Adidas Cup

Postet av Geir Vindheim den 6. Jun 2019

G13 og G14 har denne veka spelt 1/16 dels finale i Adidas cup. Begge laga har møtt Fana, og begge kampane har blitt spelt på Matre. 

Onsdag var det G14 som skulle føle på at Fana som venta var eit meget sterkt lag. Førde heldt nokelunde kontakt til pause, og med 2-0 til Fana var det fortsatt håp. Men utover i 2 omgang vart forskjellen stor, og til slutt stod det 7-1 til Fana.

Torsdag var det G13 sin tur, og dei møtte også eit ballsikkert lag frå Fana. Oppgåva vart litt for stor for vårt 13 års lag, og kampen enda med 5-0 siger til Fana. 

I G15, og J15 skal også Førde ut cup kamper. Når det gjeld J15 skal dei møte Brummundal. Dato og sted for kamp er ikkje lagt enda. I G15 klassen møter Førde eit lag frå Fredrikstad - Bergby . Denne kampen skal spelast 22 juni på Nesbyen. 

Det siste laget som Førde fortsatt har med er i J17, men her er puljespelet ikkje ferdig enda.

Bilde er frå torsdagens kamp i G13.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline