Vegard Savland har signert for Florø

Postet av Geir Vindheim den 28. Jul 2018

Vegard Savland er frå Naustdal og starta karriera i Tambar. Han kom til Førde Fotball i 2015 frå Stryn, og har spelt 94 kampar for klubben. I løpet av disse 94 kampane har han skora 40 mål.

Det er sjølvsagt trist å miste ein så god og målfarleg spelar, og spesielt i den situasjon klubben er i no. Men Vegard får ein moglegheit som han ikkje kan seie nei til, og klubben ynskje ikkje legge hindring for det.

Førde IL Fotball takkar Vegard for den jobben han har gjort for klubben, og ynskje Vegard lykke til i Florø.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline