Miljøsamling 12 års kullet i Sogndal

Postet av Førde IL - Fotball den 19. Aug 2018

Denne helga har Førde Fotball arrangert miljøsamling for heile 12 års kullet i Sogndal. Heile 58 spelare og 10 trenare var med på turen. Sogndal Fotball tok godt i mot oss, og samlinga starta med omvisning på flotte Fosshaugane Campus. Etter dette var det klart for trening.

Utviklingsavdelinga til Sogndal stilte opp med Tommy Øren, Henrik Furebotn, og Morten Olsen. Tommy Øren hadde økta med jentene, og jentene var fokuserte og godt nøgd med treningsøkta. Det same gjaldt øktasom Morten og Henrik hadde med gutane. Alltid kjekt med litt nye impulsar og øvelsar. Takk til Tommy, Henrik og Morten for super innsats.

Deretter bar turen til Sogndal sentrum og litt handling for dei fleste – det var jo tross alt laurdag. Sjølv om det var laurdag så var det Taco som stod på menyen til kvelds.
Resten av kvelden kosa dei seg på tvers av skulekretsar. Det var god stemning i korridorane, og var nok ikkje alle som hadde lyst til å falle til ro kl 23.

Etter frukost sundag var det klart for treningskampar i 9’er fotball mot Sogndal lag. Det ble gjennomført 3 kampar for gutane, og 2 for jentene. For mange var dette fyrste møte med 9’er fotball, og innsatsen mangla definitivt ikkje. Alle er ein erfaring rikare. No er det heim å trene meir.  Vi avslutta helga med Pizza og Sogndal – Florø kamp.

Takk til Sogndal Fotball ved Geir Inge Heggestad for godt samarbeid, og takk til alle 12 åringane med trenare.
Ein super gjeng å ha med på samling, og ein god start på siste halvår i barnefotballen.

Geir Vindheim
Leiar Breddeutvalget




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline