Kategori
Igang med seriespill 14.-16.august
Postet av Førde IL - Fotball den 15. Mai 2020
Slik ser seriespillet ut for damer og herrer!
NFF Sogn og Fjordane ser føre seg oppstart av breiddefotballen i medio august. Både for seniorklassa og barne- og ungdomsklassa.
Slik det pr. dags dato ser ut so blir det oppstart helga 14. – 16.august, i Kretsligaen og 3.divisjon kvinner.
Styret i NFF Sogn og Fjordane har vedteke følgande for Kretsligaen og 3.divisjon kvinner:
• Laga i Kretsligaen og 3.divisjon kvinner blir fordelt i 2 (to) avdelingar, der kampane blir gjennomført med doble seriar.
Dersom vi hadde sett opp ein enkel serie so hadde nokre lag fått 6 heimekampar, og nokre lag 5 heimekampar.
Med ein dobbel serie vil konkurranselikskapen blir meir rettferdig. Her med tanke på at lag rykker opp/kan rykke opp i seriar som NFF sentralt administrerer.
3.divisjon kvinner
I 3.divisjon kvinner har vi sett opp avdelingane ut frå eit geografiske omsyn, med følgande avdelingar:
Avdeling 1 Avdeling 2
Balestrand Førde
Høyang Måløy
Kaupanger 2/Sogndal 2 Sandane
Sogndal Selje/Åheim
Studentspretten Stryn
Syril
Etter at dei to avdelingane i 3.divisjon kvinner er ferdigspelt, blir det gjennomført eit sluttspel på følgande måte:
• Nummer 1 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om kvalifiseringsplass til 2.divisjon kvinner i 2021. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.
• Nummer 2 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 3 og 4 i 3.divisjon kvinner i 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.
• Nummer 3 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 5 og 6 i 3.divisjon kvinner i 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.
• Nummer 4 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 7 og 8 i 3.divisjon kvinner i 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.
• Nummer 5 frå avdeling 1 og 2, samt lag nummer 6 frå avdeling 1, møtast til ein enkel serie for spel om plassane 9, 10 og 11 i 3.divisjon kvinner i 2020.
Kretsligaen
Vi kjem til å gjennomføre live-trekning på NFF Sogn og Fjordane si Facebook-side, onsdag 27.mai, kl. 18.00.
Trekninga blir fysisk gjennomført på Flo stova på Fosshaugane Campus. For media og andre som ønskjer å vere til stades på Flo stova, so er de velkomne til det.
I Kretsligaen er laga rangert/seeda ut frå sluttabellen i Kretsligaen i 2019, der følgande mal blir brukt:
Rangering -seeding
Nivå 1 Førde Eid
Nivå 2 Studentspretten Stryn
Nivå 3 Kaupanger Måløy
Nivå 4 Høyang Syril
Nivå 5 Bremanger Dale
Nivå 6 Vik Jølster
Under live-sendinga på Facebook kjem vi til å trekke laga på nivå 6 først, der desse blir plassert i kvar sin avdeling. Deretter trekker vi laga på nivå 5 i kvar sin avdeling, nivå 4, og vidare opp til og med laga på nivå 1, her Førde og Eid.
Under trekninga, og rett i etterkant når avdelingane er endelege, vil vi ha eit knippe fotballfaglege personar til stades i «studio», for å diskutere avdelingane opp mot kvarandre. I tillegg blir det fotballfaglege samtalar knytt til breiddefotballen i Sogn og Fjordane.
Etter at dei to avdelingane i Kretsligaen er ferdigspelt, blir det gjennomført eit sluttspel på følgande måte:
• Nummer 1 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om opprykk til Norsk Tipping ligaen 2021. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.
• Nummer 2 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 3 og 4 i Kretsligaen 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.
• Nummer 3 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 5 og 6 i Kretsligaen 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.
• Nummer 4 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 7 og 8 i Kretsligaen 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.
• Nummer 5 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 9 og 10 i Kretsligaen 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.
• Nummer 6 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp, for spel om plassane 11 og 12 i Kretsligaen 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.
MERK! For laga som blir nummer 5 og 6 kan det bli endringar i høve gjennomføring av eit sluttspel, eventuelt grunna lag som rykker ned-/ikkje rykker ned frå Norsk Tipping ligaen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.