Kategori
God dag for Førde laga i Hafstadparken
Postet av Førde IL - Fotball den 8. Mai 2018
Tysdag 8 mai vart det avvikla 3 kampar i Hafstadparken. Først ut var J13/14 der Førde 2 møtte Dale. I ein tett kamp der Dale leia 2-0, så snudde Førde jentene kampen og vant til slutt 3-2. Deretter var kamp både på bane 1 og bane 2. På bane 1 var det eit tett og spennande lokaloppgjør mellom Førde 3 og Tambar i 6 divisjon. Her enda kampen med poengdeling og 1-1. Førde sitt mål blei skora av Andreas Rolland Vågseth.
På bane 2 var det 1 divisjonsoppgjør Gut mellom Førde 2 og Jotun. Førde 2 tok føringa frå start, og var tidleg oppe i ein 1-0 leiing som stod til pause etter mål av Sander Vikum. Tidleg i andre omgong auka Førde til 2-0 ved Andreas Kjæmpenes før Jotun reduserte. Men mål av Martin Sandal og Sander Vikum gav Førde ein fullt fortjent 4-1 seier.
Alt i alt ein flott kveld i Hafstadparken, og onsdag er det ny spennande kamp i Hafstadparken i 3 Divisjon damer mellom Førde og Høyang. Kampen går kl 1930, så det er berre å møte opp å heie på Førde.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.