NMG16 Kvalifisering - Førde sigra over Florø 2-1

Postet av Førde IL - Fotball den 6. Mar 2019

Førde G16 slo i kveld Florø 2-1 i NM kvalifisering. Førde kom best i gong og tok leiinga ved Lasse Aamelfot, og kontrollerte inn 1-0 til pause. Tidleg i 2 omgang skora Oskar Solheim 2-0, etter kvart kom Florø meir med i kampen og 15 min før slutt kom reduseringsmålet til 2-1. Florø kjempa for utlikning men Førde stod i mot og er eit steg nærmare 1 ordinære NM runde. 

No skal Førde møte Sogndal og Stryn i enkel serie. Vinnaren skal representere Sogn og Fjordane i NMG16.

Første kamp er mellom Førde og Sogndal 16 mars. Kven som speler heime blir trekt i løpet av veka.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline