Oppsummering veke 20

Postet av Geir Vindheim den 21. Mai 2019

OPPSUMMERING AV VEKE 20 FØRDE IL FOTBALL

Fotballens festdag 16 mai ble gjennomført med bortekamp mot Dale i Kretsserien. Flott ramme rundt kampen, og mange satt med ein viss frustrasjon etter første omgang der Dale leia 2-0. Førde dominerte fullstendig i andre omgang om kunne til slutt reise heim til Førde med 4-2 siger som var fullt fortjent. Neste kamp er på Førde stadion laurdag 

Førde 3 sin kamp tysdag mot Gaular/Dale 2 endte med 2-2, mens Førde 2 fekk seg ein skikkeleg smell heime mot Stryn 2 med tap 0-7. 

I adidas cup nærmar det seg slutten på innleiande puljespel. Førre veke var det G13 som spelte sin nest siste kamp borte mot Tertnes. Laget kunne reise heim med siger, og har mulighet til vidare avansement med siger i siste kamp.

Dagen før dagen vart også internoppgjør i 2 divisjon gut spelt mellom Førde 3 og Førde 4. I tett og spennande kamp endte kampen med 2-2. 

Førre veke var ein litt rolegare veke kampmessig i aldersfastlagd , men allereie kommande veke er det fullt kjør igjen på alle baner.


Vi minner om påmelding til Tine Fotballskule. Sjå meir om påmelding på www.forde-fotball.no

Førde IL Fotball arrangerer for 15. året på rad Tine Fotballskule og som vi bruker å gjøre, kjører vi ein fotballskule i juni for den eldste gruppa og ein skule i august for dei yngste. Det betyr at den eldste aldersgruppa (10-12 år) har sin fotballskule første veka av skuleferien – frå måndag 24. til torsdag 27.juni (veke 26) med påmeldingsfrist fredag 15.juni.

NB! Vi kjører eigen keeperskule for dei som er med i juni (viss interesserte deltagarar).

Den yngste aldersgruppa 6-9år har sin fotballskule siste veka av skuleferien, frå måndag 12.aug. til torsdag 15.aug. (veke 33) med påmeldingsfrist fredag 3.august.´


Bildet kan inneholde: 11 personer, personer smiler, utendørs



Ha ei fin fotballveke.



Førde lag sine kampar i veke 21: 



Førde lag sine kampar i veke 22: 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.