Fotballåret 2020 - "Annleis sesongen"

Postet av Førde IL - Fotball den 30. Des 2020


FOTBALLÅRET 2020 – «ANNLEIS SESONGEN»

Fotballåret 2020 starta som alle andre fotballår med planlegging og oppstart av trening. Med revidert sportsplan på plass gjennomførte vi både spelarmøter og foreldremøter. 

KM Futsal Kvalifisering var som alltid første arrangement for klubben første helga i februar. I eit prikkfritt arrangement med god dugnadsinnsats var det mange lag frå klubben som kvalifiserte seg til sluttspelet på Sandane. Totalt sett etter finalehelga endte vi med 1 førsteplass, 2 andreplassar og 4 tredjeplassar. Strålande innsats av våre lag. 

Covid-19 stoppa all vidare aktivitet 12 mars, og alt vi hadde sett fram til måtte settast på vent. Vi fekk ein gradvis opning av dei forskjellige årskulla etter påske, og rundt 1 mai var alle i gang med «koronatrening».  Det vart opna for kontakttrening og treningskampar frå medio juni, og det vart klart at aldersbestemt opp til og med 19 år ville kunne gjennomføre haustsesong.  

Vi fekk og i gang trening for 6 åringane og 7-9 år med ein litt annleis kampkvardag. Mange dyktig trenare, lagleiare/foreldre har bidratt til at «annleis sesongen» vart ein god oppleving for alle. Tross restriksjonane kan vi seie at alle fekk eit godt tilbod i 2020. Mange flotte prestasjonar i løpet av hausten der fleire kjempa om KM tittel. Vi må elles også berømme alle våre dyktige klubb/rekrutt dommare som har gjort ein kjempeinnsats i 2020.

Dessverre vart det ingen sesong på våre seniorlag, men vi er imponert over korleis dei har opprettholdt motivasjon for å trene gjennom heile året. Dette fundamentet ser vi fram til at dei tar ut i ein forhåpentlegvis normalsesong i 2021.

Vi arrangerte som vanleg SSF Kongleriketurnering i september. Grunna Covid 19 blei turnering arrangert over to dager. God påmelding, og eit arrangement som hadde fokus på fotballaktivitet for dei minste ble flott gjennomført. 

Vårt «fyrtårn» når det gjeld turnering er Førde Cup Inne. Dessverre måtte vi i år avlyse denne turneringa, men vi skal komme sterkt tilbake i november 2021.

I løpet av 2020 har vi fått i gang både keeperprosjekt og dommerprosjekt. Med ressursar som Fredrik Hanssen og Bjørn Egil Sunde skal vi sikre at både våre keepere og dommare få gode utviklingsvilkår i åra som kjem.  

Det er mange som fortener ein ekstra honnør etter 2020 sesongen. 

  • Bjørn Totland – Trenar og spelaroppfølging i ein krevande sesong, og i tillegg til å bli far for fyrste gong. 😊 Ein enorm ressurs som gjev mykje av seg sjølv.
  • Terje Rognsø, Elias Larsen, Henrik Myklebust, Tor Ivar Vallestad mfl som har holdt motivasjonen   oppe i seniorgruppa.
  • Ole Bjørn Otternes – Fantastisk jobb med barnefotballen. God struktur på alle alderskull, og ikkje minst turnering og kampgjennomføring. 
  • Simo Koskinen og Olav Flatjord – Full kontroll på alt av utstyr. God struktur og godt samarbeid   med laga. 
  • «Pensjonistane» våre Odd Hagen og Anders Skreien med bidrar med mykje forskjellig i den         daglege drifta.
  • ALLE TRENARE/LAGLEIARE/FORESATTE/ALLE ANDRE som har bidratt på dugand eller           andre oppgåver. TAKK -  Vi er evig takknemleg for den jobben som er gjort i 2020.
  • ALLE våre fantastiske sponsora, og støttespelare. Saman kjem vi ut av Covid-19 styrka.

Jobben min som leiar i breiddeutvalg og Per Øyvind som dagleg leiar blir veldig mykje enklare når vi har så mange dyktig i og rundt klubben. «Annleis» sesongen 2020 har gitt meg trua på at vi er i ferd med å etablere eit styrka Førde IL Fotball.   Eg gledar meg til fortsettelsen, og ser fram til ein tilnærma normal fotballsesong i 2021.

 

                             Takk for innsatsen i 2020 – og Godt Nytt Fotballår.

                              Geir Vindheim                                                   Per Øyvind Storevik 

                  Leiar Breiddeutval Førde IL Fotball                       Dagleg Leiar Førde IL Fotball

 

                                                                        Hjerte (symbol) – Wikipedia



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline