Førde med fordel i G16 NM kvalifisering, mens jentene fekk knepent tap.
Postet av Geir Vindheim den 14. Mar 2018
Førde sitt G16 lag møtte onsdag Sogndal i første kamp i enkel serie mellom Førde, Sogndal og Stryn. Vinnaren blir Sogn og Fjordane sin representant i G16 NM Telenor Cup. Kampen vart total dominans frå Førde. Førde leda heila 8-1 til pause, og dermed blei 2 omgong ein rein formalitet. Kampen enda til slutt 12-2 til Førde. Dermed har Førde fått ein god start på kvalifiseringa. Neste kamp er Stryn mot Sogndal 24 mars. Den siste og avgjerande kampen spelast i Hafstadparken tysdag 3 april kl 1900 mellom Førde og Stryn.
For jentene starta den enkle serien mellom Førde, Stryn og Vik med 1-0 tap borte mot Stryn. Dermed må Vik slås i Hafstadparken onsdag 21 mars kl 1900. Siste kamp i serien går mellom Vik og Stryn fredag 6 april.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.