong på våre seniorlag, men vi er imponert over korleis dei har opprettholdt motivasjon for å trene gjennom heile året. Dette fundamentet ser vi fram til at dei tar ut i ein forhåpentlegvis normalsesong i 2021.

Vi arrangerte som vanleg SSF Kongleriketurnering i september. Grunna Covid 19 blei turnering arrangert over to dager. God påmelding, og eit arrangement som hadde fokus på fotballaktivitet for dei minste ble flott gjennomført. 

Vårt «fyrtårn» når det gjeld turnering er Førde Cup Inne. Dessverre måtte vi i år avlyse denne turneringa, men vi skal komme sterkt tilbake i november 2021.

I løpet av 2020 har vi fått i gang både keeperprosjekt og dommerprosjekt. Med ressursar som Fredrik Hanssen og Bjørn Egil Sunde skal vi sikre at både våre keepere og dommare få gode utviklingsvilkår i åra som kjem.  

Det er mange som fortener ein ekstra honnør etter 2020 sesongen. 

  • Bjørn Totland – Trenar og spelaroppfølging i ein krevande sesong, og i tillegg til å bli far for fyrste gong. 😊 Ein enorm ressurs som gjev mykje av seg sjølv.
  • Terje Rognsø, Elias Larsen, Henrik Myklebust, Tor Ivar Vallestad mfl som har holdt motivasjonen   oppe i seniorgruppa.
  • Ole Bjørn Otternes – Fantastisk jobb med barnefotballen. God struktur på alle alderskull, og ikkje minst turnering og kampgjennomføring. 
  • Simo Koskinen og Olav Flatjord – Full kontroll på alt av utstyr. God struktur og godt samarbeid   med laga. 
  • «Pensjonistane» våre Odd Hagen og Anders Skreien med bidrar med mykje forskjellig i den         daglege drifta.
  • ALLE TRENARE/LAGLEIARE/FORESATTE/ALLE ANDRE som har bidratt på dugand eller           andre oppgåver. TAKK -  Vi er evig takknemleg for den jobben som er gjort i 2020.
  • ALLE våre fantastiske sponsora, og støttespelare. Saman kjem vi ut av Covid-19 styrka.

Jobben min som leiar i breiddeutvalg og Per Øyvind som dagleg leiar blir veldig mykje enklare når vi har så mange dyktig i og rundt klubben. «Annleis» sesongen 2020 har gitt meg trua på at vi er i ferd med å etablere eit styrka Førde IL Fotball.   Eg gledar meg til fortsettelsen, og ser fram til ein tilnærma normal fotballsesong i 2021.

 

                             Takk for innsatsen i 2020 – og Godt Nytt Fotballår.

                              Geir Vindheim                                                   Per Øyvind Storevik 

                  Leiar Breiddeutval Førde IL Fotball                       Dagleg Leiar Førde IL Fotball

 

                                                                        Hjerte (symbol) – Wikipedia



0 Kommentar

Medlemskontingent

Postet av Førde IL - Fotball den 22. Sep 2020

Førde Idrettslag har ennå penger utestående hva treningskontingent gjelder og har en mistanke om at noen av dere har en "sovende" e-postadresse. Fint om dere tar en tur innom min idrett og endrer hvis ny e-postadresse.


0 Kommentar

Åsen & Øvrelid Fotballakademiet hausten 2020

Postet av Førde IL - Fotball den 31. Aug 2020

 Bilderesultat for logo Åsen & Øvrelid     Bilderesultat for førde il Logo     Bilderesultat for sparebanken sogn og fjordane logo

                                                                                                          Generalsponsor

Åsen & Øvrelid Fotballakademiet haust 2021

Førde IL Fotball fortsett med Åsen & Øvrelid Fotballakademiet! Eit steg vidare – med fokus på meistring. 

Fotballakademiet er laga for deg som vil trene meir. Øving og masse god terping mot ulik motstand og i ulike spelformer er bra for å få god utvikling. Vi vil ha fokus på at alle skal tore med ball, og det å ha ball og ta på press er eit viktig tema for akademiet vårt. 

Kickstart i haustferien! (5. - 9. oktober) Denne veka blir det lengre økter frå morgonen; to økter pr gruppe: (info om treningstider kjem).

Tilbodet er for gutar og jenter fødd i 2008 - 2011. Oppstart 5.oktober og avslutning 3.desember - totalt 16 økter i vekedagar + 2 litt lengre økter i haustferien, og om mogleg turnering (ar).

Cupdeltaking for deltakarane: om mogleg vil vi melde på turneringar,  i hovudsak utanfor Sogn & Fjordane fotballkrets. MEN; i desse Koronatider kan ein ikkje rekne med at det blir turnering denne hausten.

Tidspunkt for øktene:

Måndag og onsdag 1500 – 1615: u9 og u12 i eigne grupper.

Tysdag og torsdag 1500 – 1615: u10 og u11 i eigne grupper.

Pris pr deltaker er kr.2300,- inkludert Umbro regnjakke

Ønskjer du å delta på Åsen & Øvrelid Fotballakademiet så meld deg på til:

Bjørn Totland:  bjorn@forde-fotball.no 

Frist for påmelding er søndag 27.september. Det er eit begrensa tal plasser i kvart årstrinn. Først til mølla!!!

I påmeldinga treng vi fylgjande  kontaktinfo:

Namn og årsmodell på utøvar, e-post og telefon til føresette samt storleik på jakke 140-152-164-xs osv.)

Det vil bli sendt ut en bekreftende e-post ved påmelding.

Velkomen til lærerike økter

Bjørn Totland

Spelarutviklar og Trenarveiledar 

Førde IL Fotball


0 Kommentar

Igang med seriespill 14.-16.august

Postet av Førde IL - Fotball den 15. Mai 2020

Slik ser seriespillet ut for damer og herrer!


NFF Sogn og Fjordane ser føre seg oppstart av breiddefotballen i medio august. Både for seniorklassa og barne- og ungdomsklassa.


Slik det pr. dags dato ser ut so blir det oppstart helga 14. – 16.august, i Kretsligaen og 3.divisjon kvinner.

Styret i NFF Sogn og Fjordane har vedteke følgande for Kretsligaen og 3.divisjon kvinner: 

•    Laga i Kretsligaen og 3.divisjon kvinner blir fordelt i 2 (to) avdelingar, der kampane blir gjennomført med doble seriar.

Dersom vi hadde sett opp ein enkel serie so hadde nokre lag fått 6 heimekampar, og nokre lag 5 heimekampar. 

Med ein dobbel serie vil konkurranselikskapen blir meir rettferdig. Her med tanke på at lag rykker opp/kan rykke opp i seriar som NFF sentralt administrerer.


3.divisjon kvinner

I 3.divisjon kvinner har vi sett opp avdelingane ut frå eit geografiske omsyn, med følgande avdelingar:

Avdeling 1    Avdeling 2

Balestrand    Førde

Høyang    Måløy

Kaupanger 2/Sogndal 2    Sandane

Sogndal    Selje/Åheim

Studentspretten    Stryn

Syril    

Etter at dei to avdelingane i 3.divisjon kvinner er ferdigspelt, blir det gjennomført eit sluttspel på følgande måte:


•    Nummer 1 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om kvalifiseringsplass til 2.divisjon kvinner i 2021. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 2 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 3 og 4 i 3.divisjon kvinner i 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 3 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 5 og 6 i 3.divisjon kvinner i 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 4 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 7 og 8 i 3.divisjon kvinner i 2020.  Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 5 frå avdeling 1 og 2, samt lag nummer 6 frå avdeling 1, møtast til ein enkel serie for spel om plassane 9, 10 og 11 i 3.divisjon kvinner i 2020. 



Kretsligaen

Vi kjem til å gjennomføre live-trekning på NFF Sogn og Fjordane si Facebook-side, onsdag 27.mai, kl. 18.00.

Trekninga blir fysisk gjennomført på Flo stova på Fosshaugane Campus. For media og andre som ønskjer å vere til stades på Flo stova, so er de velkomne til det.


I Kretsligaen er laga rangert/seeda ut frå sluttabellen i Kretsligaen i 2019, der følgande mal blir brukt: 


Rangering -seeding        

Nivå 1    Førde    Eid

Nivå 2    Studentspretten    Stryn

Nivå 3    Kaupanger    Måløy

Nivå 4    Høyang    Syril

Nivå 5    Bremanger    Dale

Nivå 6    Vik    Jølster


Under live-sendinga på Facebook kjem vi til å trekke laga på nivå 6 først, der desse blir plassert i kvar sin avdeling. Deretter trekker vi laga på nivå 5 i kvar sin avdeling, nivå 4, og vidare opp til og med laga på nivå 1, her Førde og Eid.

Under trekninga, og rett i etterkant når avdelingane er endelege, vil vi ha eit knippe fotballfaglege personar til stades i «studio», for å diskutere avdelingane opp mot kvarandre. I tillegg blir det fotballfaglege samtalar knytt til breiddefotballen i Sogn og Fjordane.


Etter at dei to avdelingane i Kretsligaen er ferdigspelt, blir det gjennomført eit sluttspel på følgande måte:


•    Nummer 1 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om opprykk til Norsk Tipping ligaen 2021. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 2 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 3 og 4 i Kretsligaen 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 3 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 5 og 6 i Kretsligaen 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 4 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 7 og 8 i Kretsligaen 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 5 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 9 og 10 i Kretsligaen 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 6 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 11 og 12 i Kretsligaen 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

MERK! For laga som blir nummer 5 og 6 kan det bli endringar i høve gjennomføring av eit sluttspel, eventuelt grunna lag som rykker ned-/ikkje rykker ned frå Norsk Tipping ligaen.



0 Kommentar

Treningsavgift 2020

Postet av Førde IL - Fotball den 4. Mai 2020

Kjære utøvarar i Førde IL Fotball.

Vi er i ferd med å sende ut årets treningskontingent, og ønskjer å forklare bakgrunnen kvifor vi gjer dette no – trass i at aktiviteten er redusert og framleis er delvis avstengt.

Førde IL Fotball arbeider med å kartlegge konsekvensane av avstenginga i samband med Covid 19. Det vil vere inntektstap i form av avlyste turneringar, avlyst akademi og mogeleg reduserte sponsorinntekter. Treningskontingenten utgjer nærmare 20% av vår inntekt, og utan desse midlane vil vi ikkje ha ein berekraftig økonomi i tida framover. Inntektene frå treningskontingenten er difor svært viktig for at vi skal kunne tilby god aktivitet, også etter at avstenginga blir oppheva.

Vi vedtok nye satsar for treningskontingent for 2020 på årsmøtet i fotballgruppa 5.mars. Desse vedtekne kontingentane vil vi som følgje av Covid 19 viruset gå litt vekk ifrå,  og heller forsøke å «balansere» etter aktivitet.

Vi ber om forståing for at vi fakturerer treningskontingenten no, trass i eit redusert tilbod. Vi forsøker så langt det lar seg gjere å gi  råd og tips til individuelle treningsmetodar gjennom dei tilsette som ikkje er fullt permitterte, samt gjennom frivillige.

Vi har full forståing for at enkelte kan ha utfordringar med å betale treningskontingenten akkurat no. Vi ber dykk difor ta kontakt med oss, så skal vi nok finne gode løysingar. Ønskjer de kontakt med oss, så send e-post til: post@forde-fotball.no , så vil vi svare dykk så raskt det lar seg gjere.

Førde IL Fotball ønskjer å vere ei inkluderande gruppe i Førde idrettslag som tek vare på sine aktive. Akkurat no vonar  vi at de kan hjelpe oss gjennom denne utfordrande tida ved å betale årets treningskontingent.

 

Førde 27.04.20

 

Med Helsing

Arild Sandvoll                                 Per Ø. Storevik                               

Styreleiar                                        Dagleg leiar


0 Kommentar

OM ÅPNING FOR TRENING OG HVORDAN VI FORHOLDER OSS TIL DET

Postet av Førde IL - Fotball den 3. Apr 2020

Helsedirektoratet har åpnet for å at man kan delvis trene igjen. Det må skje innenfor de gjeldende regler for smittevern.

Det kan være maksimalt 5 personer sammen, med en avstand på to meter. Avstanden gjelder både innad i gruppen, og til andre personer. Det oppfordres til at det bør være voksne tilstede der det er aktivitet for barn og ungdom. Det er ikke tillat med kamper. Garderobefasiliteter kan heller ikke benyttes og er stengt. Mer fotballspesifikt, det er ikke lov med heading og det er ikke lov til å ta på ballen eller dele utstyr. 

Ingen Førde IL Fotball aktivitet

Fra Førde Fotball sin side vil vi presisere at all vår organiserte lagaktivitet fortsatt er stengt. Dette gjelder også mindre grupper. Vi ber om at Førde IL Fotball sine FB kanaler ikke brukes til å koordinere aktivitet eller oppfordringer om å samles til trening. Førde IL Fotball har ikke har kapasitet til å påse at smittevernregler blir fulgt. 

Hvorfor vil vi ikke åpne for aktivitet når andre gjør det

Mange klubber forholder seg til dette slik som oss og avventer ytterligere informasjon og tydeligere retningslinjer før evt. nye tiltak eller justeringer. Andre klubber gjør et forsøk på å få i gang organiserte treninger. Vi får se hvilke erfaringer de gjør seg med det.

Mindre klubber, på mindre steder kan kanskje få til dette på en god måte. Vår vurdering er at Førde med sine store årskull og som sentral klubb, ikke bør ta denne risikoen. Vi opplever at gjeldene smitteregler ikke er forenlige med å få organisert treninger for alle klubbens årganger på en forsvarlig måte. 

Så er det er sikkert enkelte mindre årganger som kanskje kunne ha fått dette til, men i den situasjonen vi står i nå må vi være solidariske, også mht. til organisert fotballaktivitet. Vi tror også at organiserte økter kan føre til et forventningspress om å delta, og mange av våre utøvere kan komme fra hjem i risikosonen som gjør at de ikke kan være med.

 

– Er du 100% trygg på at planlagt aktivitet kan gjennomføres i samsvar med smittevernbestemmelsene vil det normalt være greit, mener vi.  – Er du i tvil, la det være.

Vi er altså i tvil, og vi lar det være.

Disse vurderingene kan endres, og vi følger nøye med.

På eget ansvar

Banene kan altså brukes, så lenge man følger smittevernreglene. Men dette skjer da på eget ansvar og i privat regi. Vi anmoder derfor på det sterkeste at foresatte er med om dere sender barna ut for å spille fotball for å påse at smittevernreglene overholdes. Barn og ungdom kan fort glemme seg, og det som startet med noen pasningøvelser ble til en spillform med mange involverte. Da vil man fort risikere at banene blir stengt fordi det tok av med for mange på en gang og spillformer som ikke er tillatt. Vi anbefaler at de som har mulighet heller fortsetter med å spille fotball i hagen, på terrassen eller andre steder med færrest mulig mennesker til stede.


0 Kommentar

Vegard Savland spilleklar for Førde

Postet av Førde IL - Fotball den 31. Mar 2020

Etter 1 1/2 sesong i Florødrakta er Vegard igjen klar for spill hos oss og vi gleder oss. Oppholdet i Florø med kamper i Obos ligaen og deretter Post Nord ligaen ble ikke det Savland hadde håpet på. Skader nesten fra dag 1 i Florø har dessverre foreløpig satt en  stopper for Vegard sin fotballkarrière i toppfotballen. Nå tilbake hos oss, er han skadefri og optimist - bare vi kommer igang da - sier Vegard tankefullt. 

Uansett, vi ønsker Vegard velkommen tilbake.


0 Kommentar

Magne Hafstad AS har signert ny avtale med oss

Postet av Førde IL - Fotball den 20. Mar 2020

I disse krevende tider har Magne Hafstad AS signert ny avtale med oss og for fotballen betyr dette selvfølgelig svært mye. Mye på det generelle plan, men mye også med tanke på det vi står overfor og det man trykt kan kalle en krise for det norske samfunn og norsk idrett.

Førde IL Fotball sier tusen takk


0 Kommentar

Retningslinjer Førde IL Fotball - Koronavirus

Postet av Førde IL - Fotball den 11. Mar 2020

INFORMASJON OM KORONAVIRUSET

Førde IL  er som resten av verden opptatt av å førebygge og begrense smitte av koronaviruset. 

Vi ønsker ikkje å spreie ubegrunna usikkerheit angåande koronavirus, men vil forsikre om at vi følger råd fra Norges Idrettsforbund og helsemyndighetene.

I forbindelse med koronavirus ønsker vi å ha nokre retningslinjer for å førebygge og kanskje begrense smitte:

1: Har du eller noken i husstanden din vore i kontakt med noken som er smitta, skal du ikkje møte til trening og ta kontakt med fastlege eller legevakt på telefon. Sjå også informasjon fra Sunnfjord Kommune: 

https://sunnfjord.kommune.no/aktuelt-fra-kommunen/oppdatert-informasjon-om-koronaviruset.11909.aspx

 2: Har du eller ein i nærmaste familien vore på reise i eit område med utbredt og vedvarande smitte skal utøvar være i 14 dagers karantene. 

Oppdatert oversikt over områder med utbredt spredning finner de her:

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/omrader-med-vedvarende-spredning-av-koronaviruset-coronaviruset/                                                                                                                                                                                

3: Har du symptom på influensa eller andre forkjølelsesliknande symptom, så ynskje vi at du ikkje kjem på trening før du er frisk.

4: Alle vasker hender godt med såpe i garderober/toalett før trening (bruk gjerne antibac).

