Åsen & Øvrelid Fotballakademi 2025
Førde IL Fotball arrangerar akademi for gutar og jenter som er fødd frå 2017 til 2014. Akademiet er mynta på deg som elskar fotball, og ynskjer noko ekstra i kvardagen. Her vil du møta trenarar som ser deg og utfordrar deg. Dei forventar at du er påskrudd og tilstede i økta.
Akademiet starter opp i veke 4, mandag 19. januar, og held på til og med veke 13, mandag 23. mars. Vi legger opp til ei økt per veke.
Ein kan velga å delta på ein eller to dagar per veke.
For ein dag er prisen NOK 1.200,-. Totalt vil spelarane få 10 fotballøkter. Trenarar på øktene vil vera Bjørn Totland, Øystein Vetti, Alexander L. Lekva og Lars Ove Nistad. I tillegg vil det vera assistentar frå våre senior- og ungdomslag.
Treningsdag
Mandag 17:30 - 19:00
I vinterferien vil vi ha ei dobbeløkt på dagtid. Det vil vera mandag 16. klokka 10:00 - 11:30 og 12:30 - 14:00.
Har du spørsmål, ta kontakt med sportsleg leiar Helge Bjørke (hb@forde-fotball.no) eller spelarutviklar Bjørn Totland (bjorn@forde-fotball.no).
Påmeldinga finner du her: https://fotball.fordeidrettslag.no/next/events/p/1000135973/asen-and-ovrelid-fotballakademi