Årsmøte i fotballgruppa vel gjennomført
Postet av Helge Bjørke den 28. Feb 2025
Torsdag 27. februar blei årsmøte for Førde IL Fotball gjennomført i Hafstadparken. Til stades var 15 medlemmar.
Årsmøte hadde vanlege årsmøtesaker på agendaen. Treningskontingenten for 2025 og 2026 blei vedteke, rekneskapet for 2024 og budsjettet for 2026 blei vedteke og nytt styre valgt.
Før årsmøtet var det klart at styreleiar Lars Eivind Solnørdal ikkje stilte til gjenvalg. Klubben vil takka Lars for god innsats i perioden som leiar. Finn Ove Øen blei valgt til ny leiar for eit år. Vi ynskjer Finn Ove velkommen. Han har brei erfaring frå klubben og kjenner særleg aktiviteten godt gjennom sine roller som trenar og lagleiar.
Valnemnda la forslag på å endre frå sju til fem styremedlemmar, i tillegg til varamedlem. Årsmøtet vedtok innstillinga. Det nye styret ser slik ut:
Namn | Tittel | Valt til |
Finn Ove Øen | Styreleiar | 2026 |
Geir Vindheim | Nestleiar | 2027 |
Knut Strand Løseth | Styremedlem - Sport | 2026 |
Roger Aase | Styremedlem - Marked | 2026 |
Mariann Flo | Styremedlem - Fair play | 2027 |
Alexander Ødegaard | Varamedlem | 2026 |
Den nye valnemnda består av Odd Hagen og Lars Eivind Solnørdal.
Siste fra Helge Bjørke

Årsmøte i Førde IL Fotball
27.01.2025

Åsen & Øvrelid Fotballakademi
23.09.2024