Fotballakademiet Hausten 2018

Postet av Førde IL - Fotball den 12. Sep 2018


 

                                                                                                          Generalsponsor

Åsen & Øvrelid Fotballakademiet haust 2018


Førde IL Fotball startar opp Åsen & Øvrelid Fotballakademiet etter haustferien – nærare bestemt den 17.oktober.

Åsen & Øvrelid Fotballakademiet  er laga for deg som vil trene meir og ta eit steg på vegen for å bli god på ferdigheter som føring/finter, ballkontroll, medtak, pasningar, ballkontroll i luft og skåringstrening. Øving og  masse god terping mot ulik motstand og i ulike spelformer skal til for å kome eit stykke på vegen..

NB! Tilbodet er for gutar og jenter fødd i 2005 - 2009. Oppstart som nemnd 17.oktober og avsluttar 14.desember - totalt 18 økter - Onsdag og fredag 15.00 – 16.00

Pris pr deltakar er kr.1500,- inkludert treningsgensar.

Ved sidan av tekniske og taktiske ferdigheiter vil vi i øktene legge vekt på «tilstedeværelse» og punktlegheit.

Ønskjer du å delta på Åsen & Øvrelid Fotballakademiet så meld deg på til:

 Bjørn Totland:  bjorn@forde-fotball.no 

Frist for påmelding er søndag 7.oktober. 

I påmeldinga treng vi fylgjande  kontaktinfo:

Namn og alder på utøvar,  e-post og telefon til føresette samt storleik på gensar


Velkomen til lærerike økter

Bjørn Totland






Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline