Treningsavgift 2020
Postet av Førde IL - Fotball den 4. Mai 2020
Kjære utøvarar i Førde IL Fotball.
Vi er i ferd med å sende ut årets treningskontingent, og ønskjer å forklare bakgrunnen kvifor vi gjer dette no – trass i at aktiviteten er redusert og framleis er delvis avstengt.
Førde IL Fotball arbeider med å kartlegge konsekvensane av avstenginga i samband med Covid 19. Det vil vere inntektstap i form av avlyste turneringar, avlyst akademi og mogeleg reduserte sponsorinntekter. Treningskontingenten utgjer nærmare 20% av vår inntekt, og utan desse midlane vil vi ikkje ha ein berekraftig økonomi i tida framover. Inntektene frå treningskontingenten er difor svært viktig for at vi skal kunne tilby god aktivitet, også etter at avstenginga blir oppheva.
Vi vedtok nye satsar for treningskontingent for 2020 på årsmøtet i fotballgruppa 5.mars. Desse vedtekne kontingentane vil vi som følgje av Covid 19 viruset gå litt vekk ifrå, og heller forsøke å «balansere» etter aktivitet.
Vi ber om forståing for at vi fakturerer treningskontingenten no, trass i eit redusert tilbod. Vi forsøker så langt det lar seg gjere å gi råd og tips til individuelle treningsmetodar gjennom dei tilsette som ikkje er fullt permitterte, samt gjennom frivillige.
Vi har full forståing for at enkelte kan ha utfordringar med å betale treningskontingenten akkurat no. Vi ber dykk difor ta kontakt med oss, så skal vi nok finne gode løysingar. Ønskjer de kontakt med oss, så send e-post til: post@forde-fotball.no , så vil vi svare dykk så raskt det lar seg gjere.
Førde IL Fotball ønskjer å vere ei inkluderande gruppe i Førde idrettslag som tek vare på sine aktive. Akkurat no vonar vi at de kan hjelpe oss gjennom denne utfordrande tida ved å betale årets treningskontingent.
Førde 27.04.20
Med Helsing
Arild Sandvoll Per Ø. Storevik
Styreleiar Dagleg leiar
0 Kommentar
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Fotball

Akademistart 25.januar
05.01.2021

Fotballåret 2020 - "Annleis sesongen"
30.12.2020

Medlemskontingent
22.09.2020

Åsen & Øvrelid Fotballakademiet hausten 2020
31.08.2020

Igang med seriespill 14.-16.august
15.05.2020