Åsen & Øvrelid Fotballakademiet hausten 2020

Postet av Førde IL - Fotball den 31. Aug 2020

 Bilderesultat for logo Åsen & Øvrelid     Bilderesultat for førde il Logo     Bilderesultat for sparebanken sogn og fjordane logo

                                                                                                          Generalsponsor

Åsen & Øvrelid Fotballakademiet haust 2021

Førde IL Fotball fortsett med Åsen & Øvrelid Fotballakademiet! Eit steg vidare – med fokus på meistring. 

Fotballakademiet er laga for deg som vil trene meir. Øving og masse god terping mot ulik motstand og i ulike spelformer er bra for å få god utvikling. Vi vil ha fokus på at alle skal tore med ball, og det å ha ball og ta på press er eit viktig tema for akademiet vårt. 

Kickstart i haustferien! (5. - 9. oktober) Denne veka blir det lengre økter frå morgonen; to økter pr gruppe: (info om treningstider kjem).

Tilbodet er for gutar og jenter fødd i 2008 - 2011. Oppstart 5.oktober og avslutning 3.desember - totalt 16 økter i vekedagar + 2 litt lengre økter i haustferien, og om mogleg turnering (ar).

Cupdeltaking for deltakarane: om mogleg vil vi melde på turneringar,  i hovudsak utanfor Sogn & Fjordane fotballkrets. MEN; i desse Koronatider kan ein ikkje rekne med at det blir turnering denne hausten.

Tidspunkt for øktene:

Måndag og onsdag 1500 – 1615: u9 og u12 i eigne grupper.

Tysdag og torsdag 1500 – 1615: u10 og u11 i eigne grupper.

Pris pr deltaker er kr.2300,- inkludert Umbro regnjakke

Ønskjer du å delta på Åsen & Øvrelid Fotballakademiet så meld deg på til:

Bjørn Totland:  bjorn@forde-fotball.no 

Frist for påmelding er søndag 27.september. Det er eit begrensa tal plasser i kvart årstrinn. Først til mølla!!!

I påmeldinga treng vi fylgjande  kontaktinfo:

Namn og årsmodell på utøvar, e-post og telefon til føresette samt storleik på jakke 140-152-164-xs osv.)

Det vil bli sendt ut en bekreftende e-post ved påmelding.

Velkomen til lærerike økter

Bjørn Totland

Spelarutviklar og Trenarveiledar 

Førde IL Fotball


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline