Åsen & Øvrelid Fotballakademi Vinter/Vår 2019

Postet av Førde IL - Fotball den 5. Jan 2019

Førde IL Fotball startar opp Åsen & Øvrelid Fotballakademiet – nærare bestemt den 30 januar.

Åsen & Øvrelid Fotballakademiet  er laga for deg som vil trene meir og ta eit steg på vegen for å bli god på ferdigheter som føring/finter, ballkontroll, medtak, pasningar, ballkontroll i luft og skåringstrening. Øving og  masse god terping mot ulik motstand og i ulike spelformer skal til for å kome eit stykke på vegen..

NB! Tilbodet er for gutar og jenter fødd i 2007 – 2010, samt jenter fødd i 2006. Oppstart som nemnd 30.januar og avsluttar 11.april - totalt 20 økter - onsdag og fredag 15.00 – 16.15. NB! Ingen trening i vinterferien.

Pris pr deltakar er kr.1800,- inkludert treningsgensar. (str.140, 152, 164, XS, S, osv.)

NB! Gensere gjelder kun for nye deltagere

Ved sidan av tekniske og taktiske ferdigheiter vil vi i øktene legge vekt på «tilstedeværelse» og punktlegheit.

Ønskjer du å delta på Åsen & Øvrelid Fotballakademiet så meld deg på til:

 Bjørn Totland:  bjorn@forde-fotball.no

Frist for påmelding er søndag 20. januar. 

I påmeldinga treng vi fylgjande  kontaktinfo:

Namn og alder på utøvar,  e-post og telefon til føresette samt storleik på gensar


Velkomen til lærerike økter

Bjørn Totland

Trenarveiledar og Spelarutviklar

Førde IL Fotball


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.