NM G16/J16 Telenor Cup

Postet av Geir Vindheim den 7. Mar 2018

Førde vant 5-4 mot Florø etter ekstraomgonger NM G16 Telenor Cup onsdag 7 mars. Ein fartsfylt og spennande kamp der Florø gjekk knallhard ut og fekk ein tidleg 1-0 ledelse, men Førde kom tilbake og leia 2-1 til pause. Førde var i føringa både 3-2 og 4-3. Til slutt var det Eirik Årdal Hjelm som satte inn det avgjørande 5-4 målet. No skal gutane møte Sogndal og Stryn i enkel serie om den eine plassen Sogn og Fjordane får i NM. Første kamp går allereie onsdag 14 mars kl 19 borte mot Sogndal. Dersom Førde tapar blir neste kamp Førde mot Stryn Laurdag 24 mars kl 1500. Om Førde vinner kampen mot Sogndal spelar dei mot Stryn tysdag 3 april kl 1900.

I dag torsdag 8 mars møter Førde sitt J16 lag Sogndal i Hafstadparken kl 1900 i sin NM kamp. Ta turen for å sjå ein spennande NM kamp.




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.