Firda: Nye spelerar til Førde?

Postet av Førde IL - Fotball den 6. Jan 2018

Testar Ut: Førde-trenar Bjørn Totland (t.v.) skal teste ut Kapinga Brazy og Simen Stølen denne veka.Foto: Stig Roger Eide


Presseklipp frå Firda 06.01.2018 

FOTBALL: Onsdag kveld starta Førde- spelarane opp 2018-sesongen. Og Simen Stølen (21) og Kapinga Brazy (20) var på prøvespel.

Førde-leiinga har brukt juleferien godt, og allereie på den første treningskvelden dukka to nye prøvespelarar opp. Kapinga Brazy har gått gjennom Brann-systemet, og har spelt ei rad med kampar for Brann 2. Dessutan har han spelt stoppar både i Fyllingsdalen og Lysekloster. Når det gjeld den andre spelaren, Simen Stølen, så har ungguten frå Fjaler ei rad med kampar for Kongsvinger i OBOS-ligaen og 2. divisjon, og spelte i fjor for 3. divisjonsklubben Flisa.

– Dette er to spennande spelarar som vi har hatt noko kontakt med i det siste, og som vi ser fram til å sjå litt nærare på, seier Førde-trenar Bjørn Totland.

Teste ut Førde

– Eg har tilbod frå nokre andre klubbar i bergensområdet, men har høyrt så mykje positivt om Førde at eg har lyst til å teste meg ut her. Eg har sjølv møtt Førde i mange kampar, og hugsar godt kampane på Førde stadion. Far min, Harald Lundekvam, har som tilsett i Umbro hatt mange turar til Førde og førdefotballen, og har sterkt tilrådd meg denne klubben. Førsteinntrykket er bra, smiler Brazy etter si første trening med mannskapet til hovudtrenar Bjørn Totland.

– No skal eg vere med på treningane denne veka, og så får vi sjå korleis ting utviklar seg. Men eg kan godt tenke meg å flytte ut frå bergensområdet, og kanskje kan byen Førde vere ein aktuell plass å slå seg ned. Men vi får sjå korleis dialogen med klubben og dei andre spelarane utviklar seg, seier Brazy som heilt klart har sin styrke i det defensive arbeidet.

– Eg kan spele i dei fleste posisjonane defensivt. Dei siste åra har eg stort sett spelt midtstoppar, seier Kapinga Brazy som også fekk med seg både treningskampar og cupkamp for Brann sitt A-lag i den perioden han var i storklubben i byen mellom dei sju fjell.

– Eg fekk aldri sjansen til å vise meg fram for Brann sitt A-lag i obligatoriske kampar. Men kanskje kan sjansen dukke opp igjen, seier 20-åringen.

Stølen tilbake

21-år gamle Simen Stølen har allereie fått eit kontraktstilbod frå Førde, eit tilbod han vurderer seriøst.

– Eg skal vere her ut denne veka, og så får eg vurdere kva eg skal gjere vidare. Eg har flytta tilbake til Fjaler, og har i dei siste månadane hatt vikarjobb som lærarassistent ved Våge skule. Eg er framleis såpass ung at eg har lyst til å satse for å sjå kor langt eg kan nå i fotballen. Kanskje kan dette vere eit riktig stadium no. Det er mange gode spelarar her, og kanskje kan det vere mogleg å løfte sunnfjordklubben opp eit hakk, seier Stølen som etter at han debuterte for Dale som 15-åring, har spelt for klubbane Sogndal 2, Kongsvinger 2, Kongsvinger sitt førstelag og Flisa.

Opptur i Kongsvinger

– Eg fekk oppleve oppturen i Kongsvinger med trenar Luis Pimenta og kom mellom anna inn som innbytar då Kongsvinger slo Strømsgodset i semifinalen og sikra oss cupfinaleplass. Men dessverre vart Rosenborg for sterke i finalen på Ullevaal. Men ei stor oppleving uansett, seier Stølen om noko av det som har vore den største cupoverraskinga i norsk fotball i dette tusenåret. Stølen vart sittande på innbytarbenken under cupfinalen, men såg at den tidlegare Førde-kapteinen Johan Wennberg fekk komme inn som innbytar.

Kjenner Førde

– Som fjalerbu kjenner eg sjølv

sagt godt til Førde-fotballen, sjølv om eg stort sett alltid har spelt mot Førde 2 då eg var i Dale. Men eg trur ikkje det er ikkje noko reelt alternativ for meg å spele for Dale i 4. divisjon kommande sesong heller. Eg vil framleis utvikle meg, og då håpar eg at Førde kan vere ein aktuell plass. Det er trass alt høgare nivå her, seier den offensive spelaren.

– Eg har blitt nytta i dei fleste offensive posisjonane tidlegare. Men favorittposisjonen er kanskje som indreløpar. Men eg tek dei utfordringane som kjem, seier Stølen.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.