Igang med seriespill 14.-16.august

Postet av Førde IL - Fotball den 15. Mai 2020

Slik ser seriespillet ut for damer og herrer!


NFF Sogn og Fjordane ser føre seg oppstart av breiddefotballen i medio august. Både for seniorklassa og barne- og ungdomsklassa.


Slik det pr. dags dato ser ut so blir det oppstart helga 14. – 16.august, i Kretsligaen og 3.divisjon kvinner.

Styret i NFF Sogn og Fjordane har vedteke følgande for Kretsligaen og 3.divisjon kvinner: 

•    Laga i Kretsligaen og 3.divisjon kvinner blir fordelt i 2 (to) avdelingar, der kampane blir gjennomført med doble seriar.

Dersom vi hadde sett opp ein enkel serie so hadde nokre lag fått 6 heimekampar, og nokre lag 5 heimekampar. 

Med ein dobbel serie vil konkurranselikskapen blir meir rettferdig. Her med tanke på at lag rykker opp/kan rykke opp i seriar som NFF sentralt administrerer.


3.divisjon kvinner

I 3.divisjon kvinner har vi sett opp avdelingane ut frå eit geografiske omsyn, med følgande avdelingar:

Avdeling 1    Avdeling 2

Balestrand    Førde

Høyang    Måløy

Kaupanger 2/Sogndal 2    Sandane

Sogndal    Selje/Åheim

Studentspretten    Stryn

Syril    

Etter at dei to avdelingane i 3.divisjon kvinner er ferdigspelt, blir det gjennomført eit sluttspel på følgande måte:


•    Nummer 1 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om kvalifiseringsplass til 2.divisjon kvinner i 2021. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 2 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 3 og 4 i 3.divisjon kvinner i 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 3 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 5 og 6 i 3.divisjon kvinner i 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 4 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 7 og 8 i 3.divisjon kvinner i 2020.  Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 5 frå avdeling 1 og 2, samt lag nummer 6 frå avdeling 1, møtast til ein enkel serie for spel om plassane 9, 10 og 11 i 3.divisjon kvinner i 2020. 



Kretsligaen

Vi kjem til å gjennomføre live-trekning på NFF Sogn og Fjordane si Facebook-side, onsdag 27.mai, kl. 18.00.

Trekninga blir fysisk gjennomført på Flo stova på Fosshaugane Campus. For media og andre som ønskjer å vere til stades på Flo stova, so er de velkomne til det.


I Kretsligaen er laga rangert/seeda ut frå sluttabellen i Kretsligaen i 2019, der følgande mal blir brukt: 


Rangering -seeding        

Nivå 1    Førde    Eid

Nivå 2    Studentspretten    Stryn

Nivå 3    Kaupanger    Måløy

Nivå 4    Høyang    Syril

Nivå 5    Bremanger    Dale

Nivå 6    Vik    Jølster


Under live-sendinga på Facebook kjem vi til å trekke laga på nivå 6 først, der desse blir plassert i kvar sin avdeling. Deretter trekker vi laga på nivå 5 i kvar sin avdeling, nivå 4, og vidare opp til og med laga på nivå 1, her Førde og Eid.

Under trekninga, og rett i etterkant når avdelingane er endelege, vil vi ha eit knippe fotballfaglege personar til stades i «studio», for å diskutere avdelingane opp mot kvarandre. I tillegg blir det fotballfaglege samtalar knytt til breiddefotballen i Sogn og Fjordane.


Etter at dei to avdelingane i Kretsligaen er ferdigspelt, blir det gjennomført eit sluttspel på følgande måte:


•    Nummer 1 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om opprykk til Norsk Tipping ligaen 2021. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 2 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 3 og 4 i Kretsligaen 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 3 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 5 og 6 i Kretsligaen 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 4 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 7 og 8 i Kretsligaen 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 5 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 9 og 10 i Kretsligaen 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

•    Nummer 6 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 11 og 12 i Kretsligaen 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.

MERK! For laga som blir nummer 5 og 6 kan det bli endringar i høve gjennomføring av eit sluttspel, eventuelt grunna lag som rykker ned-/ikkje rykker ned frå Norsk Tipping ligaen.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.