Geir Vindheim

Geir Vindheim

Førde vidare til 2 kvalikrunde i NM etter 5-4 seier borte mot Eid

Postet av Geir Vindheim den 18. Mar 2018

Førde sine herrar har idag spelt årets første teljane kamp. Borte mot Eid i kvalikk til NM. Kampen endte med siger 5-4 til Førde.

Førde møtte eit godt Eidalag, som til tider skapte store problem for bortelaget med godt kombinasjonspel og giftige overgangar.

Eid leia 3-2 til pause, før Førde i 2.omgang fekk overtaket og gjekk i leiing 4-3. På overtid stod det 4-4 før Kapinga Brazy (bilde) avgjorde med sitt andre mål for dagen.

Førde sine målskårarar var Kapinga Brazy (2), Ruben Holseter (2) og Vegard Savland. Også kjekt med ein debutant idag då Håkon Berg fekk sine første minutt i ein teljande kamp for a-laget. 

Vi takkar Eid for kampen og ønskjer lukke til med sesongen. For Førde vert det no spennande og sjå kven som blir motstandar i neste kvalikkrunde.





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline