Geir Vindheim

Geir Vindheim

Endeleg startar fotballsesongen 2018

Postet av Geir Vindheim den 8. Apr 2018

Kommande veke startar endeleg fotballen for fullt i aldersfastlagd fotball. Dei som er først ut er J11 som startar måndag. Ut over veka startar også J13/14, G11, G15/17, og G12. 

I løpet av vårsesongen skal det nesten avviklast 200 kampar i Førde, og nesten like mange bortekampar. Det gjev mange moglegheiter til å være gode ambassadørar for Førde IL Fotball.  Vi skal være gode ambassadørar med

Fair Play - Fair play handlar ikkje om gule og raude kort. Det handlar først og fremst om korleis vi oppfører oss mot kvarandre, på skulen, på banen og elles – heile tida. Ingen skal stengjast ute.  Det handlar om å ta ansvar sjølv, anten du er skulekamerat, lærar, lagspelar, forelder, publikum eller har ei anna rolle.  ALLE i Førde IL Fotball har eit ansvar for å stå opp mot haldningar som er prega av manglande respekt og toleranse. 



Traffsikker Klubb – Til og frå kamp, eller til og frå trening. Uansett skal alle som deltar i aktivitet i regi Førde IL Fotball opptre ansvarsfullt i trafikken. Førde IL Fotball er sertifisert som Trafikksikker klubb.  I trafikken er 0-0 målet. Vi skal ha 0 skadde og 0 drepte.  


 

Iøpet av dei neste vekene er vi i gang med alle aldersklassar.  Ta turen på banene og sjå all den idrettsglede som blir utøvd. Heie på alle. Husk at trenar gir instruksjoner, mens foreldre/slekt/vener heier. 

Masse lykke til med fotballsesongen 2018.

Geir Vindheim

Leiar Breddeutvalg Førde IL Fotball




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc