Sportsplan Førde IL Fotball

Sportsplan Førde IL Fotball.pdf

1. Innleiing

Ein raud tråd i det sportslege arbeidet

Dette er Førde IL Fotball sin plan for sportsleg utvikling. Planen er meint å vere eit levande verktøy for deg som er trenar for eit aldersbestemt lag i klubben, samt for andre som på eit eller anna vis er involvert, og har interesse av kva som skjer i Førde-fotballen.

Identitet, tradisjon og stoltheit skal vere viktige faktorar i Førde IL Fotball. Vi skal vere stolte når vi ser den kvite Førde-drakta, samtidig som vi skal sjå ei form for spel og ferdigheiter som er mogleg å kjenne igjen, uavhengig av årgang. Først og fremst trur vi det er en måte å spele på som både er morosam og utviklande.

Gjennom denne planen vil vi tydeleggjere den raude tråden i det arbeidet som skal bli gjort frå dag til dag på dei ulike laga i Førde IL Fotball. Den sportslege planen har til hensikt å utvikle fotballspelarar, skape eit godt fellesskap og forhåpentlegvis også vinne nokre fotballkampar.

I planen vil du mellom anna finne:

  • Kva slags fotballgruppe er Førde il Fotball, og kva verdiar klubben skal formidle.
  • Korleis organisere trenings- og kampopplegg til forskjellige aldersgrupper.
  •  Klubbens retningsliner for differensiering og hospitering.

Vi skal ha ei felles forståing for kva klubben står for, i kva retning vi vil klubben skal utvikle seg  og å gi nokre råd om korleis vi kan nå dit. Klubben vil vere i kontinuerleg utvikling og nye problemstillingar vil oppstå. Poenget er ikkje å detaljstyre eller presentere ein fasit på nokon som helst måte, men denne sportslege planen skal peike ut ei retning. Det er klubben sitt mål at kvart lag eller aldersnivå tek for seg denne planen og diskuterer kva den har å seie for dei. Samstundes viser vi også til at det er utarbeidd ei eiga handbok for Førde IL Fotball, som vil supplere sportsplanen.

Før du går laus på planen, kan det vere på sin plass med nokre grunnleggande «innsidepasningar» som tips for sportsleg utvikling:

  • Ikkje ver for opptatt av å innhente eit stort øvingsreportoar.
  • Spel mykje fotball i ulike former. Det gir flest ballberøringar og det er trening som er så kamplikt som mogleg. Spelarane må forholde seg mest mogeleg til medspelarar og motspelarar kor dei er nøydde til å ta taktiske val.
  • I ulike spel-sekvensar/øvingar ligg det mykje skjult læring, som mellom anna teknisk utvikling, uthald, koordinasjon og balanse.

Hovudgrunnen for mykje spel, med få spelarar på kvart lag, er at kvar einskild utøvar skal få så mykje ballkontakt som mogleg. I tillegg gir dette mange éin-mot-éin-situasjonar og mykje pasningsspel.  Dette er kvalitetar vi treng både i Førde og i norsk fotball.

I Førde ønskjer vi ein levande sportsplan som vert nytta av trenarane i klubben. Sportsplanen vert presentert og vedteken på årsmøtet, samt presentert på barne- og ungdomsfotballkveld, kickoff og trenarforum. Planen er tilgjengeleg på Førde IL Fotball sine nettsider.

Vi ønskjer deg lykke til i treningsarbeidet og takkar deg for jobben du gjer for klubben.

2. Organisasjon

Årsmøte Førde IL, fotball Årsmøtet er overordna lovgjevande og løyvande organ for Førde IL-fotball. Det er årsmøtet i Førde il Fotball som skal vedta sportsplan.

Meininga med ein plan for sportsleg utvikling er samstundes at den skal fungere som eit verktøy og hjelpemiddel for utøvarar, trenarar, leiarar og andre som er interessert i kva Førde IL Fotball driv med, og som ønskjer å vite korleis vi jobbar og korleis vi ønskjer å utvikle oss.

Denne sportslege planen skal bidra til ein heilskap i arbeidet vårt og gje ei auka vi- kjensle i Førde IL Fotball.

Styret Det einskilde styremedlem skal,  med sin kompetanse og arbeidsinnsats,  medverke til at drøftingar og avgjersler i dei enkelte saker styret handsamar, vert gjort til det beste for klubben. Styret har overordna beslutningsrett for den sportslege satsinga i klubben, og utnemner eit styremedlem som sportsleg ansvarleg.

Dagleg leiar Dagleg leiar har det øvste ansvaret for dagleg drift av klubben.

Sportsleg ansvarleg sportsleg ansvarleg er øvste ansvarleg for den sportslege satsinga i Førde Fotball , og er vald av styret i Førde IL fotball. Sportsleg ansvarleg har ansvar for all sportsleg aktivitet i klubben, og at denne er i tråd med gjeldande retningsliner frå NFF, S&Fj Fotballkrets, og gjeldande sportsplan.

Sportsleg leiar: Sportsleg leiar har operativt ansvar for gjennomføring av den sportslege aktiviteten i klubben, og rapporterer til sportsleg ansvarleg i styret, og til dagleg leiar.

Sportsleg leiar har ansvar for at følgjande vert ivareteke: 

  • Rapportering og tilbakemelding til styret på aktivitet, tiltak og oppfølging av planar, her under spesielt sportsplan
  • Førebu og legge fram vedtak for styret innan for sportsleg ansvarsområde
  • Utarbeide årsplan og årsmelding for sport
  • Utarbeide budsjett for den sportslege satsinga i klubben saman med dagleg leiar
  • Etter avtale med styret utvikle den sportslege organisasjonen, t.d. med arbeidsgrupper som har ansvar for å utvikle den sportslege satsinga i klubben vidare.
  • Sjå til at klubben driv i samsvar med NFF sine lover og retningsliner
  • Organisere aktiviteten i klubben slik at ein når mål og følgjer retningslinene for sportsleg utvikling
  • Vurdere og samordne trenings- og skulerings-tilbod for utøvarane
  • Legge til rette for utdanning og utvikling av trenarar
  • Legge til rette for trenarsamarbeid
  • Opprette/drive faglege fora, t.d. trenarforum
  • Følgje opp rekrutteringstiltak

3. Visjon

“Førde IL Fotball - Utvikling for alle!”

Vi er opptekne av at alle i Førde IL Fotball skal utvikle seg positivt. Førde IL Fotball set premissane for styrt utvikling av alt som skjer i klubben. Det sikrar oss langsiktigheit, vi er uavhengige og forutsigbare på kva som vil skje. Vi skal jobbe iherdig for å utvikle eigne trenarar og leiarar, og på den måten skape kultur- og kontinuitetsberarar i klubben. Gjennom vår måte å spele på, og ikkje minst oppføre oss på, så skal vi skape gode og trygge rammer for å utvikle oss over tid. Og ved å gje rom for engasjement og utvikling for alle aldersgrupper, skal dette gje optimale utviklingssjansar for alle gjennom heile livet.

4. Verdiar

Vårt verdigrunnlag er basert på NFF sine verdiar; fotballglede, mogelegheiter og utfordringar for alle. I tillegg har Førde IL Fotball følgjande grunnverdiar: lykkast saman, best saman, vere inkluderande og ta vare på kvarandre.

I fotball handlar det om å score mål, vinne kamper og kåre vinnarar. Men like viktig er det at fotballen skal vere ein arena for formidling av verdiar og haldningar.

Vi skal bidra til at barn og ungdom får ein god og trygg oppvekst. Fotballen sitt verdigrunnlag skal vere sentralt og levande, og fungere som verktøy i kvardagen.

5. Dugnad

Dugnad er ein grunnstein for drifta av Førde IL Fotball. Med svært mange fotballspelarar inneber dette ein enorm aktivitet. Dei fleste lag har t.d. minst 3 vaksne i formelle posisjonar (trenar, hjelpetrenar og lagleiar), foreldre stiller som sjåførar, kakebakarar, kaffikokarar, vakter, draktvaskarar og heiagjeng. Denne innsatsen er heilt avgjerande for at vi skal kunne gje det tilbodet som vi dag tilbyr born og unge. Dugnadsinnsatsen utgjer omlag 30 årsverk.

Førde IL Fotball arrangerer ei rekke turneringar i grendaserien, barne- og ungdomsgruppa. Desse turneringane kan ikkje avviklast utan ein vesentleg dugnadsinnsats frå dei involverte gruppene. Klubben set stor pris på denne innsatsen.

6. Mål

Hovudmålet for Førde IL Fotball er å gje eit godt tilbod til alle som spelar fotball i Førde. Norges Fotballforbund (NFF) sine retningsliner er overordna for Førde IL Fotball.

Hovudmål og retningslinjer barnefotball For aldersgruppa 6-12 år gjeld NFF sine retningslinjer for barnefotball, med verdiar som respekt, toleranse, likeverd og menneskeverd som styrande for all aktivitet. Grunnverdiar er likskap, jambyrdigheit og breidde.

Hovudmål for barnefotballen er gje så mange born som mogleg eit fotballtilbod og ei fotballoppleving prega av tryggleik, meistring og trivsel gjennom både trening og kamp, samt deltaking i eit sosialt og trygt lags- og klubbmiljø.

Hovudmål og retningsliner ungdomsfotball Eitt mål for ungdomsfotballen for aldersgruppa 13 – 16 år er å gi så mange ungdomar som mogleg fotballtilbod og ei fotballoppleving prega av tryggleik, meistring og trivsel gjennom både trening og kamp, samt deltaking i eit sosialt og trygt lags- og klubbmiljø. Eit likestilt mål

for denne for denne gruppa er å utvikle utøvarar som kan delta i konkurransefotball på seniornivå lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Overordna retningsliner for Førde IL Fotball blir difor å legge til rette for både gode sosiale relasjonar og utvikling av utøvarar. Hovudmål og retningslinjer seniorfotball Hovudmålsetjing for seniorfotballen er å utvikle fotballspelarar for toppnivå. Samstundes skal Førde IL Fotball gje eit tilbod for utøvarar og lag som ønskjer å drive meir sosial aktivitet.

7. Organisering av lag

Vi skal gje eit breitt tilbod til alle som har lyst til å spele fotball, samtidig som vi skal legge til rette for spelarar som ønskjer å utvikle seg optimalt.

Det er A-lag herrar og A-lag damer i klubben som skal ha resultatfokus. Resterande lag skal vere utviklingsarenaer, der prosessen fram mot å bli så god som mogleg som einskildutøvar, er det primære fokuset.

På satsingslaga skal hovudfokus vere utvikling av spelarar, og resultatmål skal ikkje hindre hovudmålsetjinga som er spelarutvikling.

Førde IL Fotball skal leggje til rette for at utøvarar, som har ambisjonar og føresetnader, skal ha moglegheita for å bli ein del av norsk toppfotball.

Førde IL fotball vil legge til rette for utøvarar som satsar på idretten sin. Det betyr at vårt viktigaste utvalskriterium for talentsatsing er ønskje om å trene meir. Deretter kjem kriterium som talent og føresetnader, motorisk og fysisk. I tillegg er det ei viktig oppgåve for klubben å kvalitetssikre at den auka treningsmengda er av ein slik art at den aukar sjansen for å bli god.

8. Barnefotball, grendaserien og barnegruppa

Basert på faktakunnskap om at det ikkje er mogeleg å avgjere om ein utøvar i desse alderstrinna blir ein god fotballspelar som vaksen, vil Førde Fotball gje eit likt aktivitetstilbod uavhengig av talent. Utøvarane organiserast i lag ut i frå skulekrins/geografi, ikkje talent. Trening og kamptilbod skal vere prega av grunnverdiane og retningsliner for barneidrett frå NFF.

For at alle barn fram til dei er 12 år skal gjevast mogelegheit for å oppleve fotballspel tilpassa eige utviklingsnivå, skal følgjande reglar etterlevast i trening og kamp:

Barnefotball er leikbetont Barnefotballen, frå ungane er seks år,  er barna sitt første møte med organisert fotball -  i form at ein har drakter og spelar på baner. Men hugs at dette skal vere leik - ikkje blodig alvor. Alvoret kjem tidsnok. Og førsteinntrykket betyr mykje, kanskje alt. Lat borna ha det moro, la dei leike - og la resultatet vere underordna. Det viktigaste resultatet du kan få er fornøgde born som byggjer opp vennskap gjennom samhandling.

Vere saman med vener Borna søker først og fremst til fotballen for å vere saman med vener. Det er dette samhaldet vi skal dyrke, og det er eit slikt samhald som skapar lagånd. La difor vener trene saman og spele på same lag.

Alle skal spele like mykje Ingen blir betre av å sitje på benken og alle tykkjer det er moro å spele. Dessutan er det ingen som veit kven som blir best som vaksen. Trivselen og ferdigheitsutviklinga er viktigare enn resultatet, sjølv om alle tykkjer det er moro å vinne og å score mål. Det er difor ikkje akseptabelt at nokon "toppar laget" for å vinne kampar. La alle spele like mykje, la alle i tur få spele frå start og la alle spele på forskjellige plassar.

Lær barna å tåle både siger og tap I barnefotball kan alle delta, ingen er for dårleg og ingen er for god. Det er difor viktig å byggje på prinsippet om jambyrdig motstand både i kamp og trening. Ingen likar å tape eller vinne ”tosifra”. Ta siger og tap med fornuft - tålar de vaksne å tape, lærer borna det også. Fotball er eit lagspel der alle tapar og alle vinn. Ein siger tek kvar einskild med seg heim - eit tap delast av alle.

Meir trening og færre kampar Barnefotball NFF

Barn bør trene meir enn dei spelar kampar. Og dei bør oppmuntrast til eigenorganisert aktivitet. Det gjer du best ved å ha morosame treningar. Og legg opp til eit kampprogram som varierer mellom enkeltståande kamper og turneringar.

Deltaking i turneringar Førde IL Fotball sine lag i grendaserien og barnegruppa deltek berre på turneringar i eige fylke. Laga melder på sjølve og har ansvar for gjennomføring.

Trenar/lagleiar skal informere ansvarleg i grendaserien/barnegruppa om kva turnering laget skal delta på. På turneringar skal klubben gje alle i eit årskull få tilbod om å vere med, og alle skal få speletid.

Barnefotball er allsidig aktivitet Gjennom fotballspelet får born mogelegheit til å utvikle grunnleggjande motoriske ferdigheiter som til dømes å gå, springe, hoppe, kaste og sparke. Fotball for born er difor allsidig. Likevel bør born sjølvsagt få moglegheit til også å drive med andre idrettar, om dei ønskjer det. Dei ulike tilboda må difor koordinerast. Men det må ikkje vere krav at ein må drive med fleire idrettar. Barn må få gjere det dei har lyst til.

Fotball er eit spel Spelet er sjølve kjernen i fotball. Dessverre ser vi at einskilde trenarar nyttar øvingar som ikkje alltid verkar motiverande. I barnefotballen bør ein fokusere på ulike typar spel, leikar, grunnleggjande ferdigheitsøvingar, og ”småspel” bør vektleggjast mest. Unngå lange køar ved ferdigheitsøvingar - flest mogleg involveringar per spelar må vere målet. Morosamt og utviklande.

Gladfotball for dei yngste Dei vaksne skal styre trening og kamp slik at barna får oppmuntring og rettleiing. Eit viktig mål er at alle utviklar sine ferdigheiter og ser framgang. Men det skal også leggjast vekt på å lære dei å innordne seg i ei gruppe. Dei vaksne må gjere det dei kan for at alle borna trivst. Og hugs at du som vaksen er eit forbilde - born har ei eiga evne til å gjere som du gjer, ikkje som du seier.

Barnegruppa og grendaserien er organisert med ein leiar i kvar gruppe. Desse koordinerer gruppene sine og ser i denne samanhengen til at laga følgjer opp sportsplanen.

9. Ungdomsfotball

Det er ikkje mogeleg å avgjere om ein utøvar på desse alderstrinna blir ein god fotballspelar som vaksen. Vi veit likevel at det er vanskeleg å berre fokusere på teknikkutvikling, haldningar og ikkje differensiere for denne aldersgruppa. Samstundes ser vi i at fråfallet i denne aldersgruppa er absolutt størst, og vi har som målsetting å vere i stand til å integrere på treningsfeltet dei som vil trene mykje, og dei som først og fremst vil vere med av sosiale grunnar. Sjå også retningslinene til NFF for ungdomsfotballen.

Vi har eitt satsingslag i kvart av alderstrinna 13 og 14 år, samt eitt samla for 15- og 16-åringar. Sistnemnte aldersgruppe kan hospitere på seniorlaga. Laga skal takast ut etter følgjande kriterium

  • Treningsvilje
  • Ferdigheiter
  • Haldningar

Uttak av satsingslag vert gjort av trenarane for dei respektive laga i tett samarbeid med sportsleg leiar i Førde IL Fotball.

Ved tvistar i samband med organisering av lag skal sportsleg leiar ta avgjersler. Andre tvistar og utfordringar knytt til den sportslege aktiviteten ein ikkje klarar å løyse sjølve, skal også via leiar i ungdomsgruppa avgjerast av sportsleg leiar.

Sjå elles kapittelet om hospitering i samband med flyt av spelarar mellom dei ulike laga.

Fokuset i treninga skal vere på teknisk utvikling, haldningar til trening og meir på kollektive taktiske val enn i barnegruppa og grendaserien.

Organiseringa vi byggjer for kvart årskull er at vi skil ut ei dynamisk satsingsgruppe som trenar samtidig som breiddelaga i si årsklasse på same bane. Utøvarane på satsingslaga skal få tilbod om å trene 4-5 økter per veke i tillegg til kamp, breiddelaga minst 2-3 gonger per veke i tillegg til kamp. Årsaka til dette er å gje dei beste spelarane eit betre tilbod og auka treningsmengde.

Akademiet skal ha ein breiddeprofil. Alle som ønskjer dette tilbodet, skal få nytte seg av det.

Haldningskompetansen er ein viktig del av Førde IL Fotball sin strategi for å utvikle fleire gode utøvarar, og påverke dei til å bli gode samfunnsborgarar. Trenarane har ansvar for å legge til rette for gode haldningar, og respekt for med- og motspelarar, trenarar, dommarar og andre involverte i fotballen. I eit slikt perspektiv skal trenar kunne krevje at utøvarane seier i frå om dei ikkje kan møte til trening eller kamp. Trenar vel sjølv sanksjonering om ein ikkje seier i frå. Sportsleg leiar involverast ved konflikt.

I praksis vil ofte trenarar som har følgt utøvarar i barnegruppa også vere trenarar på desse alderstrinna. Sportsleg leiar har likevel rett til å gå inn og bestemme kven som skal vere trenarar på einskildlag. Så langt det let seg gjere skal ikkje satsingslaga vere trent av foreldre.

Førde IL Fotball skal stimulere til samarbeid mellom idrettane i Førde, og bidra til allsidige utøvarar. Etter avtale med trenar, kan utøvarar difor fristillast frå einskildøkter om det kolliderer med anna aktivitet utøvaren driv.

Deltaking i turneringar Laga melder på sjølve og har ansvar for gjennomføring. Trenar/lagleiar skal informere leiar for ungdomsgruppa om kva turnering laget skal delta på.

På breiddeturneringar skal alle i eit årskull få tilbod om å vere med, og alle skal få speletid.

10. Vaksenfotball, satsing

Hovudmålsettinga for seniorfotballen er å utvikle eit toppidretts-/utviklingsmiljø.

Målet for herrelaget er å vere blant dei tre beste laga i si avdeling i 2. divisjon. For damelaget er målet å etablere seg i 2. divisjon, samt vere eit av dei to beste damelaga i fylket.

For å nå dette målet skal vi:

  • Ha gode utviklingsmiljø for spelarar i aldersbestemte lag
  • Ha referansespelarar og -trenarar
  • Ha utfordrande treningsmiljø

A-stallane skal ha overvekt av spelarar frå eigen klubb/fylke, og samstundes vere attraktiv for utøvarar utanfrå fylket.

Det er eit mål å auke tal spelarar frå eigen klubb utan å senke dei sportslege måla, ved å målbevisst satse på utvikling av prestasjonsnivå i aldersbestemt, og gjennom tett trenarsamhandling og hospitering.

11. Vaksenfotball: rekrutteringslag

Førde IL Fotball skal ha gode og seriøse rammer rundt eit tredjelag - senior, kor god dynamikk mellom andre og tredjelag skal prioriteres. Dette vil gje oss gode føresetnader for å ta vare på framtidige utøvarar.

12. Akademi

Førde-akademiet er eit frittståande tiltak som skal gå ved sidan av dei andre strukturane i Førde IL Fotball. Det er tilsette i klubben som har det administrative og faglege ansvaret for gjennomføring av akademiet.

Førde-akademiet skal gjennomførast med godt skulerte instruktørar, på tider som ikkje konkurrerer med laga sin aktivitet og andre aktivitetar, og med eit fokus på å utvikle tekniske ferdigheiter, kunnskap og haldningar.

Akademitilbodet skal kvalitetssikre at dei som har lyst til å satse når dei blir eldre, har eit godt grunnlag teknisk, kunnskapsmessig og haldningsmessig til å kunne bli gode. For gute- og jente- spelarane i klubben gjev akademiet ei ekstra treningsmengde, samt kunnskapsmessige og haldningsmessige eigenskapar, som er nødvendige for å bli gode.

Primær tidsperiode for Førde-akademiet er november-desember og januar-mars. Dei eldste, 8.-10. klasse, trenar 3-4 økter per veke. Dei yngste, 5.-7. klasse, trenar to økter per veke. Det kan også gis tilbod om akademiøkter i perioden april-juni. Men då to økter per veke for begge aldersgruppene.

13. Toppgrupper, ungdomsgruppa

Arbeidet for toppgruppene i ungdomsgruppa har følgjande mål:

  • Gje eit betre tilbod til ambisiøse og treningsvillige spelarar.
  • Ta vare på Førde il Fotball sine lovande spelarar samt følgje opp sone- og kretsspelarar.
  • Utvikle tekniske og taktiske ferdigheiter.
  • Utvikle ansvarskjensle ved at det blir gjeve auka ansvar og moglegheit for eigen utvikling.

Toppgrupper kan opprettast frå smågut/småjente-alder og oppover. Sportsleg leiar vel utøvarar til gruppa i samarbeid med lagstrenarane. Toppgruppetreningar skal leggjast på andre tider enn ordinære lagstreningar så langt det let seg gjere.

Talet toppgrupper er tre:

  1. Vidaregåande: Tre årsklasser to økter per veke.
  2. 15 og 16 år: To økter per veke.
  3. 13 og 14 år: To økter per veke.

Toppgruppene er differensiert etter ferdigheiter. Det er maksimalt 12 utøvarar i kvar gruppe. Førde IL Fotball vel trenarar til toppgruppene. Målet er så langt som mogeg å gjennomføre treningane utandørs i Hafstadparken. Toppgruppene følgjer stort sett skuleåret.

14. Toppgruppe, vidaregåande

Treningsmengde og kvalitet på trening er svært viktig for å bli god. Førde IL fotball er organisert med krav om minst 4-5 obligatoriske treningsøkter, og minimum 2 eigentreningsøkter per veke, for satsingsutøvarar frå gutealder i klubben.

Førde IL Fotball, i samarbeid med vidaregåande skule, legg til rette for at satsingsutøvarar skal ha to treningsøkter tilgjengeleg på dagtid kvar veke.

Førde IL Fotball gir tilbod til eit avgrensa tal utøvarar om oppfølging på desse øktene. Kriteria er at dei ønskjer å satse (dvs. forpliktar seg til minimum 4 til 5 + 2 økter per veke) og allereie har godt utvikla ferdigheiter. Denne treninga vil fokusere på vidareutvikling av kapasiteten til utøvarane for å stette arbeidskravet.

Det er svært viktig at dette tilbodet er tilgjengeleg for satsingsutøvarar også i framtida. Førde IL Fotball må jobbe aktivt for eit godt samarbeid med vidaregåande skular og at desse utdanningsinstitusjonane forsterkar sine posisjonar i lokalmiljøet og i fylket.

15. Hospitering

Målet med hospitering er å gje gode og motiverte spelarar høve til å trene med utøvarar som utfordrar den aktuelle spelaren til å utvikle seg meir enn han/ho ville gjort om ein berre trenar med laget ein høyrer heime i. Gjennom gode hospiteringsordningar skal spelarane få oppleving av meistring på riktig nivå, og spelarar med ambisjonar skal få testa ut sine ferdigheiter.

Følgjande reglar gjeld for hospitering: Sone- og krinslagsspelarar, samt andre spelarar med ambisjonar og interesse, skal få tilbod om hospitering på lag med eit meir krevjande sportsleg nivå enn det utøvaren er vand med. Det er utøvarane sine ferdigheiter, og trenarar si vurdering av potensiale over tid, som skal legge premissane for kven som skal hospitere.

Spelarar kan og delta på hospiterande lag sine kampar etter avtale mellom trenarane.

Hospitering skal alltid avtalast mellom trenarane før spelar blir informert. Ein trenar skal difor ikkje gå direkte til aktuell spelar eller foreldre for å gjere avtale.

Når ein spelar har starta hospitering med eit lag på høgare nivå, så er det dette laget sine trenarar som styrer spelaren sin aktivitet og har ansvar for at totalbelastninga ikkje blir for stor.

Ved usemje er det sportsleg leiar som har det avgjerande ordet.

Hospitering skjer normalt frå smågut/småjentealder, og opp på lag med eldre utøvarar frå desse. I tilfelle der ein ønskjer å hospitere opp til småjente/smågutealder, skal dette avklarast med leiar i ungdomsgruppa i forkant.

Hospitering er eit viktig verkemiddel for oss i Førde IL Fotball for å skape gode utøvarar. Og vi må saman legge til rette for utvikling gjennom hospitering. Hospitering treng ikkje nødvendigvis berre skje inn mot eit satsingslag. Like gjerne kan t.d. smågutespelarar hospitere med andre gutelag enn gut 1, om  det er til utøvaren sitt beste.

16. Differensiering

Differensiering er på mange måtar tilrettelagt trening, og har som mål å vere eit verkemiddel innad i laget for å heve nivået på spelarane. Mål med differensiering av det sportslege tilbodet, er å utfordre den einskilde utøvar sin kapasitet og moglege føresetnadar på ein slik måte at ønska utvikling skjer. Det betyr igjen at det er vesentleg med både forståing og aksept for at meistringsfaktoren i forhold til mengde, kvalitet og krav kan og må differensierast i størst mogeleg grad ut i frå individuelle omsyn. Omgrep som «like barn leikar best» er prinsipp i dette, og differensiering kan i periodar nyttast langt ned i aldersgruppene. Prinsippet er å gje alle spelarane tilpassa trening på sitt nivå, for dermed å skape betre utvikling.

Sjå NFF Differensiering.

Differensiering skal nyttast til å ivareta ulike føresetnadar, lyst og behov i forhold til:

  • Meistring og utfordringar i treningskvardagen.
  • Ønske og lyst når det gjeld mengde aktivitet og trening.
  • Enkeltspelarar og mengde og nivå på treninga.

Sjå NFF Klubb og trenar hand i hand.

17. Uttak

Uttak av spelarar til forskjellige lag og tiltak skaper ofte diskusjonar, og dette er ei klargjering på kven som gjer kva.

Kretsen Sogn og Fjordane Fotballkrets har for tida ulike uttak. Kretslaga vert tekne ut av kretsen sin spelarutviklar. Når det gjeld spelarar til bylag- og sone-tiltak, så er det kretsen sine representantar i dei tre forskjellige sonene i fylket som står for uttaket.

Klubben I Førde IL Fotball er det sportsleg leiar  som står for uttak. I dei fleste tilfelle vil lagstrenarar, satsingslagstrenarar og eventuelle toppgruppe-trenarar bli tekne  med på råd ved slike uttak.

Spørsmål ved uttak av spelarar/grupper kan rettast til sportsleg leiar i klubben. Det er også viktig å presisere at alle uttak skal vere dynamiske, og at spelarar vil kunne gå inn og ut av gruppene over tid.

 

18. Spelarpolitikk

Gode spelarar er interessante for fleire lag i klubben. Det kan medføre at over lengre periodar i sesongen, så er spelar med på fleire kampar per veke enn treningar. Det er ikkje gunstig.

Ein tommelfingerregel er forholdet 3 treningar : 1 kamp, eller i snitt 1 ½ kamp per veke.

Utfordringa er at spelar blir brukt på den kamparenaen som passer ferdigheitene, og at det blir gitt nok tid til trening og restitusjon mellom kampane.

Talentfulle spelarar kan vere involvert i kampar både på sone-, krets - og nasjonalt nivå. Dette er utfordrande kamparenaer, men det er viktig at dei blir sett inn i ein syklus som er gunstig for spelaren. Det kan medføre at i ein gitt situasjon, så  skal spelar stå over ein kamp på ein arena, for å få testa ut sine ferdigheiter på ein av dei andre arenaene.

Generelle retningsliner:

  • Ein spelar bør ikkje ha meir enn to ”kamparenaer”!
  • Ein spelar deltek på det beste laget vedkommande er kvalifisert for.
  • Ein spelar kan flyttast opp på eit høgare nivå i løpet av sesongen. Denne flyttinga skal også vere dynamisk, dvs at ein kan ha treningsarena på eitt nivå og spele kampar på nivå over eller under.

Prinsippet om oppflytting vert styrt av trenarapparatet der høgast ”rangert” lag har ansvaret. Det vil seie at til dømes trenar for 2. lag avgjer om gutespelar er kvalifisert for 2. laget, osb. Ein forventar sjølvsagt likevel eit nært samarbeid mellom trenarane i slike situasjonar. Trenaren på det høgaste nivået styrer òg bruken av spelar i samband med kamp. Ein må ta omsyn både til spelarens ønske og til spelarens kapasitet (tal kampar) i vurderinga.

Om trenarane ikkje vert einige om plassering av ein spelar, ligg avgjerda hjå sportsleg leiar.

I aldersbestemte klassar (junior – småjenter/ smågutar) er hovudmålet å utvikle spelarar. Spelarutvikling og utvikling av laget vert viktigare enn resultat. Ein vil sjølvsagt setje seg høge resultatmål, men det har likevel prioritet bak utviklingsmål.

Ein ønskjer og forventar at trenarar og lagleiarar på alle nivå er motiverte for å utvikle eigen kompetanse som har relevans til det vervet ein står i.

Klubben har og som mål å delta i fleire nasjonale turneringar. Dette med tanke på å gje både spelarar og trenarar referanser. Aktuelle referanse-turneringar er til dømes Tertnes Cup eller Hamar Elite Cup. Prinsippet er å søke motstand utafor vårt eige fylke, og på den måten få kunnskap om  kva som krevst på dei forskjellige nivå. Til referanseturneringar opnar vi for at spelarar utanfor Førde IL Fotball kan hospitere. Ansvar og organisering ligg til sportsleg leiar.

19. Keepertrening

Førde IL Fotball har som mål å gje tilbod om eigne keepertreningar for talent og målvakter frå klassa lillegut/lillejente  (11 år)  og oppover med ei økt per veke. For klassa lillegut/lillejente kan keepertrening vere innhald i den vanlege treninga. Klubben vil med dette legge til rette for at det blir etablert ei forståing for denne viktige funksjonen på eit lag, og at treningane vil bli gjennomført av skulerte keeper-trenarar. Omgrep som kommunikasjon, grunnstilling/startstilling, grep, rørsle, balanse, pasning, mottak og igangsetting vil vere gjennomgangstema.

Gjennom store delar av året har vi som mål å ha gåande akademi-økter for keeper. Desse vil vi tilby frå same alder som ordinær akademi-trening, dvs. frå 5. klasse. Trenarane på dei ulike laga bør vere observante på at keeper også bør delta i den vanlege treninga for å opparbeide fotballforståing, styrke og teknikk.

Meir fagstoff om keeperutvikling (Powerpoint).

20. Merkeprøver

Førde Fotball ønskjer å bidra til at flest mogleg tek minimerket og teknikkmerket i klubben.

Øvingane er lagt opp slik at dei kan leggast inn som ein naturleg del av treninga, og trenarane i klubben blir oppfordra til at spelarane kan ta minimerket eller teknikkmerket.

Alle gutar og jenter kan ta minimerket I og II til og med det året dei fyller 12 år. Minimerket består av to nivå, minimerke I (blått) og minimerke II (raudt). Dei som ønskjer å gå vidare til teknikkmerket bør først ha teke minimerke I og 2.

Alle gutar og jenter kan ta teknikkmerket til og med det året dei fyller 14 år. Teknikkmerket finst i fem ulike variantar; blått, raudt, bronse, sølv og gull.

21. Utdanning

Kurs for barnefotballen

Hovudmålet for Førde IL Fotball er å utdanne nok aktivitetsleiarar, trenarar og dommarar for å tilfredsstille behovet for aktivitet, trivsel, opplæring og utvikling.

Per mars 2015 er klubben langt frå å nå ei slik målsetting. Det er difor viktig å setje fokus på utdanning i klubben. Vi gir alle trenarane tilbod om å utdanne seg, både gjennom kurs i regi av fotballkretsen og lokale tiltak.

Vi freistar å arrangere aktivitetsleiarkurs lokalt ein gong per år (del I av trenar-I utdanninga). Vidare ønskjer vi å tilby tilsvarande kurs i barnefotball (del II av trenar-I utdanninga). Vi ønskjer også lokalt å tilby del III og IV for å fullføre trenar I- utdanninga.

Lagleiarar skal få tilbod om leiarutdanning.

Vi gjennomfører ”lynkurs” i dei ulike grendene, med tanke på grendelagsfotballen, minst ein gong per år. Dette er tiltak som skal inspirere og utvikle foreldre og andre som er trenarar i grendaserien og barnegruppa til å utvikle seg.

Trenarane for alle lag skal og ha tilbod om å være med på trenarforum i klubben, som blir arrangert ein gong per månad.

Ramme- og utviklingsplaner for alle alderstrinn finn ein på treningsøkta.no. Alle trenarar og lagleiarar får tilgang ved å kontakte dagleg leiar.

Trenarvett Trenarvett v/NFF

Som trenarar har vi ei høg stjerne blant spelarane. Det vi seier, og ikkje minst gjer, påverkar deira veremåte.. Men også foreldra vert leia - indirekte - av oss. Så tenk gjennom og etterlev desse fire punkta

  1. Har vi smilet på lur, aukar  sjansane monaleg for at resten er i godt humør.
  2. Gir vi skryt, så er det svært sannsynleg at resten av gjengen skryt av kvarandre
  3. Skryter vi av motstandarlaget sine prestasjonar, påverkar det både eige lag og motstandarlaget, og begge lag sine tilskodarar..
  4. Gjer vi dommaren god aukar sjansane for at fleire vil gjere det same.

Mål om trenarkompetanse Klubben har følgjande mål om trenarkompetanse:

Barnefotball (6-12):

  • Ein trenar pr. lag med minimum barnefotballkvelden
  • Ein trenar pr. årskull med minst eitt delkurs frå C-lisens

Ungdomsfotball (13-19):

  • Ein trenar pr. lag med ungdomsfotballkvelden
  • Ein trenar pr. årskull med C-lisensutdanning

Desse måla kan endrast i høve kvalitetsklubbkrava.

22. Dommarar

Dommarutdanning NFF Hovudmålet for Førde il Fotball er å utdanne nok dommarar for å tilfredstille behovet for dommarar i eigen klubb. I tillegg levere gode klubbdommarar vidare til fotballkrinsen sitt system og ansvar.

Målsettinga må vere å levere minimum ein rekrutteringsdommar til kretsdommarvurdering kvart år, og utdanne minimum tre rekrutteringsdommarar kvart år!

Frå hausten 2010 har alle første års gute- og jentespelarar gjennomført klubb-/rekrutterings- dommarkurs. Dette er ei god utdanning av eiga fotballforståing til å kunne bli fast dommar for eit lag i barnegruppa.

Klubben ønskjer også å tilby gruppa av dommarar eigne fora kor fokus vil vere på dommargjerninga innan fotballen.

Rekrutteringsdomarkurs NFF

23. Anlegg

Mål: Tilby treningsfasilitetar som støttar arbeidet for å nå klubbens sportslege og sosiale målsetting.

Førde IL Fotball med sine mange utøvarar eit stort behov for areal. Vi må difor jobbe aktivt gjennom klubb, Førde Kommune sin administrasjon samt lokale og eksterne politikarar for å legge tilhøva til rette på ein god måte. Vi har to 11`ar baner i Hafstad Idrettspark,  to 11`ar baner på Førde Stadion, fire 7`ar baner rundt i grendene samt grasareal som svarar til tre 7`ar baner i Hafstadparken. Førde Stadion vil bli renovert i løpet av dei neste 2-3 åra, og vil gi ein betre kvalitet og dermed ein betre utnyttingsgrad.

Likevel er behovet for areal stort og difor er det svært viktig at Førde IL / Førde IL Fotball planlegg auke av banekapasiteten ut over området i Hafstad Idrettspark, samt medverkar til at det blir realisert ein storhall i Førde.

24. Endringar og revisjon

Førde IL Fotball sin sportsplan skal vedtakast av årsmøtet. Styret skal gjere naudsynte endringar samt revidere planen årleg, og legge fram evt. forslag til endringar for Årsmøtet. Sportsplanen skal reviderast minst kvart tredje år.