Førde IL Fotball på besøk hos SK Brann

Postet av Førde IL - Fotball den 9. Aug 2018

Denne veka var Førde med ei stor gruppe spelarar og trenarar på klubb-besøk til serieleiar i Noreg SK Brann. Ein tur for trenarar for å gje motivasjon og inspirasjon til vidare arbeid i Førdefotballen, og for nokre spelarar til å få gode referanser saman med eitt av Noregs beste akademier på gutesida i ungdomsfotballen. 

Heile 15 trenarar og 4 spelarar frå klubben var med på turen. Vi ankom Bergen kl 1400 tysdag, og var godt tekne imot av SK Brann sin leiar for Brannakademiet Kristian Andersen. Kristian var ein framifrå vert og var open om korleis Brann tenkjer og gjer ting, samt tok seg tid til spørsmål frå våre trenarar. Programmet tysdag var observasjon av to treningsøkter, Brann G14 og Brann 2. Der fekk vi på førehand god informasjon om kva tema for treningane var, og kva som vart vektlagt. Det var veldig god læring for våre trenarar og sjå dei svært dyktige Branntrenarane i aksjon på feltet. I tillegg fekk nokre av våre spelarar delteke på treningane. Etter treninga til Brann 2 fekk vi og ein gjennomgang av kvardagen til Brann 2 av trenarane Morten Kalvenes og Brede Skahjem Tokvam. 

Onsdagen starta tidleg, med observasjon av dei same laga i trening frå kl 0800. Også her med god info om innhald og tema, og med våre hospitantar i aksjon. Etter trening var det informasjon frå Brann, først ved akademileiar Kristian Andersen, og så ved fagleg leiar for akademiet Magni Fannberg. Saman med observasjon og info rundt treningane var dette svært nyttig for å få eit innblikk i heilheten på korleis Brann tenkjer. Vi fekk gode tips om kva vi kan overføre til Førde, og også litt om kva som høyrer til ein toppklubb. Besøket vart avslutta med lunsj på Brann stadion, og ei lita omvisning på anlegget. 

Tre keepertrenarar frå Førde var og med på turen, og fekk observert keepertrening. I tillegg var keepertrenar hos Brann sitt a-lag, Dan Riisnes innom onsdag og hadde gode diskusjonar med våre keepertrenarar. Førde IL Fotball har hatt to strålande dagar hos SK Brann, og takkar Brann for openheit og ein framifrå motagelse og oppfølging desse to dagane. 

Vi tek med oss masse motivasjon og nyttige tips heim til Førde. 

Tusen takk Brann, og så vonar vi at «gullet skal hem».

Bjørn Totland 




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc