Kaupanger IL inviterer til jentefotballens helg 7 og 8 april.

Postet av Geir Vindheim den 19. Mar 2018

Kaupanger IL inviterer til “Jentefotballens helg”. Dette er like rundt seriestarten, og det vert eit fint høve til å få spele nokre treningskampar før kampen om poeng startar.

  • Laurdag 7. april: Jenter 15-17 år.                                                                      
  • Søndag 8. april: Lillejenter 11-12 år og småjenter 13-14 år

(Dersom det er stor påmelding i klassen 11-12 år, kan denne bli flytta til laurdag).

Alle lag får spele minimum 4 kampar ute på kunstgras, der kvar kamp varer i 1*28  minutt. Spelarar kan fritt flyttast frå ulike lag klubben har med.

Målsetjinga med helga er at jentefotballen skal vere i fokus, der jentene skal ha det kjekt med fotball, og ein skal få kamptrening utan fokus på resultat, sluttspel og tabellar. Det er inga premiering.

Klassar:

  • Lillejente (2007): 5’ar eller 7’ar/Lillejente (2006): 7’ar eller 9’ar
  • Småjente (2005-2004): 7’ar, 9’ar eller 11’ar
  • Jenter(2001-2003): 7’ar, 9’ar eller 11’ar

Påmeldingsavgift: kr 900-, per lag. Påmelding på mail til aase.neraas@hvl.no innan 18. mars, og ved å betale til kontonummer: 3705 08 38898, merkt med Jentefotballens helg 2018, og kva klubb og lag de betalar for.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Åse Neraas på mail til: aase.neraas@hvl.no eller tlf. 917 64 903  



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.