5: Ingen handhelsning før og etter kampar eller treningar. For anbefalingar sjå hva NFF har beslutta :

https://www.fotball.no/tema/nff-nyheter/2020/viktig-informasjon-vedrorende-koronavirus/

6: Ingen må drikke av andres flasker.

7: Vi anbefaler å følge med på Helsenorge og Folkehelseinstituttet for oppdatert informasjon. Norges Idrettsforbund har informasjon omkring eventuell risiko for smittespredning ved internasjonale reiser.

Ta gjerne ein prat heime om gode rutinar rundt vask og hygiene, og respekter heime-karantene om man har blitt satt i det.

For de ansvarlige rundt laga er dette rutinane ved mistanke om smitte:

1: Mistanke om smitte – informere klubb

2: Den det gjelder må kontakte fastlege/smittetelefon for å avklare eventuell testing.

3: Gjennomføre test – 24 timers ventetid på resultat 

Dersom negativ svar (ikke smittet) – utøvar og lag fortsetter aktivitet som før.

Dersom positivt svar (smittet) –det vert individuell vurdering av kvar einaste kontakt som personen har hatt. Det vil ikkje nødvendigvis medføre karantene for heile laget (men ganske mange vil nok havne der)

Trenar og lagleiar følger opp.

Karantene bestemmes av de råd som til enhver tid gjelder fra FHI. Vi skal til enhver tid sørge for at det er såpe og tørkepapir tilgjengelig på Filhuset.

Kontaktpersoner ved spørsmål:

Per Ø. Storevik, daglig leder
E-post: per.oyvind.storevik@fordeidrettslag.no
 Telefon: 918 19 543

Geir Vindheim, leiar i breddeutvalg
E-post: geir@forde-fotball.no 

Telefon: 481 67 022 (etter kl 16.00)


0 Kommentar

Informasjon fotballsesongen 2020 - Aldersbestemt avdeling

Postet av Førde IL - Fotball den 21. Jan 2020


VELKOMEN TIL FOTBALLSESONGEN 2020                                                      

v/Geir Vindheim Leiar Breiddeutval

 

Førde IL Fotball ynskjer alle gamle og nye utøvarar velkomen til fotballsesongen 2020. Ungdomslaga 13-17 år er no i gang med treningar . Alderstrinna 6-12 år vil ha oppstart i mars.

Klubben har sidan august 2019 jobba med revidering av sportsplan. Fokuset i revideringa har vore dei kapittel som omhandlar barne – og ungdomsfotballen, samt retningslinjer for cup deltaking.  Vi har gjennom hausten evaluert sesongen 2019 med alle involverte trenarar i 2019, samt at føresette har fått moglegheit å komme med innspel. 

Drift og utvikling av klubben vår med over 1100 utøvarar vil krevje mykje av mange. Det være seg alt frå tilsette, styre, breiddeutval, medlemmar og føresette. Klubben starta ein prosess i 2018 i regi av breiddeutvalet for å ta grep for styrke aldersfastlagd avdeling. Klubben har i mange år slått seg på brystet som ein av landets største breiddeklubbar, og der er vi framleis. Men vi har hatt mykje å gå på når det blant anna gjeld utdanning og oppfølging av trenarar. Kommunikasjon og informasjon ut til involverte partar er utfordrande, men klubben jobbar kontinuerleg for å få på plass gode kommunikasjonsrutinar. Dette vil skape mindre usikkerheit og spekulasjonar.

Nokre suksessfaktorar for å lykkast i 2020

  • Framtidsretta – Vi får ikkje gjort om fortida, men vi kan saman skape noko i 2020. Kvart einaste år brukar klubben  mykje energi på å bli samanlikna med det som har blitt gjort tidligare. Viktig at alle involverte parter har fokus på det vi kan påvirke framover. 
  • Kommunikasjon/Informasjon – Sørge for at vi har kanaler som gjev informasjon på rett plass til rett tid.
  • Utdanning og oppfølging av trenarar.

Klubben jobbar med å vidareutvikle ein god fotballkultur. Her må alle heie på kvarandre – og være positive bidragsytarar .  

Vi skal spele oss gode i lag, så snakk med oss – ikkje om oss. Vi lyttar og vil ha dialog. Det er lov å være ueinig, men saman finner vi gode løysingar.

 

Lykke til med fotballsesongen 2020 – Heia Førde

 

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

                                              STATUS OG TANKAR OM 2020 SESONGEN FRÅ                                                

SPELAR OG TRENARUTVIKLAR BJØRN TOTLAND 

 

Eg er veldig positiv inn mot sesongen 2020. Eg ser at vi har gjort store framsteg i 2019. Vi har brukt masse tid på å sjå på korleis ting blir gjort i klubben, og heile vegen spurt oss kva vi kan bli betre på.

Utdanning har stått i fokus, og veldig mange har fullført grasrotkurs eller teke delar av denne. Fleire trenarar har teke høgare utdanning. Dette er vi heilt avhengig av for å skape eit trygt og gode miljø for spelarane våre. Samtidig får vi meir kompetanse som fører til meistring, tryggheit og utfordring. Då blir det utvikling.

Vi har jobba med sportsplanen vår, og den har blitt veldig tydelig. Vi har ein tydeleg raud tråd på korleis vi skal trene, på kva spelarane skal gjennom i kvart alderstrinn. Dette vil ikkje berre skape tryggheit for spelarane våre, men og for trenarane våre. Våre trenarar skal vite kva dei skal jobbe med, og få god veiledning og hjelp i arbeidet sitt.

Vi har veldig mange gode trenarar i klubben, engasjerte og positive. Vi har satt saman veldig mange gode team, som ikkje berre tenkjer på «mitt lag». Vi tenkjer klubben og bryr oss om laget over og under oss. Det er ulike nivå på laga i klubben, og spelarar vil til tider vere involvert i fleire lag. Eg er trygg på at vi no har fått på plass mange trenarteam som ser heilheiten og tek vare på spelarane våre.

Mange av trenarane våre er eksterne, og spennande trenarar som brenn for fotballyrket. Saman med foreldretrenarane skaper vi gode team. Sjølv om vi har eksterne trenarar på ein del lag, så er vi sjølvsagt 100 % avhengige av foreldra rundt laga våre. Engasjerte foreldre som og utdannar seg og bidreg som trenarar, lagleiarar, arrangement og heiagjeng.

Eg vil og nemne akademiet vårt. Det er og ein veldig god utviklingsplattform for unge trenarar og spelarar. Eg opplever og at der er det masse glede blant spelarane frå 9-12 år. Eg får personleg veldig masse påfyll av energi gjennom responsen eg får på desse treningane. 

Eg har ikkje opplevd å vere i ein klubb som er betre rigga for å skape idrettsglede enn det Førde er før sesongen 2020. I 2020 vil vi og utdanne mange fleire trenarar. Vi skal sjå spelarane og trenarane våre på feltet. Vi skal trene masse og ha det moro. Førde IL Fotball skal vere ein inkluderande klubb. Ein klubb som er spennande å vere med i enten du satsar for å bli proff eller om det er den staden du møter vener. Det skal vere ein plass der du som trenar trivast, og ein plass der unge, ambisiøse trenarar ønskjer å kome for å vere med i eit spennande miljø.

Ser fram til kjekk og spennande sesong i lag med Dykk.

Mvh helsing

Bjørn Totland

 -----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

SPORTSPLANEN FØRDE IL FOTBALL

 

Førde Fotball sin sportsplan vart sist revidert . Sportsplanen skal være klubben styringsverktøy og hjelpemiddel for trenare og lagleiare. Revidering av sportsplan har fram til og med 2017 godkjennast av årsmøte. Dette vart endra på i årsmøte til FIL Fotball 2018. Årsmøtet gav der styret fullmakt til å godkjenne endringar i sportsplan. Bakgrunn for dette er at endringar i sportsplan må/bør tas inn mot ny sesong, og ikkje på årsmøte i mars då det meste av planlegginga av ny sesong er ferdig. 

Sportsplan vil no være under kontinuerleg revidering. Klubben har sidan august 2019 jobba med å revidere punkta som omhandlar aldersfastlagd avdeling. Desse endringane ble godkjent i styremøte i nomvember 2019. Sportsplanen finn du på heimesida til Førde fotball www.forde-fotball.no under meny klubben. Punkta som er revidert no er kapittel 8,9 og 22.

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Barnefotball 6-9 år

 

Oppstarten for barnefotballen blir i mars. Vi kjem med nærmare dato og detaljert informasjon etter kvart. Dei som er født i 2014 har sitt første år med organsiert trening. Det vil bli sendt ut informasjon til alle barnehager når oppstartsdato blir. Det blir lagt opp til en trening i veka. 

Nytt i 2020 sesongen er at Grendaserien vil for dei som er født 2013 bli som treer fotball. Vi følger dermed kretsens anbefaling på treer for 6 og 7 åringer. Dette er også spelformen i turneringar som disse kan delta på. Når det gjeld born født 2011 og 2012 skal disse fortsatt spele 5 er fotball.  Kampdag for Grendaserien vil være tysdag.

Lagssamansetning i kamp kan være basert på skuleklasse, men i trening skal opplegget være på tvers av klasser. Det er viktig å gje likt tilbod til alle ved ein skulekrets.

Klubben har stort fokus på utdanning av trenare også for barnefotballen. Alle som ynskje å ta trenarkurs kan ta kontakt med Bjørn Totland. 

Det vil være to kongleriketurneringar før sommaren og to etter som laga deltar på, samt vår eigen turnering som i år er 13 og 14 juni.

 

Barnefotball 10-12 år


Oppstarten for denne gruppa vil også være mars, og vi kjem med nærmare dato og detaljert informasjon etter kvart. Alle som er født i 2010, 2009 og 2008 er inne kretsen sine seriesystem. Det vil være oppstart i serie rundt påske.  Det spelast 7 er fotball for dei som er født i 2009 og 2010, men for dei som er født i 2008 kan det velgast mellom 7 er og 9 er. Kampdagane er G2010 og J2009 måndag, G2009 og J2010 onsdag, mens J/G 2008 begge har torsdag. 

Oversikt over turneringar vil bli sendt ut til lagledere og trenare. 

Klubben har stort fokus på utdanning av trenare også for barnefotballen. Alle som ynskje å ta trenarkurs kan ta kontakt med Bjørn Totland. 

Ole Bjørn Otternes er ansvarleg for barnefotballen. Alle trenare og lagledere får nødvendig informasjon via Spond grupper som Ole Bjørn administrerer. Ole Bjørn gjennomfører møter med trenare, og vil formidle treningstider i løpet av februar.


Lurer du på noke ifm barnefotballen ta kontakt med Ole Bjørn på e-post oleotternes@hotmail.com 

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 UNGDOMSFOTBALL

 Samansetning av lag er gjort med utgangspunkt i sportsplanen kapittel 9. Klubben strekker seg lang for å finne trenarressursar, men det vil også i ungdomsfotballen være stort behov for foreldre som bidrar både som hovudtrenar og hjelpetrenar. I dei neste avsnitta  informerer vi litt om kvart kull det kommande året.


G13/14 (2007 og 2006)

 

I G13/14 har klubben lag basert på reine årskull. I kvart årskull settast det saman eit Førde 1 lag som skal spele 11 er fotball med kampdag søndag. Dette dei 16 beste spelarane i kullet etter gitt kriterier. Dette er ikkje ei statisk gruppe, så kan og vil det komme justeringar i løpet av sesongen om utviklinga til spelaren tilseier det. Dei resterande spelarane på kvart kull vil danne 9’er lag som har kampdag måndag.  Kriterie for å sette saman lag er gitt i sportsplan. 

 

Det både positive og negative negative sider ved å ha reine årskull. Gjennom evaluering av 2019 sesongen har klubben valt å fortsette med reine årskull, men vi revidert sportsplan har vi presisert korleis vi skal søke å dempe den store forskjellen i kamp. (ref kapittel 9.2 i sportsplan)

 

Vi har for sesongen 2020 følgande trenarteam på plass:

 

G13                               11 er                     Ørjan Vikum og Alexander Lekva mfl.

G14                               11 er                     Lars Ove Nistad, Torgeir Sørheim, Jan Nikolai Hvidsten, 

                                                                   Ottar Klopstad mfl.

G13/14                           9 er                      Johannes Amundsen mfl.

 

Når det gjeld 9’er laga så vil disse få tildelt treningstider 3 dagar. I to av disse vil klubben stille med trenarressurs i Johannes Amundsen mfl., samt at Ørjan Vikum/Alexander Lekva vil ha ansvar for å opplegg. Ein av dei vil også stille på ein av treningane til tider.  Vi er avhengig av foreldre på 9 er lag til å gjennomføre 2 treningar i veka + kampleiing. Ut frå sannsynleg tal spelarar vil det for 2020 sesongen bli fire 9 er lag.

 

Treningane starta opp i veke 3 . Treningstidene vil fram til og med mars være følgande:

 

G13 Heile kullet                       Måndag               1600-1730

G14 Heile kullet                       Måndag               1730-1900

G13/14 9 er lag                        Tysdag                 1900-2030           

G14 11 er lag                            Tysdag                1900-2030

G13 11 er lag                            Onsdag               1600-1730

G13 11 er lag                            Torsdag               1600-1730

G13/14 9 er lag                        Torsdag                1600-1730

G14 11 er lag                            Torsdag               1730-1900

 

J13/14 (2007 og 2006)


J13/14 har klubben lag basert på reine årskull. I J13/14 er det berre i J14 det skal tas ut eit Førde 1 lag med dei 16 beste spelarane. Det er ønskjeleg å stille 11ar for Førde 1, men dette er avhengig av at nok klubbar vil stille i 11 ar klassen. Alternativt vil alle lag stille i 9 er klasse. I J13 vil lag primært lag bli satt saman med utgangspunkt i skulekrets. Sjå elles sportsplan kapittel 9.3.

I J13 er vi glade for at trenarane som trente laga i 2019 blir med vidare. 

Vi har dermed følgande trenarteam for J13/14 i sesongen 2020:

J13: Bjarte Norvik, Geir Fonn, Stian Wie, Atle Paulen og Roger Midtbø mfl. Disse trenarane vil serve x antall 9 er lag i serien når det er gjort opptelling på antall spelare. Fristen for å melde på lag er 31 januar.                                

J14: Bjørn Andre Storøy og Charlotte Skuggen mfl. 

 

Treningane starta opp i veke 3. Treningstidene vil fram til og med mars være følgande:

 

J13 Heile kullet                         Måndag               1600-1730

J14 Heile kullet                         Måndag               1900-2030

J13 Heile kullet                         Onsdag                1600-1730           

J14 Heile kullet                         Onsdag                1600-1730

J13 Heile kullet                         Torsdag               1730-1900

J14 Heile kullet                         Fredag                  1730-1900

 

G15/17 (2005 og 2004)

I G15/17 har klubben ikkje lenger reine årskull. Her er det tatt ut troppar til Førde 1 og Førde 2 som blir meldt på i G15/17 1 divisjon, mens Førde 3 og Førde 4 blir meldt på i 2 divisjon. 

I G15/17 vil det også være slik at fleire av spelarane vil bli involvert for seniorlaga. Dette gjelder både Førde 1 i 4 divisjon og Førde 2 i 5 divisjon. Her vil det være god dialog mellom trenarar, samt spelarutviklar Bjørn Totland. Det vil være god kontroll over belastning på spelarane. I G15/17 1 divisjon er troppane litt større enn det som er utgangspunkt i sportsplan kapittel 9.4. Dette er gjort med bakgrunn i at 6 til 8 spelarar i Førde 1 troppen vil hospiter med seniorlag enkelt økter i veka.

Vi har for sesongen 2020 følgande trenarteam på plass:

 

G15/17 Førde 1                                       Jan Taule, Bernt Helge Nilsen, Kent Thomas Brattreit mfl.

G15/17 Førde 2                                       Benny Rivedal mfl.

G15/17 Førde 3/4                                   Joeri , Per Magne Hervik, Narve Kirkebø, Geir Ove Holme mfl.

 

Alle laga har tilbod på 4 treningar i veka fram til og med mars. Følgande tider frå veke 3:

 

G15/17 Heile kullet                Tysdag                 1600-1730

G15/17 Heile kullet                Onsdag                2030-2200

G15/17 Heile kullet                Torsdag                2030-2200           

G15/17 Heile kullet                Laurdag               1330-1500

J15/17 (2005 og 2004)

 

I J15/17 har klubben ikkje lengre reine årskull. Det vil være ein miks av 2004 og 2005.  Jentene vil få fleire arenaer som NM-kvalifisering, Adidascup mfl turneringar. I serien vil det i vårsesongen være avdelingar satt opp basert på geografi, mens i haustsesongen spelar dei beste laga i 1 divisjon.

I J15/17 vil det også være slik at fleire av spelarane kan bli involvert for seniorlaget. Her vil det være god dialog mellom trenarar, samt spelarutviklar. Det vil være god kontroll over belastning på spelarane. 

Vi har følgande trenarteam for J15/17 i sesongen 2020:

J16                                 Bjørn Totland, Terje Norevik, Kai Kilnes, Jostein Hillersøy, Stig Hafstad, 

                                      Arild Holsen, Tony Kiil mfl.

Treningstidene vil fram til og med mars være følgande:

Heile kullet                                 Måndag               1900-2030

Heile kullet                                 Tysdag                 2030-2200

Heile kullet                                 Torsdag               1900-2030

Heile kullet                                 Enkelte helger  

 


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline