Akademistart 25.januar

Postet av Førde IL - Fotball den 5. Jan 2021

  Bilderesultat for logo Åsen & Øvrelid     Bilderesultat for førde il Logo     Bilderesultat for sparebanken sogn og fjordane logo

                                                                                                          Generalsponsor

Åsen & Øvrelid Fotballakademiet vinter/vår 2021

Førde IL Fotball fortsett med Åsen & Øvrelid Fotballakademiet! Eit steg vidare – med fokus på meistring. 

Fotballakademiet er laga for deg som vil trene meir. Øving og masse god terping mot ulik motstand og i ulike spelformer er bra for å få god utvikling. Vi vil ha fokus på at alle skal tore med ball, og det å ha ball og ta på press er eit viktig tema for akademiet vårt. I tillegg; fokus på å bli ein god første forsvarar, med rask forflytning og aggresivitet.

Tilbodet er for gutar og jenter fødd i 2009 - 2012. Oppstart 25. januar og avslutning 25. mars - totalt 18 økter i vekedagar. I vinterferien blir det økter på dagtid, 1 eller 2 dagar. (kjem info om dette). Der er ikkje eigne jentegrupper, men jentene trenar saman med gutane.

Cupdeltaking for deltakarane: Vi vil fortsette å prøve å få til akademiturneringar med andre akademi i kretsen.

Tidspunkt for øktene:

Måndag og onsdag 1500 – 1615: u9 og u10. Oppstart 25. jan, avslutning 24. mars.

Tysdag og torsdag 1500 – 1615: u11 og u12. Oppstart 26. jan, avslutning 25. mars.

Pris pr deltaker er kr.2300,- inkludert Umbro regnjakke for nye deltakarar

Pris for dei som ikkje skal ha jakke kr.2000,-

NB! NB! I påmeldinga – skriv om du skal ha jakke eller ikkje.

Ønskjer du å delta på Åsen & Øvrelid Fotballakademiet så meld deg på til:

Bjørn Totland:  bjorn@forde-fotball.no 

Frist for påmelding er onsdag 20. jan. 

I påmeldinga treng vi fylgjande  kontaktinfo:

Namn og årsmodell på utøvar, e-post og telefon til føresette samt storleik på jakke 140-152-164-xs osv.)

Det vil bli sendt ut en bekreftende e-post ved påmelding.

Velkomen til lærerike økter

Bjørn Totland

Spelarutviklar og Trenarveiledar 

Førde IL Fotball

 

 

 

Akademiet vårt skal vere ein stad med:

  • Stor aktivitet
  • Tilstedeværelse blant spelarane
  • Fagleg læring, tydeleg tema i øktene
  • Der ein trenar med dei som er like motiverte som ein sjølv
  • Trenarutvikling
  • Tryggheit, glede, leik og meistring
  • Trening på tvers av skulekretsar, kjønn og alder
  • Kvalitet J

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline