Endeleg startar fotballsesongen 2018
Postet av Geir Vindheim den 8. Apr 2018
![](https://azure.content.bloc.net/redactor/200000195/1165/2018/4/8/hp.jpg?width=1024&quality=90)
Kommande veke startar endeleg fotballen for fullt i aldersfastlagd fotball. Dei som er først ut er J11 som startar måndag. Ut over veka startar også J13/14, G11, G15/17, og G12.
I løpet av vårsesongen skal det nesten avviklast 200 kampar i Førde, og nesten like mange bortekampar. Det gjev mange moglegheiter til å være gode ambassadørar for Førde IL Fotball. Vi skal være gode ambassadørar med
Fair Play - Fair play handlar ikkje om gule og raude kort. Det handlar først og fremst om korleis vi oppfører oss mot kvarandre, på skulen, på banen og elles – heile tida. Ingen skal stengjast ute. Det handlar om å ta ansvar sjølv, anten du er skulekamerat, lærar, lagspelar, forelder, publikum eller har ei anna rolle. ALLE i Førde IL Fotball har eit ansvar for å stå opp mot haldningar som er prega av manglande respekt og toleranse.
![](https://azure.content.bloc.net/redactor/200000195/1165/2018/4/8/636588203451449850fair-play.jpg?width=1024&quality=90)
Traffsikker Klubb – Til og frå kamp, eller til og frå trening. Uansett skal alle som deltar i aktivitet i regi Førde IL Fotball opptre ansvarsfullt i trafikken. Førde IL Fotball er sertifisert som Trafikksikker klubb. I trafikken er 0-0 målet. Vi skal ha 0 skadde og 0 drepte.
![](https://azure.content.bloc.net/redactor/200000195/1165/2018/4/8/trafikk.jpg?width=1024&quality=90)
Iøpet av dei neste vekene er vi i gang med alle aldersklassar. Ta turen på banene og sjå all den idrettsglede som blir utøvd. Heie på alle. Husk at trenar gir instruksjoner, mens foreldre/slekt/vener heier.
Masse lykke til med fotballsesongen 2018.
Geir Vindheim
Leiar Breddeutvalg Førde IL Fotball
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.